Kadaverhandtering

Kadaverhandtering
For å unngå at det daude dyret trekker til seg åtseletarar og skadedyr som kan spreie eventuell smitte, er det viktig å følge nokre reglar:
Du skal aldri grave ned sjølvdaude dyr og dyr du må avlive på garden. Dei skal hentast av ein kadaverbil og gå til destruksjon.
Fram til dyret blir henta, er det viktig å dekke til kadaveret godt, slik at åtseletarar og skadedyr (til dømes gnagarar og fuglar) ikkje kjem til.
Smågris, lam og fjørfe skal du fryse ned, sånn at dei kan hentast av kadaverbilen når han kjem for å hente større dyr.
Meldeplikt
Du har varslingsplikt til Mattilsynet når storfe over 24 månader er sjølvdaude eller blir avliva på grunn av sjukdom eller skade. Alle slike dyr skal testast for BSE fordi dette er ein viktig del av overvakingsprogrammet for kugalskap.
Visste du at ...
Det skal bli teke hjerneprøver av daude storfe over 4 år, daude sauar og geiter over 1,5 år og daude hjortedyr (inkludert tamrein) over 1 år?
Viss dyret har hatt endring i åtferd eller vanskar med å bevege seg, skal du òg ta hjerneprøve av yngre dyr. Det er fordi dette kan vere teikn på hjernesjukdom.
Innmelding
Du finn lenke til innmelding av kadaver hos Nortura Medlem eller på Biosirk sine nettsider. Det er Biosirk Noreg AS som har ansvar for kadaverhenting i heile landet, med unntak av Finnmark. Viss du bur i Finnmark eller andre stader der Biosirk ikkje køyrer, skal du melde inn daude dyr i nettportalen til Mattilsynet. Dei hentar vanlegvis innan fem vyrkedagar etter at du har meldt det inn.
Meir om kadaverordninga
Nortura skriv mellom anna dette om kva ordninga omfattar og ikkje, kva du må hugse ved innmelding, og kva som skjer med kadavera etter innsamling:
Ordninga omfattar storfe, kalv, småfe og svin.
Kadaverordninga omfattar ikkje hest og fallvilt.
Hugs dette ved innmelding
Dyr som det skal bli teke hjerneprøve av, skal ha øyremerke. For alle andre dyr skal øyremerke fjernast.
Hestesko, klave, tjor, tauverk, plast og liknande skal òg fjernast.
Det må ikkje finnast plast i leveransen til kadaverbilen!
Ta dyret ut av fjøset og legg det på ein tørr, skuggefull og godt merkt plass.
Ha ein fast plass for henting av kadaver. Plassen må vere lett tilgjengeleg for kranbil.
Dekk til dyret med trelemmar eller trepallar, litt luft er bra. Ikkje bruk plast!
Kva skjer med kadaver etter innsamling?
Dyrekadaver og anna risikoråstoff blir omarbeidd ved Biosirks anlegg i Balsfjord eller på Hamar.
Råstoffet blir knust, sterilisert og tørka, og så blir feittet pressa ut.
Feittet blir brukt som energi og erstattar fyringsolje i fyrkjelar ved Biosirks anlegg.
Mjølet blir brukt til energi i sementindustrien, og oska som blir igjen, inngår i sementproduksjonen.
Relatert innhald
Nettside hos mattilsynet.no
Nettside hos kadaver.biosirk.no