Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Kommunikasjon

Fagstoff

Om format

Profesjonelle medieuttrykk må vere lagra i eit format som er tilpassa mediet, plattforma eller kanalen vi skal publisere det i.

Dette lærer du om

  • Krav til format kan vere tekniske eller innhaldsmessige.

  • Vi skil mellom filformat, storleiksformat, lengdeformat og innhaldsformat.

  • Responsivt design er når formatet følger storleiken på ein skjerm.

  • Ved produksjon av eit medieuttrykk kan det vere nødvendig å ta høgde for publisering i ulike format.

Format

Eit format er dei tekniske og/eller dei innhaldsmessige krava eit medieuttrykk må ha for å kunne bli publisert og distribuert i eit medium, ein bestemd kanal eller ei plattform. Til dømes må eit reklameinnslag som skal sendast på tv eller i radio, ha ei bestemd lengde og må lagrast i eit bestemt filformat.

Det vil til dømes vere ulike krav til høgde, breidde og lagringsformat for bilete som skal publiserast i ei nettavis, ei trykksak eller i sosiale medium. Når du har produsert biletet ditt ferdig og skal lagre det for vidare deling, må du ta omsyn til kvar det skal publiserast når du set opp dei tekniske eigenskapane.

Format på nett

På nett er utfordringa at innhaldet blir lese på både vanleg dataskjerm, nettbrett og mobil. Nettaviser og andre nettsider blir ofte laga med responsivt design, eit design som tilpassar seg den skjermen du ser på.

Tenk over

Du har valt å lese denne fagartikkelen på ndla.no anten på ein dataskjerm, eit nettbrett eller på mobilen din.

  • Korleis forandrar designet seg når du opnar sida i eit anna skjermformat?

  • Kva design synest du fungerer best for læring?

Sosiale medium på mobil

Dei fleste følger sosiale medium på mobil. Innhaldet bør derfor fungere best i dette skjermformatet. Fordi det fyller større plass på skjermen, fangar medieuttrykk i ståande format (vertikalt format) i større grad blikket vårt enn innhald i liggande format (horisontalt format).

Dei mest vanlege storleiksformata i sosiale medium er 1 : 1, 4 : 5 og 9 : 16. I nokre sosiale medium gir betalingsordningar deg høve til å publisere i andre format enn det du kan som vanleg brukar.

Papiravisa har tabloidformatet

Dei fleste papiraviser blir i dag trykte i tabloidformat. I Noreg svarer tabloidformatet til ei trykkeflate på 28 × 40 cm. Helgemagasin blir ofte trykte i eit eige format. Bruk av standardformat må stemme overeins med dei teknologiske mogelegheitene som finst for trykk og utkøyring.

Format på tv

Innhaldsformat

I samband med som til dømes Maskorama eller Bakemesterskapet følger det med krav at programmet blir produsert på ein bestemd måte, etter ein førehandsdefinert struktur og presentasjonsmåte. Då snakkar vi om innhaldsformat.

Lengde på program og reklameinnslag

På tv har lengda på ulike program vore standardisert. Dokumentarar og tv-seriar varer ofte i underkant av ein time. Program produserte av kommersielle tv-kanalar er ofte delte inn i seksjonar slik at pausen mellom kvar seksjon kan brukast til reklame.

Reklameinnslag på TV 2 kan vere på 10, 15, 20, 25, 30, 35, 40, 45, 50, 55 eller 60 sekund. Årsaka til dei faste lengdeformata i tradisjonelt fjernsyn er at alle program i ein tv-kanal må følge eit fastlagt tidsskjema.

Ein reklamefilm blir ofte laga i fleire versjonar, til dømes både i 10-sekunds- og 30-sekundsformat. Då kan han brukast i reklamepausar med ulik varigheit på tv. I tillegg kan produsenten lage ein versjon til bruk i sosiale medium og ein annan versjon til bruk i ei nettavis.

Tenk over

Kva har det å seie for korleis du planlegg produksjonen av ein reklamefilm, dersom han skal ende opp i to ulike format, eit på 10 sekund og eit på 40 sekund?

Reklame i ulike format

Reklameplakatar blir gjerne laga i fleire variantar til bruk i ulike samanhengar, til dømes ein versjon som kan hengast på ei oppslagstavle, og ein versjon som passar i eit magasin – eller på ein lastebil.

Idédugnad: Lag reklamar i ulike sjangrar, medium og format

Jobb saman i små grupper. Bruk eit tankekart til å utvikle idéar til reklame for kaffimerket Evergood.

Medieuttrykka skal

  • utformast i seks ulike format

  • publiserast i fire ulike medium

Tips til framgangsmåte:

Fagartikkel: Idédugnad ved hjelp av tankekart

Sentrale fagomgrep

format
dei tekniske spesifikasjonane eit medieuttrykk må ha for å kunne bli publisert i eit bestemt medium, ein bestemd kanal eller ei bestemd plattform
filformat eller filtype
ei teknisk løysing for å lagre innhald laga med eit dataprogram som har eigenskapar som er tilpassa det fila inneheld, og som kan kjennast igjen på endinga som kjem etter punktumet på fila (.doc, .png, .raw)
innhaldsformat
medieinnhald med førehandsdefinert struktur og presentasjonsmåte som kan følge krav til korleis programinnhald for tv, radio eller podkast skal produserast, til dømes tv-konseptet Maskorama (NRK) eller podkasten Forklart (Aftenposten)
responsivt design
eit design som automatisk tilpassar seg storleiken på den skjermen du ser på

Kjelde

Digital opptur. (u.å.). Bruk riktig formater på sosiale medier. Hentet 17. mars 2025 fra https://digitalopptur.no/blogg/sosiale-medier/bruk-riktig-format-pa-sosiale-medier

Skrive av Albertine Aaberge og Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 02.07.2025