Hurtigtastar i medieprogramvare - Produksjon og historieforteljing (IM-IKM vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Verktøy og mal

Hurtigtastar i medieprogramvare

Hurtigtastar forenklar og gjer arbeid i medieprogram langt meir smidig, behageleg og effektivt. Her finn du ei oversikt over sentrale hurtigtastar i medieprogramvare.

Her finn du ei oversikt over sentrale hurtigtastar som er mykje brukte programvare i mediefaga. Kva du bruker programmet mest til, vil påverke kva hurtigtastar som er mest nyttige for deg. Om lag 80 prosent av datamaskinbrukarar på verdsbasis bruker pc, medan om lag 15 prosent bruker Mac, i følgje Statcounter (september 2019). Derfor er oversikta laga med hurtigtastar for pc-brukarar.

I denne oversikta finn du hurtigtastar i fotoredigeringsprogramma Photoshop og Gimp, designprogramma Illustrator og InDesign, videoredigeringsprogrammet Premiere, animasjonsprogrammet After Effects og lydprogramma Audacity og Audition.

Foto (Photoshop og Gimp)

Adobe Photoshop er bransjeprogrammet for bileteredigering. Gimp er eit gratis og ope bileteredigeringsprogram som kan hentast ned frå Gimps nettside. Det har delvis same funksjonalitet som Photoshop.

Grafisk design (InDesign og Illustrator)

Det vanlegaste programmet for å jobbe grafisk med å kombinere tekst og bilete, er InDesign. Viss du skal lage logoar eller uttrykk som du ønsker å ha i vektor slik at det kan bli stort, eller moglegheita til å lagre i svg-format, bruker du Illustrator.

Lydredigering (Audition og Audacity)

Audition er eit lydredigeringsprogram laga av Adobe. Eit gratis, ope alternativ er lydredigeringsprogrammet Audacity, som kan lastast ned frå nettet.

Videoredigering og animasjon

Premiere er ei mykje brukt videoprogramvare, og ho er ein del av Adobe-pakka. After Effects kan brukast til å lage animasjonar eller kombinere video og grafikk.

Skrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist fagleg oppdatert 14.05.2020