Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Hestene står i regnet

Diktet "Hestene står i regnet" blei skrive av Astrid Hjertenæs Andersen i 1948, men er kanskje meir aktuelt enn nokon gong. Kva lengslar og kjensler beskriv diktet? Og kva seier det om det å vere menneske?

Del 1: Ein hest i regnet

Diktet du skal lese har "hestar i regn" som motiv. Før du les diktet, skal du prøve å beskrive kva kjensler hestar som står i regnet utløyser hos deg.

  1. Sjå på biletet av hesten i regnet øvst på denne sida. Beskriv hesten. Kva slags blikk har han? Kva sinnstilstand verkar han å vere i? Korleis er omgivnadene rundt han?

  2. Sjå videoen under. Beskriv alle kjenslene filmen vekkjer i deg. Beskriv også hestane – korleis ser dei ut til å ha det der dei står i regnet?

  3. Samanlikn svara dine med svara til andre i klassen.

  4. Diskuter: Klarte de å sjå filmen om hestane utan å bli rastlause? Eller spreidde det seg ei uro i dykk? I så fall – kvifor?

Synstolking av video

Filmen viser ei blanding av stillbilete og videoopptak av hestar som står og beitar i tåke og regn. Han viser også tretoppar og himmel. Det er veldig lite bevegelse og hendingar. Det er heller ikkje musikk i filmen, og stemninga er ganske mørk og dyster. Tittelen er "the ethereal melancholy of seeing horses in the cold".

Del 2: Les diktet "Hestene står i regnet"

Jobb åleine

  1. Les diktet "Hestene står i regnet" stille for deg sjølv. Du finn det på Nasjonalbiblioteket.

  2. Skriv ned det du meiner er temaet til diktet.

  3. Øv deg på å lese diktet høgt. Tenk nøye over korleis du vil gjere det for å formidle stemninga og temaet i diktet.

Gå saman i grupper

  1. Les diktet høgt for kvarandre. Diskuter kvifor de las diktet akkurat som de gjorde.

  2. Kva stemning synest de det er i diktet? Grunngi ved å vise til tekstsitat.

  3. Kva meiner de er temaet i diktet?

Del 3. Nærles diktet

Video: Åsa Abusland / CC BY-SA 4.0

No skal vi øve på å nærlese diktet. For korleis bidreg form og skrivestil til å formidle temaet? Du kan sjå eit døme på nærlesing av dikt over.

Jobb åleine

Les strofe 1

  1. Kva for fire adjektiv blir brukte for å beskrive sinnet/tankane til det lyriske eget?

  2. Kva for tre adjektiv blir brukte for å beskrive naturen?

  3. Samanlikn adjektiva som blir brukte om høvesvis sinn/tankar og natur. Kva funksjon vil du seie samanstillinga av desse adjektiva har i diktet?

Les strofe 2

  1. Les dei fire første verselinjene høgt for deg sjølv. Her er det bokstavrim. Finn du det? Les verselinjene med ekstra trykk på bokstavrimet. Kva funksjon har det i diktet?

  2. Ein del av orda i denne strofa har erotiske konnotasjonar. Finn dei og forklar kva funksjon dei har i diktet. Legg merke til kva som blir tillagd erotikk – menneske eller natur?

Les strofe 3

  1. I dei tre første verselinjene er det . Finn du han? Korleis vil du lese orda som har lik vokallyd?

  2. Ordet ”være” har forfattaren sjølv utheva. Kvifor trur du ho har gjort det?

  3. I dei tre siste verselinjene er det ein kontrast mellom korleis det lyriske eget beskriv eigne tankar og den tilstanden det drøymer om å vere i. Finn kontrasten og forklar korleis han framhevar tematikken i diktet.

Jobb i par

  1. Gå gjennom svara de skreiv på oppgåvene over.

Del 4: Korleis kan diktet vere aktuelt på 2000-talet?

Skriv ein tekst på cirka 500 ord der du reflekterer over korleis diktet kan vere aktuelt for oss som lever på 2000-talet. Du kan til dømes utforske desse tankane:

  • Kan vi kjenne oss igjen i ein lengsel etter å berre vere? Kva er det i så fall vi lengtar bort frå?

  • Går det an å kjenne seg igjen i verselinjene som handlar om at "sinn" og "hjarte" er fylte opp av tankar og draumar som overmannar eget og får det til å kjenne seg som i feber? Korleis kan tilstanden hestane er i vere ein lengsel bort frå dette?

  • Mange vil nok synast at det å leve som hestar i regnet vil verke usannsynleg kjedeleg. Likevel lengtar det lyriske eget etter dette. Kvifor då, trur du?

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 24.01.2022