Klesforretninga Lyngdal Mote AS skal setje opp budsjetta for neste år. Innehavar Anne Sofie har drive butikk i mange år og har rekneskapstal ho kan bruke som utgangspunkt.
Bruk informasjonen nedanfor til å setje opp budsjettet, og til å vurdere forventa resultat.
Rekneskapstal og budsjettinformasjon for Lyngdal Mote AS
Resultatrekneskap 20xx
Kalkulasjon
Kr
Salsinntekt
6 695 000
– varekostnad
4 436 000
= bruttoforteneste
2 259 000
Lønn og lønnskostnader
1 366 000
Husleige
180 000
Marknadsføring
249 000
Andre driftskostnader
290 000
– sum faste kostnader
2 085 000
– finanskostnader
103 000
Resultat
71 000
Anne Sofie vil flytte butikken til eit lokale i sentrum, bort frå kjøpesenteret i byen. Dette betyr at ho må investere i oppussing av det nye lokalet og andre ekstra kostnader knytte til flyttinga.
Resultatbudsjettet
Anne Sofie lagar eit resultatbudsjett med utgangspunkt i følgande forventningar for det neste året:
Ho vil auke salsinntektene med 10 %.
Bruttofortenesta blir den same i prosent av salsinntekt.
Ho vil justere ned lønnskostnadene til 1 000 000 kr fordi ho ikkje lenger skal følge opningstidene til kjøpesenteret.
Husleiga blir billigare – ho skal no betale 10 000 kr i månaden.
Ho forandrar ikkje på beløpet som skal brukast til marknadsføring.
Andre driftskostnader blir høgare, ho bereknar å bruke totalt 390 000 kr.
Interiør og utstyr skal avskrivast med 20 % (saldoavskriving). Investeringa er på 500 000 kr.
Finanskostnadene aukar med 20 000 kr sidan ho må ta opp meir lån.
Annelise har ein gåve- og interiørbutikk med produkt frå Sør-Europa. Det er vinter, og Annelise skal lage eit resultatbudsjett for inneverande år. Ho treng å ha økonomisk oversikt for å kunne planlegge innkjøp og aktivitetar i året som kjem.
Bruk informasjonen nedanfor til å setje opp resultatbudsjettet, og til å vurdere forventa resultat.
Rekneskapstal og budsjettinformasjon for Annelises gåve- og interiørbutikk
Resultatrekneskap 20xx
Kalkulasjon
Kroner
Salsinntekt
5 990 000
– varekostnad
1 198 000
= bruttoforteneste
4 792 000
Lønn
1 680 000
Husleige
312 000
Marknadsføringskostnader
350 000
Avskrivingar
36 000
Andre driftskostnader
216 000
– sum faste kostnader
2 594 000
Resultat
2 198 000
Annelise vurderer resultatet i fjor som godt og har sett av pengar til å investere i nytt interiør og større lager. Ho vil òg drive nettbutikk ved sida av utsalet. Dette betyr at ho forventar desse endringane:
Salsinntektene er venta å auke med 20 %.
Bruttofortenesta blir berekna til 85 % av salsinntektene.
Avskrivingar aukar med 10 000 kr per månad.
Marknadsføringskostnadene blir berekna til 10 % av forventa salsinntekt.
Habibsa Amouleb driv Økologisk Mat AS. Du skal hjelpe henne med å setje opp eit resultatbudsjett for det kommande året.
Bruk informasjonen nedanfor til å setje opp resultatbudsjettet, og til å vurdere forventa resultat.
Rekneskapstal og budsjettinformasjon for Økologisk Mat AS
Resultatrekneskap
Salsinntekter
kr 1 700 000
Varekostnader
kr 800 000
Bruttoforteneste
kr 900 000
Faste kostnader:
Lønn
kr 500 000
Husleige
kr 120 000
Marknadsføringskostnader
kr 50 000
Avskrivingar
kr 70 000
Andre driftskostnader
kr 25 000
Sum faste kostnader
kr 765 000
Resultat
kr 135 000
Habibsa vil setje opp resultatbudsjettet for neste år og har henta inn følgande informasjon: Marknaden er i tøff konkurranse. Derfor vil ho senke prisane, slik at bruttofortenesta går ned til 45 %.
Salsinntektene skal auke med 15 %. Lønn skal gå opp med 2 %. Andre driftskostnader skal auke med 10 %.
På grunn av auka konkurranse i marknaden ønsker Habibsa å satse meir på reklame. Marknadsføringskostnadene skal derfor utgjere 5 % av budsjetterte salsinntekter. Avskrivingane og husleige blir ståande uendra.
Steinar Graven har tilsett deg som lærling i salsfaget. Steinar liker å ha god oversikt over økonomien i bedrifta. Han får hjelp av eit rekneskapsbyrå til å føre rekneskapen, men lagar budsjetta sjølv. I oppgåva skal du hjelpe Steinar med å lage resultatbudsjett.
Steinars nærbutikk AS har eit avgrensa vareutval, men har lang opningstid både på kvardagar og i helga. På kveldane har han ungdom som jobbar for han. Butikken har flest lokale kundar, men i feriane er det òg hyttebuarar som stikk innom.
Bruk informasjonen nedanfor til å setje opp resultatbudsjettet, og til å vurdere forventa resultat.
Rekneskapstal og budsjettinformasjon for Steinars nærbutikk AS
Steinar har fått rekneskapen for siste kvartal (Q4), og no skal han lage eit resultatbudsjett for 1. kvartal (Q1).
Resultatrekneskapen Q4
Kalkulasjon
Kroner
Salsinntekter
1 300 000
– varekostnader
550 000
= bruttoforteneste
750 000
Faste kostnader:
Lønn
250 000
Husleige
60 000
Reklame
30 000
Avskriving
27 000
Andre driftskostnader
136 000
– sum faste kostnader
503 000
= resultat
247 000
Resultatbudsjettet for Q1 skal ha følgande endringar i forhold til resultatrekneskapen for Q4:
Salsinntekta er venta å auke med 10 %.
Bruttofortenesta er venta å auke til 80 % av budsjettert salsinntekt.
Lønn blir auka med 10 000 kr kvar månad.
Reklame blir auka med 20 %.
Andre driftskostnader blir auka med 3000 kr kvar månad.