Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Interaktivt innhald
Video

Forbrukarrett

Forbrukarkjøpslova vernar om forbrukarar sine rettar ved forbrukarkjøp. For verksemder er det spesielt viktig å kjenne til orda reklamasjon, garanti og angrerett.

Kva kan du om forbrukarrett?

Ta den interaktive quizen nedanfor om forbrukarrett. Bruk lovdata.no til å finne løysinga på dei oppgåvene du ikkje hugsar svaret på.

Har kunden alltid rett?

Rollespel

  • Jobb i grupper på fire.

  • Sjå på filmen nedanfor frå 2018 (lengde 02:15) og set dykk inn i temaet forbrukarrett. Frå 1. januar 2024 blei forbrukarkjøpslova endra slik at seljar som hovudregel berre har eitt forsøk på å rette ein mangel eller gjennomføre omlevering. Som nemnd i filmen hadde seljar tidlegare rett til to forsøk.

  • Lag tre små rollespel med utgangspunkt i

    • reklamasjon

    • angrerett

    • garanti

  • Rollene består av ein butikksjef, ein tilsett, ein forbrukaradvokat og ein kunde.

  • De vel først roller. Bruk fantasien og skap situasjonar som kan oppstå.

  • Gruppene lagar eit rollespel som dei framfører i klassen.

  • Ta ein klassediskusjon i etterkant av kvart rollespel og evaluer løysingane som kom fram.



Skrive av Cathrine Meyer Johansen.
Sist oppdatert 15.03.2021