Språklege verkemiddel - Norsk (YF) - NDLA

Hopp til innhald
Øvelse

Språklege verkemiddel

Oppgåve 1

Les reportasjeutdraget om Korsika nedanfor. Utdraget er henta frå Dagsavisen.

  1. Korleis vurderer forfattaren øya Korsika som feriestad?
  2. Kva for språklege verkemiddel bruker han for å formidle denne oppfatninga? Gi døme.
  3. Kva for funksjon har verkemidla i reportasjen, meiner du?

Knappe tre timers båtreise fra den franske rivieraen kommer Korsika deg dovent i møte. Ut mot havet blotter hun en hel perlerad av praktfulle strender der du praktisk talt råder grunnen alene. Vi er i La Balagene, et område av Korsika som strekker seg over store deler av nordvestkysten med innland. Calvi med sine 5000 innbyggere er hovedstaden i dette området, som skiller seg fra resten av Korsika med sine frodige olivenlunder, dype skoger og forfriskende elver. Byen ligger innerst i bukta av samme navn, mellom byens gamle citadell og fjellene. Her er majestetiske fjelltopper, og dronningen blant dem bærer snøkrone - Monte Curona. Men fjellene står praktisk talt med føttene i Middelhavet, og veien til kysten er aldri lang.

Oppgåve 2

"Det enkle er ofte usmakelig" er tittelen på ein aviskommentar av Kristian Bjørkdahl. Bjørkdahl meiner dyra betaler ein altfor høg pris for at billegkjeder som Rema 1000 (og andre) skal kunne selje oss billeg kjøt. Bjørkdahl er forskar på Senter for utvikling og miljø ved Universitetet i Oslo.

Les utdraget nedanfor og jobb deretter med spørsmåla.

  1. Tittelen på kommentaren er ein allusjon. Til kva?
  2. Kva for verkemiddel bruker forfattaren for å vekkje empatien til lesarane, og for å gi påstanden sin tyngde? Forklar!

Kyllingar er sosiale dyr. I mindre intensive omgivnader vil høna til dømes lage reir av halm og strå, som ho plasserer på ein beskytta stad. Her legg ho egg som ho rugar på i opptil 21 dagar. Etter klekking vil kyllingkullet, som normalt består av mellom sju og tolv ungar, halde seg nær høna i mellom seks til ti veker. Høna lærer mellom anna ungane å finne mat. Deretter søkjer høna tilbake til hønseflokken, ei sosial eining som også kyllingane blir tekne opp i etter ei tid.

I det industrielle kyllingoppdrettet gjer ein vald mot alle desse − tør vi kalle dei naturlege? − vilkåra for eit brukbart kyllingliv. Her får hønene verken byggje reir eller ruge. I staden blir kyllingene modna i rugemaskinar. Døgngamle blir dei sende til kyllingprodusenten, der de blir plasserte i svære kyllinghallar − ofte tusenvis i kvar hall.

Til å byrje med har dei relativt god plass, men etter kvart som dei veks til, blir heile golvet dekt av kyllingar. Mot slutten av levetida er rørslefridomen nærast ikkje-eksisterande. Dagslys slepp ikkje inn, og kyllingane har ikkje tilgang til uteareal. Vaksne individ finst ikkje.

I eit slikt system har produsenten nær sagt ingen kontakt med dyra. Fôring skjer automatisk, via eit datastyrt system som fordeler vatn og fôr til små trau som er utplasserte over heile hallen. Kyllingane har konstant tilgang til fôr. Og fordi moderne broilerkyllingar er avla fram for abnorm appetitt, et kyllingane nær sagt heile tida. Spisinga blir stimulert ytterlegare av kunstig lys, og derfor held produsenten hallen opplyst så lenge loven tillet; meir lys gir meir effektiv omdanning av fôr til kjøt, og derfor må nattesøvnen til kyllingane nedprioriterast. På denne måten kan kyllingane vekse seg størst mogleg på kortast mogleg tid, slik at ein tener mest mogleg på dei. Dette fører til ekstrem slitasje på hjarte og skjelett hos kyllingane. Hjartesvikt, haltheit og diverse andre lidingar er derfor ikkje uvanleg. Hadde desse kyllingane fått leve lenger, ville dei mest sannsynleg døydd av årsaker som stammar frå måten dei blir fôra opp på.

Etter ein drøy månad er det korte kyllinglivet over. Ein robot med fangarmar plukkar kyllingane opp frå golvet og puttar dei i ein behaldar. Deretter blir dei køyrde til slakt, der kyllingane i beste fall blir gassa og halshogde, i verste fall skålda levande. Og − vips! − så har du ein heil, grilla kylling til 69,90!

Relatert innhald

Fagstoff
Allegori

Les om allegorien som verkemiddel i litteratur og kunst.

Fagstoff
Rim og rytme

Les om rim og rytme som språklege verkemiddel.

Skrive av Marion Federl.
Sist fagleg oppdatert 02.06.2020