Vegen til Syria
Del 1: Kva kan de om IS og Syria?
Set dykk i grupper på fire og sjekk forkunnskapane dykkar om IS og krigen i Syria. Diskuter spørsmåla under:
- Kvifor braut det ut krig i Syria i 2011?
- Kva er IS?
- Kvifor har IS blitt kjend som ei grufull terrorgruppe?
- Kven kriga/krigar for IS?
- Korleis går det med IS i dag?
Del 2. Set dykk meir inn i IS og Syria
Sjå filmen under (lengde 2:47) for meir innsikt og kunnskap om IS. Filmen er frå 2018, så de kan gjerne bruke litt tid etterpå til å finne ut kva som har skjedd sidan denne blei laga.
Del 3: Norske Syriafararar
Les artikkelen "To søstre (utdrag)".
Les artikkelen "Dette livet eller det neste (utdrag)".
Dei to bøkene To søstre av Åsne Seierstad og Dette livet eller det neste av Demian Vitanza handlar om unge nordmenn som dreg til Syria.
I To søstre blir vi kjende med Leila og Ayan – to søstrer som forlèt familien og eit trygt tilvære i Noreg for å hjelpe IS i Syria. Dette livet eller det neste fortel livshistoria til Tariq. Han, og nokre av kameratane hans, dreg òg til Syria. Ifølge Tariq har han aldri kriga på IS si side, men han blei ikkje trudd i det norske rettsvesenet. Forfattaren Demian Vitanza skreiv boka basert på ei rekke samtalar han hadde med Tariq i fengsel.
Les utdraga frå dei to bøkene. Målet er at du skal samanlikne Leila og Tariq. Bruk skjemaet under ("Jobb med utdrag") mens du les.
Legg merke til at vi i skjemaet ber deg skrive inn viktige sitat. Dette treng du til dei neste oppgåvene, så ver grundig her.
Spørsmål til teksten | Lejla | Tariq | Relevante sitat frå To søstre | Relevante sitat frå Dette livet eller det neste |
|---|---|---|---|---|
Kva synsvinkel er utdraga fortalde med? | ||||
Korleis ser hovudpersonane på Noreg og norske verdiar? | ||||
Kva for delar av teksten viser at personane gradvis blir meir religiøse og opptekne av å leve på "riktig" muslimsk vis? | ||||
Påstand: Både Tariq (og gjengen) og Lejla kjenner på utanforskap – altså at dei ikkje høyrer heilt til i Noreg, med nordmenn. Korleis kjem dette til syne? | ||||
Oppsummert: Kva vil du peike på som dei viktigaste årsakene til at hovudpersonane vender seg bort frå det norske og mot ekstrem islamisme? |
Del 4: Diskuter funna
- Samanlikn funna de har gjort i firargrupper. Legg særleg vekt på den siste delen: "Kva vil de peike på som dei viktigaste årsakene til at hovudpersonane vender seg bort frå det norske og mot ekstrem islamisme?"
- Gå gjennom funna de har gjort i gruppa med resten av klassen. Pass på at alle tankane de kjem med, blir skrivne ned i eit felles dokument, på tavla eller ein annan stad de har det tilgjengeleg.
Del 5. Vis fram funna
Vel ei av oppgåvene under. I den første oppgåva ber vi dykk legge fram funna dykkar munnleg i grupper. I den andre ber vi dykk jobbe åleine og skrive om vedlegga.
Munnleg framføring
Jobb vidare i gruppene de danna i del 5 av oppgåva. Hald eit foredrag om Syriafararar og dei to litterære framstillingane av norske Syriafararar.
- Intro: Ta for dykk kva IS er, og kva som kjenneteiknar europearar som dreg til Syria for å krige.
- Del 1: Presenter dei to bøkene. Hugs å definere sjangeren av bøkene i presentasjonen (Er bøkene skjønnlitteratur eller sakprosa?).
- Del 2: Lag ei samanlikning av Tariq og Lejla. Bruk gjerne fagomgrepa indirekte/direkte personskildring, og vis korleis forfattarane med ulike grep får fram kva som kjenneteiknar Tariq og Lejla. Kva for likskapar og forskjellar legg de merke til?
- Del 3: Meiner de at Tariq og Lejla er typiske Syriafararar? (Vend tilbake til utforskinga de gjorde i del 1).
- Konklusjon/oppsummering.
Skriftleg framstilling
Skriv eitt–tre avsnitt der du samanliknar Tariq og Lejla. Vel eit moment frå dokumentet som du kan tenke deg å konsentrere deg om. Det kan til dømes vere
- korleis Tariq og Lejla ser på norske verdiar
- korleis utdraga viser Tariq og Lejlas utanforskap?
kvifor Tariq og Lejla blir radikaliserte