Øvelse
Fordeler med muslimer
Les teksten "Fordeler med muslimer" og jobb med desse spørsmåla:
- Kva tenkte du då du såg overskrifta på teksten?
- Diskuter med ein medelev: Kva er hovudbodskapen i denne teksten? Kva meiner de om dette?
- Kva var det Christine Koht tenkte med ein gong ho høyrde at dei nye naboane hennar var ein muslimsk storfamilie? Trur du dette er vanlege fordommar?
- Korleis viste denne familien seg å vere i røynda?
- Forfattaren skriv at "far er av typen som helst vil bære handleposene mine opp alle trappene" og skildrar opplevinga som "eit slags kulturkræsj". Kvifor?
- Koht snakkar om ein "tabloid svertekampanje" om muslimar. Kva trur du ho meiner med det?
- Kva kunne Koht tenkt seg å skrive i ein faktaboks med overskrifta "Fordelar med muslimar"?
- Teksten til Christine Koht er ein såkalla petit (eit skriftleg kåseri). Kva kjenneteiknar denne sjangeren?
- Kva slags språklege verkemiddel bruker forfattaren i denne teksten? Vis med døme og diskuter kva slags verknad dei har.
- Diskuter: Kva kan vi lære om fordommar av denne teksten?
- Denne teksten blei skriven i 2007, og mykje har skjedd sidan då. Er bodskapen i teksten framleis relevant? Gjer eit nettsøk med stikkord "muslimar" for å sjå om media framleis i hovudsak framstiller denne gruppa negativt.
Relatert innhald
Kjeldemateriale
Fordeler med muslimerEit kåseri av Christine Koht der ho tek eit oppgjer med nokre av fordommane som finst om muslimar.