Kven er Rawdah? - Norsk (YF) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Kven er Rawdah?

Sjå ein episode av serien om denne norsksomaliske jenta som bryt med alle forventningar som samfunnet har til henne. Korleis har oppveksten forma henne?

Del 1: Kven er Rawdah?

  1. Orda "modell", "aleinemor", "vernepleiar", "muslim" og "flyktning" er ord som beskriv Rawdah. Kva slags assosiasjonar får du når du høyrer desse orda? Skriv det første du kjem på for kvart av orda utan å sensurere deg sjølv.
  2. Sjå episoden Flyktning av NRK-serien om den norsksomaliske jenta Rawdah. Kva inntrykk fekk du av henne etter å ha sett dette? Skriv ned alle tankar du assosierer med Rawdah. Stemmer det med noko av det du skreiv ned i forkant?

Del 2: "Pre-fabulous times"

  1. På toget på veg til Skien spøkjer Rawdah om at ho opplever ei identitetskrise. Kva betyr dette ordet?
  2. Kva trur du ho legg i uttrykket " Pre-fabulous times"?

  3. Har du hatt ei slik " pre-fabulous time"?

  4. Tenk på det Rawdah fortel om klede og mote i denne episoden, og sjå på kleda ho har på seg i programmet. Korleis vil du seie Rawdah har brukt klede til å uttrykkje seg sjølv og identiteten sin?
  5. Bruk kunnskap og fagstoff om ungdomsspråk til å beskrive trekk ved talemålet til Rawdah og venene hennar. Korleis bruker dei språket til å uttrykkje identitet?
  6. «Det er ikkje alle som fortener å sjå alle sider av meg.» Korleis tolkar du denne utsegna? Kan du kjenne deg igjen i dette?
  7. Kva trur du venene har betydd for Rawdah? Korleis kan vener støtte deg i prosessen med å finne deg sjølv?

Del 3: Kulturmøte i tekst

  1. Les fagartikkelen om kulturmøte i tekst. Kva problem og moglegheiter ved å vekse opp mellom to kulturar er beskrivne i denne artikkelen?
  2. Er det problema i oppveksten eller styrkane til Rawdah som gjer mest inntrykk etter å ha sett episoden "Flyktning"?

Del 4: Skriv ein tekst

  1. Skriv ein kort tekst om korleis du trur dine eigne " pre-fabulous times" vil sjå ut når du er vaksen og ser tilbake. Skriv frå synsvinkelen til ei vaksen utgåve av deg sjølv.


Relatert innhald

Fagstoff
Kulturmøte i tekst

Kva er kulturmøte, og kva kan vi lære ved å lese tekstar om temaet?

Skrive av Caroline Nesbø Baker.
Sist fagleg oppdatert 23.04.2020