Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Finn allusjonen!

Finn du igjen allusjonane i desse tekstane?

Oppgåve 1. Krossfestinga

Under ser du første og siste strofe i diktet "Hvem er det som ingen ser?" av Gro Dahle.

  1. Finn allusjonen i strofene.

  2. Diskuter kva allusjonen tilfører diktet.

Hvem er det som ingen ser?

Det er moren det
som går i ett med skålene
grytene, glassene
Støpt inn i kjøkkenbenken
og korsfestet til tøyet

(...)

For så å lirke oss inn i natten
med varme, tørre melishender
Takkens oblater på tungen
når hun bøyer oss inn i søvnen
Inn gjennom flanellens nåde
Hvilens velsignelse i kinnenes kirke
Et alter i mørket

Fra Regnværsgåter (1994)

Tekst: Gro Dahle / Avgrensa gjenbruk

Oppgåve 2. Allusjon i måleri

Sjå på biletet Opera under vatn av Rolf Groven.

  1. Her har kunstnaren lånt eit motiv frå eit berømt bilete av ein annan norsk kunstnar.

    • Kva heiter dette biletet?

    • Kven har måla det?

  2. Kva operahus er avbilda i Rolf Groven sitt måleri?

  3. Korleis tolkar du dette biletet?

    • Grunngi svaret ditt ved å forklare kva funksjon allusjonen i biletet har.

Oppgåve 3. Allusjonar i "Ja, vi elsker"

Visste du at Noregs nasjonalsong er full av allusjonar? Under ser du andre strofe i nasjonalsongen. I denne finn du mange allusjonar til Snorre Sturlasson sine kongesagaer i Heimskringla.

  1. Gå saman i par og prøv å finne og forklare flest moglege allusjonar.

  2. Diskuter: Kvifor trur de Bjørnstjerne Bjørnson brukte desse allusjonane då han skreiv teksten?

Ja, vi elsker

Dette landet Harald berget
med sin kjemperad,
dette landet Håkon verget,
medens Øyvind kvad;
Olav på det land har malet
korset med sitt blod,
fra dets høye Sverre talet
Roma midt imod.

Tekst: Bjørnstjerne Bjørnson / Offentleg eige

Oppgåve 4. Finn allusjonar i tekstar du kjennar til

No skal du lage ein kort presentasjon der du viser fram allusjonar til tekstar, filmar, seriar eller anna du har lese eller sett. Det kan vere frå

  • bøker du har lese

  • songtekstar du har lytta på

  • seriar eller filmar du har sett

  • kunstverk du kjenner til

  • reklamar eller kampanjar

Når alle har laga presentasjonane sine, kan de sitje saman i grupper og vise dei fram for kvarandre. Forklar

  • kvar allusjonen er frå

  • kva funksjon han har

Skrive av Marion Federl, Cecilie Isaksen Eftedal og Åsa Abusland.
Sist oppdatert 16.02.2026