Bodskap, form og innhald
Tydelege profesjonelle bodskap
I profesjonell mediekommunikasjon har vi mål for bodskap vi lagar. Kunnskap om samspelet mellom form og innhald, til dømes medviten bruk av komposisjonsprinsipp, forteljeteknikkar og verkemiddel, er avgjerande for å kontrollere bodskap.
Ein bodskap i ein reklame, kan formulerast direkte og skriftleg, til dømes som i Rema 1000 sin kampanje "Alltid lave priser". Eller det kan pakkast inn i ei historie, slik det er gjort i denne reklamefilmen for Norvegia, produsert av Try reklamebyrå:
Bodskapen
Ein bodskap er det du vil formidle til mottakaren, det er meiningsinnhaldet i kommunikasjonen. I kommunikasjonssituasjonen ønsker vi at mottakaren skal forstå bodskapen rett. Når du skal lage eit medieuttrykk, er det derfor ein fordel å forstå korleis innhald og form saman utgjer bodskapen.
Innhald
Dersom bodskapen er "nei til krig", kan du velje mellom ulike krigar, ulike situasjonar og ulike menneskelagnader for å få fram bodskapen.
Kva vel du å fortelje om for å få fram bodskapen? Kva innhaldselement prioriterer du? Kva hendingar, personar, karakterar og tema bruker du?
Form
Forma er innpakninga av ein bodskap. I profesjonell mediekommunikasjon blir innhald tilpassa ei målgruppe, ein kanal og eit formål. Forma på innhald kan bestå av skrift, bilete eller lyd, og kombinasjonar av desse. Kompetanse om sjanger, komposisjon, dramaturgi, forteljeteknikk og verkemiddel er viktig for at mottakaren skal forstå bodskapen rett.
Døme
Bilete
Skrift
Trygg Trafikk har brukt slagordet "Ikkje tøft å vere død".
Bodskap: Køyr forsiktig og etter reglane, det er ikkje verd å miste livet i trafikken.
Innhald: Ikkje, tøft og død er sentrale, meiningsberande ord.
Form: Ytringa er skriftleg, kort og i negasjonsform.
Lyd
Lytt til denne jinglen:
Nyheitsjingle
Bodskap: No kjem nyheitene.
Innhald: Klippet har tre sekund med musikk.
Form: Klippet består av rytmisk og systematisk stigande elektroniske basstonar med ekko i avslutninga.
Studer biletet nedanfor
Beskriv bodskapen.
Beskriv innhaldet.
Beskriv korleis biletet er utforma.
Beskriv korleis innhald og form med på å understreke bodskapen.

Sprik mellom form og innhald
Dobbeltkommunikasjon betyr at form og innhald peiker i to retningar. Det kan føre til forvirring eller misforståingar. Når du jobbar profesjonelt med medieproduksjon, er det viktig å ha kontroll på bodskapen du sender. Du bør unngå tvitydig formidling, med mindre det er eit medvite verkemiddel.
I kvardagen opplever vi stadig situasjonar med uklar kommunikasjon. Då kan vi berre spørje "Kva meinte du eigentleg?" eller be den andre om å forklare seg. Den mogelegheita finst ikkje på same måte i media, derfor er det ekstra viktig å vere tydeleg i mediekommunikasjon.
Korleis lykkast desse foreldra?
Videoklippet under (lengde 1:36) frå NRK-programmet Underholdningsavdelingen illustrerer korleis bodskapen blir endra når form og innhald spriker. Foreldra prøver å spreie ein optimistisk bodskap om kor godt livet er utan mobil og sosiale medium, men dei lykkast kanskje ikkje heilt?
Sentrale fagomgrep
- bodskap
- informasjonen som blir utveksla mellom sender og mottakar, det har ei form og eit innhald
- innhald
- val av motiv, hendingar, personar, karakterar, tematikk og så vidare, det du vel å fortelje om
- form
- utsjånaden til eller innpakninga av ein bodskap eller måten du vel å fortelje på, bør samsvare med innhaldet i bodskapen
