Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Medieplattformer og kanalar

I profesjonell kommunikasjon må du vite kvar du skal publisere innhaldet ditt. Det har noko å seie for korleis du skal planlegge kommunikasjonen og forme ut eit medieuttrykk.

Kva er ei medieplattform?

Medieplattformer er teknologiske løysingar for distribusjon av medieinnhald, til dømes

  • sosiale medieplattformer

  • internett og appar

  • papiraviser

  • strøymetenester eller kabel-tv

Kva er ein kanal?

Ein kanal overfører medieinnhald frå ein sendar til ein mottakar. Omgrepet står sentralt i prosessmodellen som forklarer korleis kommunikasjon går føre seg.

På internett og i eigne appar

Alle mediehus har eigne nettaviser og appar, og nesten alle norske institusjonar og bedrifter har eigen nettstad på internett. Internett er ein viktig kanal for kommunikasjon ut mot eit publikum.

Her nokre døme:

  • VG på app, papiravis eller på nettsider

  • Helsedirektoratet i eit nyheitbrev eller eigne nettsider

  • NRK Nyheiter på strøymeteneste eller på nettet

  • P4 Lyden av Noreg på DAB (digital audio broadcasting) eller som podkast

  • meldingstenester som Discord og Slack

  • søkemotorar, til dømes Google og Safari, som er kanalar for sponsa innhald

Nyheitsbrev og meldingar

Handlar du noko i ein butikk blir du ofte spurd om du vil vere med i "kundeklubben". Kanskje får du nokre prosent avslag. Til gjengjeld får butikkeigaren høve til å sende deg direktereklame på e-post eller sms. Offentlege, ideelle og kommersielle aktørar samlar òg inn e-postadresser for å kunne sende nyheitsbrev direkte til medlemmer eller kundar.

Kanal og målgrupper

Ein kanal har ofte ein profil som rettar seg mot ei bestemd målgruppe. Derfor skal du ha klart for deg kva kanal du produserer for, og finne ut kva målgruppe kanalprofilen har.

Kanalar kan bli definerte ut frå

  • alder (døme: NRK Super, NRK P1+)

  • medietypar (døme: NRK P1 vs. NRK1, VG vs. VGTV)

  • interesser (døme: Minecraft, TV 2 Sportskanalen, Motor)

  • geografisk tilhøyrsel (døme: Sogn Avis, Radio Sør, TV1)
  • språk (døme: NRK Sámi radio)

Tenk over

Kva har kanalprofilen å seie for korleis du skal planlegge eit medieuttrykk?

Tilpassing av innhald

Medieplattformer set i varierande grad rammer for utforming av medieuttrykk. Jobbar du med kommunikasjonsarbeid i politiet, til dømes, formar du ut informasjon på éin måte til TikTok og på ein annan måte om det skal ut på eigne nettsider.

Eit anna døme er når journalistar lagar innhald for sosiale medieplattformer. Då må nyheita tilpassast plattforma. Både sjølve innhaldsformatet og algoritmelogikk legg føringar for utforming av innhald.

På eigne medieplattformer, derimot, har VG og NRK større eigenstyring på korleis nyheiter skal formast ut, anten det blir gjort med tekst, lyd eller levande bilete.

Ta ein titt på nyheitskanalane

Sjå på nettsidene til NRK og VG.

  • Korleis er nyheitsframsida og nyheitsartiklar forma ut?

  • Kva er likskapar, og kva er forskjellar mellom dei to nyheitskanalane?

Relatert innhald

Skrive av Albertine Aaberge og Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 18.07.2026