Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Kan du teikne tid?

Er du klar for ei utfordring om verbtidene på ulike språk?

Del 1: Går det an å teikne tid?

Før de kan gå vidare til del 2 av oppgåva, må de meistre desse fagomgrepa:

Verbtider

  • Infinitiv (Å ete)
  • Presens (No et eg.)
  • Preteritum (Eg åt.)
  • Perfektum (Eg har ete.)
  • Futurum (Eg skal ete.)
  1. Jobb anten ein og ein eller to og to. Ein god måte å øve inn omgrep på er å lage illustrasjonar. No skal de velje dykk eit verb, så skal de teikne verbet i alle dei fem tidene over. Dette er ei skikkeleg utfordring, for går det i det heile tatt an å teikne tid?
  2. Gå saman i større grupper. Vis fram teikningane for kvarandre, utan å seie noko. Dei andre skal prøve å tippe kva verb de har teikna og i kva tid (tempus). Ingen får rett svar før dei har brukt rett fagomgrep for tid.
  3. Vis gjerne fram dei teikningane gruppa synest fungerer best, for resten av klassen. Pass på at de bruker fagomgrepa heile vegen mens de forklarer.

Del 2: Verb og tid på ulike språk

Om du har eit anna enn norsk, skal du ta utgangspunkt i dette. Har du norsk som førstespråk, så vel språket du har valt som framandspråk i skulen. De kan gjerne jobbe i grupper, men då er det viktig at de har valt same språk.

  1. Lag ei oversikt, gjerne eit diagram som viser både likskapar og forskjellar mellom måten språka uttrykker tid på. Sjå døme på samanlikning i presens i norsk og engelsk under. Gjer det same med alle verbtidene.
  2. Prøv å fortelje att diagrammet til kvarandre. Hugs å bruke fagomgrep.

Presens i norsk og engelsk

Likskapar

  1. Begge uttrykker notid.

Ulikskapar

  1. På norsk lagar vi presens på berre éin måte: "Eg et."

  2. På engelsk lagar vi presens på to måtar, "I eat" og "I am eating".

  3. På norsk bøyer vi ikkje verba i kjønn og tal.

  4. På engelsk får verba ei s-ending i tredje person eintal ("He eats.")

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 20.01.2026