Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Skriv innleiing, avslutning og tittel til fagartikkelen

Når du er ferdig med hovuddelen, er du klar for å skrive innleiing og avslutning. No skal me sjå på korleis du kan gjere det og samtidig få til den magiske raude tråden. Vi kroner sjølvsagt verket med ein tittel som fenger.

Del 1: Diskuter i grupper

De skal skrive ein fagartikkel om tekst i kontekst.

  • Kva kjenneteiknar ei god innleiing?

  • Kva moment bør vere med i innleiinga?

Del 2: Vurder tre innleiingar

For kvar av innleiingane skal de svare på desse to spørsmåla:

  1. Kva moment er med i denne innleiinga?

  2. Meiner de dette er ei god innleiing? Grunngi svaret dykkar.

Innleiing 1

"Hvor fri er jeg?" spør 20-åringen Sofia seg sjølv, og lesarane, om i boka Skamløs (2017). Utdraget handlar om Sofias oppvekst, motgang og medgang. Orda "fridom" er tett knytt til den tida vi lever i her og no. Norske kvinner, og menn, har meir fridom enn nokosinne. Dei er sjølvstendige og kan sjølv avgjere korleis dei vil forme liva sine. Det liker vi i alle fall å tru. Men om vi går 1000 år tilbake i tid, til vikingtida, korleis stod det til med sjølvråderetten til kvinnene då? Og kan vi finne ut korleis kvinnerolla har forandra seg ved å utforske Sagaen om Gunnlaug Ormstunge og Sofias forteljing?

Om sitat-innleiinga
  1. Startar med sitat frå tekst 1 + introduksjon av tekst 1:

    "Hvor fri er jeg?" spør 20-åringen Sofia seg sjølv, og lesarane, om i boka Skamløs (2017). Utdraget handlar om Sofias oppvekst, motgang og medgang.

  2. Introduserer så temaet i fagartikkelen:

    Orda "fridom" er tett knytt til den tida vi lever i her og no. Norske kvinner, og menn, har meir fridom enn nokosinne. Dei er sjølvstendige og kan sjølv avgjere korleis dei vil forme liva sine. Det liker vi i alle fall å tru. Men om vi går 1000 år tilbake i tid, til vikingtida, korleis stod det til med sjølvråderetten til kvinnene då? Og kan vi finne ut korleis kvinnerolla har forandra seg ved å utforske

  3. Introduserer tekst 2:

    Sagaa om Gunnlaug Ormstunge og Sofias forteljing?

Innleiing 2

I denne teksten skal eg skrive om kvinnerolla. Eg skal samanlikne Gunnlaug Ormstunge med eit utdrag frå Skamløs. Begge utdraga handlar om korleis kvinner har det. Korleis har kvinnerolla utvikla seg gjennom 1000 år? Kva forskjellar og likskapar er det? Er det betre no enn før?

Om innleiing 2

Dette er ei dårleg innleiing:

  • Ho er kjedeleg.

  • Ho manglar flyt.

  • Unngå "Eg skal skrive om".

  • Ho stiller for mange spørsmål.

Innleiing 3

Denne innleiinga bruker "zoom -" eller "innsnevrings-teknikken". Forstår de kva det betyr? Grunngi ved å vise til teksten:

Mennesket er eit flokkdyr. For å passe inn i flokken har vi alltid måtta tilpasse oss dei normene som finst i samfunnet vi lever i. Om vi bryt dei uformelle reglane, kan vi vente oss sanksjonar som utfrysing, baksnakking og til og med utstøyting. Men normene i eit samfunn er ikkje statiske, dei forandrar seg over tid. I Noreg har rammene for kvinnerolla endra seg mykje, berre dei siste 50 åra. Men kva om vi går 1000 år tilbake i tid? Kva seier Sagaen om Gunnlaug Ormstunge og eit utdrag frå den moderne boka Skamløs oss om korleis kvinnerolla har forandra seg dei siste 1000 åra?

Om zoom-teknikk
  1. Innleiinga startar generelt, men også med eit kreativt element som set problemstillinga i kontekst:

    Mennesket er eit flokkdyr. For å passe inn i flokken har vi alltid måtta tilpasse oss dei normene som finst i samfunnet vi lever i. Om vi bryt dei uformelle reglane, kan vi vente oss sanksjonar som utfrysing, baksnakking og til og med utstøyting. Men normene i eit samfunn er ikkje statiske, dei forandrar seg over tid.

  2. Ho snevrar så noko inn og nærmar seg problemstillinga:

    I Noreg har rammene for kvinnerolla endra seg mykje, berre dei siste 50 åra. Men kva om vi går 1000 år tilbake i tid?

  3. Ho avsluttar med å presentere problemstillinga som skal drøftast:

    Kva seier Sagaen om Gunnlaug Ormstunge og eit utdrag frå den moderne boka Skamløs oss om korleis kvinnerolla har forandra seg dei siste 1000 åra?

Del 3: Skriv innleiinga

Skriv ei innleiing til fagartikkelen din. Du kan velje nokre av teknikkane du lærte i del 2, eller lage din heilt eigen. Hugs uansett at du må

  • introdusere tekstane du skal skrive om

  • introdusere temaet du skal skrive om

Del 4: Diskuter i grupper

Les innleiinga og avslutninga til modellteksten under. Diskuter:

  1. Kva verkemiddel bruker skrivaren for å sy saman innleiinga og avslutninga?

  2. Kva moment er med i avslutninga?

Innleiing

"Hvor fri er jeg?" spør 20-åringen Sofia seg sjølv, og lesarane, om i boka Skamløs (2017). Utdraget handlar om Sofias oppvekst, motgang og medgang. Ordet "fridom" er tett knytt til den tida vi lever i her og no. Norske kvinner, og menn, har meir fridom enn nokosinne. Dei er sjølvstendige og kan sjølv avgjere korleis dei vil forme liva sine. Det liker vi i alle fall å tru. Men om vi går 1000 år tilbake i tid, til vikingtida, korleis stod det til med sjølvråderetten til kvinnene då? Og kan vi finne ut korleis kvinnerolla har forandra seg ved å utforske Sagaen om Gunnlaug Ormstunge og Sofias forteljing?

(Hovuddel)

Avslutning

Dei to tekstane om livet til unge kvinner, fortalt med 1000 års mellomrom, viser oss altså at valmoglegheitene og innverknaden kvinner har over eige liv, har forandra seg mykje. Helga må ta omsyn til kollektivet, medan dagens unge kvinner først og fremst kan tenke på seg sjølv. Men Sofias historie viser òg at vi har mange uformelle normer å ta omsyn til, sjølv om dette kanskje ikkje er så bevisst. Det går ikkje an å spå i framtida, men eg vil tippe at kvinner i Noreg i år 3000 òg lever i fridom. Som flokkdyr flest, vil dei likevel òg søke aksept ved å tilpasse seg forventningane. Men kva for uskrivne normer som gjeld for denne kvinna i framtida, det veit vi ingenting om.

Del 5: Skriv avslutninga til fagartikkelen din

Skriv avslutninga til fagartikkelen. Nokre tips:

  • Les gjennom innleiinga og grip tak i poeng frå denne. Då får du til ein sirkelkomposisjon og ein raud tråd i teksten din.

  • Du kan gjerne reflektere over det du har skrive i hovuddelen, men unngå å fortelje att alt ein gong til.

  • Det går òg an å skrive om eit framtidsperspektiv eller reflektere meir sjølvstendig over tekstane du har lese.

Del 6: Diskuter

  • Kva kjenneteiknar ein god tittel?

  • Kva kjenneteiknar ein dårleg tittel?

  • Kva synest de om overskrifta til modellteksten: "Kvinnekår i 1000 år.

Del 7: Lag ein tittel

Lag ein tittel til fagartikkelen din. Hugs at gode titlar

  • ikkje er for lange

  • speglar innhaldet i teksten

  • fangar merksemda til lesaren

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 11.08.2026