Landbruksplast

Bruk av plast
Kvart år bruker vi om lag 14 000 tonn plast i landbruket. Til samanlikning bruker vi 900 000 tonn totalt i Noreg (Haanes, 2023). Plasten er viktig for å verne avlingar og få effektiv produksjon og god haldbarheit. Samtidig er plast på avvegar eit stort miljøproblem. Kva kan vi gjere for å redusere problema med plasten?
Rundballeplast
Det er rundballeplasten som utgjer den største delen av plastavfall frå landbruket. Kvar rundballe må pakkast inn i mange lag plast for at fôret skal få god kvalitet.
Felleskjøpet har ei ordning der dei samlar inn brukt rundballeplast. Når du skal levere plast, må du riste han godt og presse han i eigne emballasjepresser, så tek Felleskjøpet med seg plasten som gratis returlast når dei har levert gjødsel eller kraftfôr hos deg. I 2024 samla dei inn 1 100 tonn rundballeplast.
Sjekk korleis returordninga for rundballeplast fungerer der du bur, for dette er ikkje likt i alle landsdelane.
Storsekkar (PP-sekkar)
Storsekkar, eller PP-sekkar, blir brukte til gjødsel og såkorn, og dei er som regel kvite. Sekkane er laga av polypropylen (PP) som er voven saman. Samanvevinga gjer at sekken held godt på forma.
Ein full storsekk veg mellom 600 og 800 kg. Felleskjøpet har òg innsamling av storsekker, og du kan levere dei gratis hos Felleskjøpet til bestemde tider i ulike område. Så her må du følge med på kva reglar for dette som gjeld der du bur!
Alternativt kan du pakke mange storsekker i éin og levere dei hos næraste gjenvinningsanlegg.
Plastemballasje (hardplast)

Kanner og flasker av hardplast blir brukte til ensileringsmiddel, vaskemiddel, plantevernmiddel, smørjeoljar, bensin og desinfeksjonsmiddel.
Felles for desse er at dei inneheld farlege eller giftige stoff. Så viss du ikkje kan tømme og drypptørke dei før du leverer dei, må du levere dei som farleg avfall.
Sjekk òg merkinga på emballasjen for å finne ut om han kan leverast som plast, eller om han må sorterast som farleg avfall.
Fiberdukar og plastfolie

Fiberdukar har fleire bruksområde, og det er vanleg å gjenbruke fiberdukar i jordbær-, potet- og grønsaksdyrking. Men etter 2–4 år må dei vanlegvis skiftast ut, og då må du levere dei til eit gjenvinningsanlegg.
Det er svært vanskeleg å gjenvinne fiberdukar, så når dei er utslitne, går dei som regel til forbrenning.
Plastfolie kan brukast som solfangarar, og du kan plante både jordbær og grønsaker på plastfolie for å avgrense ugras.
Brukt plastfolie kan du levere som plastemballasje på eit gjenvinningsanlegg.
Plast er viktig, men problematisk
Plast er eit viktig og nødvendig verktøy i landbruk og gartnarnæring, men bruken av plast medfører òg store miljøutfordringar. For å sikre ei berekraftig framtid må vi derfor finne effektive metodar for handtering og resirkulering av plast og om mogleg erstatte plast med miljøvennlege alternativ.
Relatert innhald
Nettside hos felleskjopet.no
Nettside hos ssb.no