Budsjettarbeid for Kontorvikar AS

Oppgåve
Bruk malen nedanfor når du løyser oppgåva.
Del 1: Resultatbudsjett
Med utgangspunkt i situasjonsbeskrivinga og tala som er oppgitte nedanfor, skal du lage eit resultatbudsjett for bedrifta for det første året.
Salsinntekter: Timeprisen deira utan meirverdiavgift er 500 kr.
Dei budsjetterer med 500 000 kr i årslønn kvar.
Å leige eit lite kontor kostar 8 000 kr per månad.
Ei bedriftsforsikring med dei vanlegaste forsikringane kostar totalt 1 000 kr per månad.
Bedrifta skal marknadsførast, og til dette set dei av 1 500 kr per månad.
Andre driftskostnader bereknar dei til å bli 2 000 kr per månad.
Renter på lån: Dei vil låne 100 000 kr til kontorutstyr, og renter og gebyr blir 500 kr per månad.
Kva synest du om resultatbudsjettet? Er alle tala realistiske? Kva blir resultatgrada, og kva synest du om den?
Del 2: Budsjettkontroll
Bruk tala frå resultatbudsjettet i del 1 ovanfor, og dessutan tal for resultatrekneskapen nedanfor, til å utføre ein budsjettkontroll.
Set inn tal for budsjett og rekneskap, og rekn ut prosent av salet.
Rekn ut avvik i kroner og prosent.
Kommenter avvika.