Språklære
Sjå filmen
Kva er grammatikk? Sjå filmen (lengde 7:13):
Språklydar og ord
Dei minste byggesteinane i språket er lydar. Vi deler språklydane inn i to hovudgrupper: vokalar og konsonantar. Vokalane kan opptre i "minigrupper" på to: ei, au, øy, og vi kallar dei diftongar. Lydar kan kombinerast til ord med ulik betydning.

Ordklassar
Ord kan delast inn i grupper ut frå
- kva betydning dei har
- om ein kan bøye dei eller ikkje
- kva for funksjon dei har
Det er vanleg å dele ord inn i 10 ordklasser: substantiv, verb, pronomen, bestemmarord (determinativ), adjektiv, adverb, preposisjonar, konjunksjonar, subjunksjonar og interjeksjonar.
Døme
Bøying
I norsk får ein del ordklassar bøying: Vi legg til ei ending på slutten av orda for å vise om det dreier seg om éin eller mange, notid eller fortid. Slike endingar kallar vi suffiks.
Språk der forhold som tal, tid, bestemtheit og så vidare blir uttrykte ved at ein føyer bøyingsendingar eller suffiksar til ordstammene, kallar vi syntetiske språk.
Analytiske språk derimot har få eller ingen bøyingsendingar, men uttrykker grammatiske forhold gjennom eigne grammatiske ord eller gjennom ordstilling.
Norsk er eit svakt syntetisk språk
Døme
Substantiv:
ein bil → bilen → bilar → bilane
(endingane viser tal og bestemtheit)
Adjektiv:
ein stor bil
eit stort hus
store hus
(adjektivet blir bøygd etter kjønn og tal)
Norsk er delvis analytisk
Vi bruker ofte hjelpeverb, faste ord og preposisjonar for å uttrykke grammatikk, for eksempel i tider som "har ete" og "skal reise".
Setningsbygning (syntaks)
Vi set saman ord til frasar og setningar. Døme på frasar er "den raude hatten", "i går" eller "utruleg bra". I setninga får ord og frasar bestemte funksjonar: Dei er subjekt, objekt, verbal, predikativ eller adverbial.
Kvart språk har sine eigne reglar for rekkefølga av setningsledd. Rekkefølga hjelper oss å forstå kva setninga tyder. Endrar vi på rekkefølga av setningsledda, får setninga ofte ei anna meining, eller ho høyrest rett og slett feil ut.
Døme
Norsk er eit SVO-språk, som betyr at rekkefølga på ledda i ei forteljande heilsetning har subjektet på førsteplass, verb på andreplass og objektet på tredjeplass i setninga.

