Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Skriv ein fagartikkel om tekst i kontekst

Her finn du fire oppgåveforslag med vedlegg. Skriveoppgåvene dekker temaa "Realismen som epoke og skrivestil", "Opprøret mot autoritetane", "Mennesket, naturen og sivilisasjonen" og "Individ og samfunn".

Oppgåve 1: Realismen som epoke og skrivestil

Realistiske forfattarar og målarar ønsker å etterlikne verkelegheita. Omgrepet "realisme" blir brukt om litteraturen og kunsten i perioden 1870–1890. I tillegg er det namnet på ei stilretning innan kunsten og litteraturen.

Skriv ein fagartikkel der du gjer greie for realismen både som skrivestil og epoke. I fagartikkelen skal du bruke døme frå vedlegget "Arbeidsnever" og minst eitt av dei andre vedlegga. Du kan også trekke inn andre tekstar du kjenner til. Du bør samanlikne form og innhald i tekstane og drøfte den konteksten dei blei gitt ut i.

Vedlegg:

Desse ressursane kan vere til hjelp når du skal løyse oppgåvene

Kva er realistisk litteratur?

Zola, Skram og naturalismen

"Arbeidsnever" – ei novelle om livet i arbeiderklassen

Oppgåve 2: Opprøret mot autoritetane

Litteraturen har ofte blitt brukt til å kritisere samfunnet. Skriv ein fagartikkel der du gjer greie for korleis dei vedlagde tekstane er eit opprør mot autoritetar, og der du drøftar konteksten dei kom ut i.

Vedlegg:

Desse ressursane kan vere til hjelp når du skal løyse oppgåvene

"Kristendommen, den tiende landeplage" og Muhammed-karikaturane

Helene Alving og pastor Manders i Gjengangere

Dei andre sitt blikk

Oppgåve 3: Mennesket, naturen og sivilisasjonen

Dei tre vedlegga nedanfor handlar om korleis mennesket forvaltar naturen. Skriv ein fagartikkel der du gjer greie for korleis forholdet mellom mennesket, sivilisasjonen og naturen blir skildra. Drøft også den konteksten tekstane blei gitt ut i.

Vedlegg:

Desse ressursane kan vere til hjelp når du skal løyse oppgåvene

Knausgårds klimaappell

Oljeeventyr – eller "Mørk saga"?

Naturen og mennesket

Oppgåve 4: Individ og samfunn

Dei tre vedlegga nedanfor handlar på ulike måtar om forholdet mellom individuell fridom og normene og forventningane i samfunnet. Skriv ein fagartikkel der du utforskar korleis vedlegga behandlar temaet, og der du drøftar teksten i kontekst. Du kan også trekke inn andre tekstar du kjenner til.

Vedlegg:

Denne ressursen kan vere til hjelp når du skal løyse oppgåvene

Flinkis? Lever du som Doppler?



Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 15.09.2026