Egenvurdering
Eigenvurdering for emnet video
Her kan du sjekke forståinga di av emnet video. Har du fått med deg alt?

Bilete: NTB scanpix, Shutterstock / Avgrensa bruksrett
Kan du svare ja på alle spørsmåla nedanfor, har du god greie på korleis du kan produsere video og bruke og halde ved like produksjonsutstyr.
- Du kan kjenne igjen og bruke verkemiddel og forteljeteknikk i videoproduksjon.
- Du er kjend med kameraet.
- Du veit korleis du tar vare på kameraet.
- Du har lært fagomgrep om rørslene til kameraet, utsnitt og perspektiv.
- Du kan redigere videofiler i eit eigna redigeringsprogram og er medviten på korleis klippestilen påverkar det ferdige resultatet ditt.
- Du kan forklare kva som blir meint med synopsis, storyboard og filmmanus.
Fagomgrep | |||
---|---|---|---|
Synopsis | Manus | Normalperspektiv | Ultratotal |
Storyboard | Total | Fugleperspektiv | Halvtotal |
Nær | Halvnær | Ultranær | Fokus |
Parallellklipping | Kvitbalanse | Blikkpunkt | Blendar |
Køyring | Froskeperspektiv | Panorering | Tilting |