Finn kontrastar
Oppgåve 1. Bilete med kontrastar
- Beskriv kontrastane i bileta.
- Gi bileta ein tittel som formidlar kontrastane med ord.
Oppgåve 2. Lag eigne kontrastbilete
Ta eitt eller fleire bilete der du bruker kontrast som verkemiddel. Det er viktig at du prøver å bruke kontrasten til å få fram ein bodskap.
Alle i klassen deler bileta med kvarandre og diskuterer kva som er kontrasten, og korleis han får fram bodskapen i biletet.
Oppgåve 3. Måleri med kontrastar
Sjå på måleriet Livets dans (1925) av Edvard Munch.
Beskriv kontrastane i biletet.
Kva funksjon meiner du kontrastane har?
Samanlikn det du skreiv med svaret til ein medelev.

Oppgåve 4. Kontrastar i dikt
Les diktet "Mareritt i eventyrskogen" av Petter Solberg.
Tittelen inneheld ei sterk motsetning. Kva slags forventningar har vi når vi skal høyre eit eventyr?
Samanlikn det Raudhette opplever i dette diktet med den opphavlege versjonen av eventyret om Raudhette og ulven. Kva for forskjellar finn du?
Kva fortel diktet oss om forholdet mellom eventyr og verkelegheit?
