Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Likestillings- og diskrimineringslova

I serviceyrka møter du kvar dag mange ulike menneske. At du skal behandle alle med respekt, gi dei like moglegheiter og ikkje stenge ute eller forskjellsbehandle utan grunn, er ikkje berre noko du bør gjere, men noko du er pliktig til å gjere i samsvar med lova.

Formålet til lova

Likestillings- og diskrimineringslova skal fremme likestilling og hindre diskriminering på grunn av

  • kjønn, graviditet og foreldrepermisjon

  • etnisitet, religion og livssyn

  • funksjonsevne

  • seksuell orientering, kjønnsidentitet og kjønnsuttrykk

  • alder

Universell utforming

Butikkar, hotell, reiselivsaktivitetar og nettsider skal vere utforma slik at dei er tilgjengelege for flest mogleg. Universell utforming er ikkje berre eit lovkrav; det utvidar òg kundegrunnlaget og gir betre opplevingar for alle.

Fysisk utforming

I fysiske lokale må vi fjerne barrierar for personar med nedsett bevegings- eller synsevne og andre med funksjonsnedsetjingar. Eksempelvis vil trinnfri tilkomst og automatiske døropnarar gjere det mogleg for rullestolbrukarar, personar med rullator eller foreldre med barnevogn å nytte tilbodet utan å måtte be om hjelp.

Digital utforming

Universell utforming av nettsider inneber mellom anna at teksten på sidene må ha god kontrast mot bakgrunnen, og at bilete må ha alternativ tekst (beskrivande tekst), slik at dei med nedsett syn får innhaldet beskrive.

Likebehandling av kundar, gjester og brukarar

Alle har rett til å bli behandla med respekt. Du kan til dømes ikkje nekte nokon tilgang til eit kjøpesenter, hotell eller ei reiselivsoppleving basert på etnisitet, funksjonsevne eller kjønnsuttrykk. God service handlar om å sjå individet – uansett bakgrunn.

Inngangskontroll og diskriminering

Som vektar kan du få ansvar for inngangskontroll og bortvising på objektet du jobbar på. Du handlar då på vegner av oppdragsgivar og må følge retningslinjene deira, som til dømes å føre besøkslogg eller krevje ID.

Inngangskontroll på private klubbar eller utestader kan til ei viss grad definerast av eigaren. Det er innanfor lova å berre tillate tilgang for registrerte medlemmer, gjester med gyldig billett, gjester som er kledde etter ein fastsett kleskode eller alle som kan dokumentere at dei er over ein viss alder. Det er forbode å nekte tilgang på grunn av kjønn, legning og religion.

Kjøpesenter skal vere tilgjengelege for allmenta, men eigar kan setje reglar for sjenerande oppførsel. Dette kan vere ei skjønnsmessig vurdering du som vektar må ta. Og du må vere sikker på at ei eventuell bortvising ikkje er i strid med lova.

Diskuter

De jobbar som vektarar på eit kjøpesenter. Senterleiaren misliker at barselgrupper kjem og ammar openlyst i fellesareala på senteret. De som vektarar blir instruerte i å gi beskjed om at gruppene ikkje er ønskte på senteret, og leiaren ber dykk skylde på at barnevognene utgjer hindringar for dei andre kundane. Kva gjer de?

På arbeidsplassen

Likestillings- og diskrimineringslova er òg eit vern for deg som praksiselev, lærling eller arbeidstakar.

Når du søker jobb

Når du stiller på intervju, har arbeidsgivar berre lov til å vurdere dei faglege og personlege kvalifikasjonane dine for jobben. Arbeidsgivar har ikkje lov til å spørje deg om du er gravid, planlegg å få barn, om kva slags religiøs overtyding du har, om den etniske bakgrunnen din eller den seksuelle orienteringa di.

Du skal heller ikkje veljast bort fordi du har eit utanlandsk namn, bruker hovudplagg knytt til religion eller har ei funksjonsnedsetjing som ikkje hindrar deg i å utføre jobben.

Vern mot trakassering

Arbeidsplassen skal vere ein trygg stad. Ingen kollegaer eller leiarar har lov til å mobbe eller komme med nedsetjande kommentarar om bakgrunnen din, kroppen din, tru eller identitet. Uønskt seksuell merksemd, kommentarar eller berøringar er forbodne.

Dette gjeld òg frå kundar, gjester eller brukarar. Dersom nokon oppfører seg ubehageleg eller kjem med seksuelle eller diskriminerande tilnærmingar mot deg, har leiaren din ei lovpålagd plikt til å ta tak i saka og verne deg. Du skal aldri finne deg i trakassering.


Relatert innhald

Skrive av Tone Hadler-Olsen.
Sist oppdatert 04.08.2026