Oppgave
Munnleg kommunikasjon på jobb
Les fagartiklane om munnleg kommunikasjon og prøv ut det du har lært saman med medelevar.

I mange yrke er kommunikasjonen med kunder svært viktig. Er dette noko du kan lese deg til, eller må du øve deg på det i praksis?
Les fagartiklane om kommunikasjon på jobb med interne (kollegaer og interne samarbeidspartnarar) og eksterne (brukarar, kundar, pårørande, osb).
Munnleg kommunikasjon – internt
Munnleg kommunikasjon – eksternt
Jobb i grupper. Ha eit stort ark eller ein plakat på gruppeborda. Gruppene vel eitt av desse stikkorda som overskrift:
- Truverd
- Engasjement
- Profesjonell
- Tilpasse
- Møte
- Bruk fem minutt i gruppene på å skrive ned det de kan om stikkordet dykkar øvst på arket.
- Etterpå byter gruppene plass og skriv i fem minutt på neste ark. Viss alle faktaopplysningane om stikkordet har blitt noterte ned, kan de notere ned eigne tankar om stikkordet. Kom gjerne med døme som illustrerer faktaopplysningane.
- Hald fram til alle gruppene har vore innom og skrive noko om alle stikkorda.
- I gruppene: Lag eit kort rollespel med utgangspunkt i stikkorda de har laga. De treng ikkje framføre for klassen; det viktigaste er at de får prøve ut den teoretiske kunnskapen de har jobba med.
- Tenk ut og spel ein kvardagsleg situasjon frå jobb der de kommuniserer med anten ein kollega eller ein ekstern brukar / kunde. Bruk kunnskapen de no har om munnleg kommunikasjon for å få til ein best mogleg kommunikasjon.
- Byt på rollene ein gong, slik at alle får prøve ut ulike evner.
Ved å ta deg tid til å reflektere over kva du har lært, vil du òg hugse det betre for framtida.
Skriv eit refleksjonsnotat om kommunikasjon i yrket ditt, der du svarer på spørsmålet:
- Kva har du lært om munnleg kommunikasjon i arbeidslivet i dag?
Skriv ned alt du no kan om dette, utan å tenkje på oppsett eller at nokon andre skal lese det.