Oppgåve
Video
Tonar i norsk og vietnamesisk
Her skal du samanlikne melodien i norsk og vietnamesisk.
Del 1: Tonar i norsk
Fleire bønder les bønner for at vatnet skal kome, så dei kan vatne.
- Sei setningane over høgt for kvarandre i grupper.
- Kvifor trur de nettopp desse orda har tjukk skrift?
- Teikn tonen i orda som har tjukk skrift.
- Seier alle i klassen dei understreka orda med same tone?
- "I norsk syng vi på ulike måtar". Grunngi denne påstanden. Sjå gjerne på episode 1 frå Dialektriket (under) frå 18:20–22:10 som kjelde.
Del 2: Tonar i vietnamesisk
I norsk er det i somme tilfelle berre tonelaget som skil ord frå kvarandre. Men korleis står det til i andre språk? Her skal du først prøve deg på det austasiatiske språket vietnamesisk.
NB! Er det nokon i klassen som snakkar vietnamesisk? Då kan de prøve å finne ut av oppgåva under utan Google Translate.
Opne Google Translate og still inn på omsetjing frå vietnamesisk til norsk.
- Skriv inn ordet "ma" i vietnamesisk-boksen. Trykk på lydikonet, lytt og teikn tonen slik du gjorde i del 1.
- Gjer det same med ordet "mà" (legg merke til aksenten over bokstaven, den er viktig å få med).
- Deretter går du vidare med orda: "má", "mả", "mã" og "mạ".
- Diskuter i grupper:
- Teikna de orda likt?
- Kva kan de seie om tonar i språket vietnamesisk etter denne øvinga?
Del 3: Kva med andre språk?
Kva for språk kan klassen? Prøv å finne ut om dei språka de kan, har tonelag. De kan òg lese meir om tonelag i ulike språk på SNL.no.