Format for opptak og publisering av video
Opptak
Opptaksformat
Opptaksformat for film handlar om kva oppløysing videobileta skal ha.
I dag gjør de fleste opptak i 4K (3840 X 2160), enten de bruker videokamera, speilreflekskamera eller mobiltelefon. 4K opptak gir ikke bare skarpe bilder, men også mulighet for å zoome inn, beskjære bildet og likevel publisere filmen i full HD.
Oppløysing blir målt i kor mange pikslar det finst i høgda og breidda i biletet. Ein piksel er ein farga firkant i biletet.
1920 x 1080 = full HD, kalles 1080p: Tidligere standard, men brukes fremdeles til strømming og enkle produksjoner eller når du trenger høy bildefrekvens, som i slow-motion.
3840 x 2160 = 4K UHD (2160p) litt større enn full HD: Dagens standard for mobiltelefoner, kamera og TV-skjermer.
4096 x 2160 = DCI 4K: Kinostandard som er litt bredere enn 4K UHD.
7680 x 43200 = 8K - Svært høy oppløsning som brukes til avanserte produksjoner, men krever mye lagringsplass og datakraft.

Biletformat (aspect ratio)
Biletformat er tilhøvet mellom lengda og breidda på eit bilete, uavhengig av oppløysing.
- 4:3 – eldre TV
- 16:9 – PC-skjermen, TV-en din og YouTube
- 1.85:1 – biletformat for spelefilm (nesten 16:9)
- 2.35:1 – scope (cinemascope)

Biletfrekvens
Biletfrekvens blir målt i FPS, som er ei forkorting for «frames per second» (omsett: «bilete per sekund»). Historisk er 24 fps den mest vanlege biletfrekvensen. Dette er standard for analog film. For digital film er det 25 fps som er standard i Europa.
Publisering og visning
Filtypar og kodec
MP4, MOV (Quicktime) og AVI er døme på filtypar du kan velje for lagring av video. Tenk deg ein filtype som ein behaldar (container) som inneheld format både for video og lyd.
Kodek og andre innstillingar ved lagring, har påverknad filstørrelse og kvalitet: sterkare komprimering gir vanlegvis mindre filer, men kan redusere den tekniske kvaliteten på filmen. H.264 er ein videokodek som ofte brukast saman med MP4.
Publiser video til nett
For vanleg publisering til internett er det eit trygt standardval å bruke filtypen MPF med kodek H.264-video og AAC-lyd. Eksporter med same biletefrekvens som opptaket, og vel passande oppløysing og bitrate.