Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Avfallshandtering

Fagstoff
Interaktivt innhald

Farleg avfall

I landbruk og gartnarnæring bruker vi mange ulike kjemikal, som plantevernmiddel og drivstoff. Det er viktig at vi handterer farleg avfall på rett måte, både for vår eiga helse og for miljøet rundt oss. Her ser vi nærare på korleis vi kan gjere dette på ein trygg og ansvarleg måte.

Farlig avfall i landbruket

Landbruk og gartnarnæring produserer farleg avfall som plantevernmiddel, drivstoff, spillolje, hydraulikkolje og dessutan emballasje for desse stoffa. Andre typar farleg avfall er blybatteri, løysemiddel, måling, lakk, impregnert trevirke, isolerglas med PCB og asbesthaldig avfall.

Kjemikalrestar

Plantevernmiddel (sprøytemiddel)

Plantevernmiddel blir brukte i produksjon av korn, gras, grønsaker, bær og frukt. Viss du skal bruke plantevernmiddel i drifta, må du gjennomføre eit plantevernskurs og bestå eksamen for å få . Grunnen til at det er krav om sprøytesertifikat, er at dette er giftige stoff som kan vere helsefarlege viss du bruker dei feil.

Reingjering av utstyret etter sprøyting må skje på ein plass der du får samla opp vaskevatnet, sånn at restar av sprøytemidla ikkje renn ned i grunnen.

Vaskemiddel og desinfeksjonsmiddel

For å unngå oppblomstring av bakteriar eller andre mikroorganismar på utstyr og innreiing bruker vi ofte desinfiserande vaskemiddel.

I mjølkeproduksjon vekslar vi mellom å bruke surt og basisk vaskemiddel ved reingjering av mjølkeanlegg, og vi bruker òg eigne vaskemiddel ved vask av fjøs og innreiing.

I produksjonar som blir drivne etter prinsippet "alt inn – alt ut", må vi alltid vaske grundig og desinfisere alle overflater før neste innsett.

Medisinrestar og smittefarleg avfall

Viss du driv med dyr, vil du før eller seinare få bruk for medisinar. For å sikre at medisinane ikkje skal komme over i mat eller fôr du skal selje vidare, er det bestemde tilbakehaldingsfreistar etter at du har behandla eit dyr. Det betyr at du ikkje kan levere mjølka til meieriet før medisinane er ute av kroppen til dyret. Du kan heller ikkje levere eit dyr til slakt før det har gått ei viss tid etter medisinbehandling. Det er dyrlegen som set fristen i kvart enkelt tilfelle, avhengig av type medisin.

Medisinar skal vere oppbevarte i låsbare skap, og brukte sprøytespissar bør du samle opp i ei brusflaske eller liknande.

Gamle eller ubrukte legemiddel og brukte sprøyter og sprøytespissar skal leverast på eit apotek. Alle apotek i Noreg har plikt til å ta imot legemiddel du ikkje treng lenger, og sørge for at dei blir pakka forsvarleg og destruerte på rett måte.

Hugs

Medisinrestar og sprøytespissar blir rekna som spesialavfall og skal ikkje kastast i søppelet!

Måling og målingsboksar

Metallboksar og metallspann

Målingsspann i metall skal du levere på ein gjenvinningsstasjon, sidan dei blir rekna som farleg avfall. Dei skal altså ikkje leverast som glas- og metallemballasje. Dette gjeld både tomme spann og spann som det er igjen litt måling i.

Plastspann

Målingsspann i plast som er heilt tomme og tørre, kan du levere som plastemballasje. Viss det er eit tjukt lag med størkna måling i botnen av spannet, skal òg plastspann leverast som farleg avfall.

Oljebasert avfall

Smørjemiddel, drivstoff, spillolje og hydraulisk olje er òg farleg avfall. For at det skal handterast rett på avfallsmottaket, er det viktig å levere smørjemiddel, drivstoff og olje i originalemballasjen.

Batteri og elektronikk

Du må aldri kaste batteri i restavfallet, for det er ofte igjen litt reststraum i brukte batteri, og dette kan starte ein brann.

Mange batteri inneheld òg giftige stoff som bly og kadmium som kan vere svært skadelege viss dei slepper ut i naturen. I tillegg inneheld enkelte batteri syrer som kan vere etsande.

Visste du at ...

Du kan levere inn brukte batteri i alle butikkar som sel same type batteri, uavhengig av kva merke batteria har?

Faremerking

Merkinga på emballasjen vil fortelje deg om innhaldet er farleg eller giftig, derfor er det viktig å lese denne informasjonen før du kastar emballasjen! I tillegg til at du kan finne ut meir om farlege stoff ved å lese sikkerheitsdatabladet som følger med, vil emballasjen ha synlege symbol som viser kva skadeverknad innhaldet har.

Emballasje skal alltid sorterast i samsvar med faremerkinga.

Asbest og PCB-haldig avfall

Asbest

Asbest er eit trådforma mineral som lett brekker opp og støvar, og det finst i ulike fargar: kvitt, grått, lysegrønt og lyseblått. Det vart tidlegare brukt som byggemateriale fordi det toler varme og brann, det vart brukt i hus fram til 1980. Asbest er svært helseskadeleg fordi asbeststøv kan føre til nedsett lungekapasitet og lungekreft.

Du bør alltid ta kontakt med eit avfallsselskap viss du må handtere asbest!

PCB-haldig avfall

Polyklorerte bifenyl (PCB) er ei gruppe klorhaldige stoff som har lang nedbrytingstid i naturen. Det har blitt brukt i ulike produkt, mellom anna smørjemiddel, måling, isolerglas og som mjuknar i plast. PCB vart forbode i Noreg i 1980, men dei fleste isolerte vindauge produserte mellom cirka 1965 og 1975 inneheld PCB i forseglinga. Det er i fugemassen som bind vindauget til karmen. Viss du har mistanke om at vindauget inneheld PCB, let du vindauget vere i karmen.

Vindauge med PCB skal du levere som farleg avfall på gjenvinningsstasjonen. Du leverer heile ruta, òg sjølve karmen.

Oppgåve

Veit du kva dei ulike faresymbola betyr? Les beskrivinga av faren og finn det symbolet som passar.

Kjelder

Apotek1. (2025, 3. februar). Retur og destruksjon av gamle legemidler. https://www.apotek1.no/bruk-av-legemidler/retur-og-destruksjon-av-legemidler?srsltid=AfmBOop-bzvtbxtJ5pbum0OVDMoUwaLa0ke0IRFmIDzFLdBh7gFfls1-

Bjørlo, B. & Berge, G. (2024, 22. januar). Plastavfall og farleg avfall frå jordbruket. Statistisk sentralbyrå. https://www.ssb.no/jord-skog-jakt-og-fiskeri/jordbruk/artikler/plastavfall-og-farleg-avfall-fra-jordbruket

Melkild, I. (2020, 20. desember). Ikke glem tilbakeholdelsesfristene! Nortura medlem. https://medlem.nortura.no/storfe/matkjedeinformasjon-mki/tilbakeholdelsesfrist/

Sortere.no. (u.å.). Asbest. Henta 24. februar 2025 frå https://sortere.no/avfallstype/Asbest/191

Sortere.no. (u.å.). Malingsspann. Henta 19. februar 2025 frå https://sortere.no/produkttype/Malingsspann/1524

Sortere.no. (u.å.). Vindu med PCB. Henta 24. februar 2025 frå https://sortere.no/avfallstype/Vindu_med_PCB/137

Relatert innhald

Skrive av Ingrid Ellen Resell.
Sist oppdatert 24.02.2025