Gjer eit filmopptak

Endeleg, no skal de ut og filme!
Gå saman i grupper på to. Ta med dykk eit videokamera og finn ein eigna opptaksstad, helst utandørs. Finn på ein situasjon sjølve. Det kan for eksempel vere to elevar som pratar med kvarandre, eller nokon som kjøper noko i kantina. De kan til og med lage ein liten kortfilm om de vil.
Poenget med øvinga er å trene på kamerarørsle som eit verkemiddel.
1. Øv på kamerarørsler
I sekvensen de skal lage, skal de bruke desse kamerarørslene:
- panorering
- tilt
- handhalde kamera
- køyring (ver kreativ, bruk ein rullestol, eit skateboard, ein sykkel etc.)
Ei kamerarørsle skal ha eit startbilete og eit sluttbilete. Det er viktig å planleggje kva dette startbiletet og sluttbiletet skal vere. Hugs at desse bileta bør ha betyding for kvarandre.
Eksempel: Panorering
- Vi ser nærbilete av ein gut som stirer veldig forelska ut i lufta (1: startbilete).
- Kamera panorerer (2: kamerarørsla).
- Rørsla ser ut til å ende på ei søt jente, men kamera panorerer forbi denne jenta og ender på eit nydeleg pizzastykke som ho sit og et (3: sluttbilete).
2. Sjå og diskuter
Diskuter opptaka de har gjort, i gruppa.
- Har alle forstått tydinga av omgrepa panorering, tilt, køyring og handhalde kamera?
- Er kamerarørsla gjennomført kontrollert og i jamt tempo?
- Har de etablert eit tydeleg startbilete og sluttbilete?
- Kva meining formidlar det opptaket de har gjort, til dei som ser på?
3. Del erfaringar med klassen
Vis sekvensen de har laga og plukk ut tre av kamerarørslene de ha teke.
For kvart døme: Fortel klassen kva som er start- og sluttbilete, kva de ville med rørsla og kva de diskuterte i etterkant.
Relatert innhald
I denne oppgåva skal elevane øve seg på å organsiere filene i eit videoprosjekt og setje dei saman på tidslinja.