Korleis skaper realistane sympati med karakterane sine? - Norsk (SF vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Korleis skaper realistane sympati med karakterane sine?

"Liv er mer enn vitenskap", skriv forskar Tone Selboe. Ho skriv om korleis litteraturen kan vekkje engasjement for sosiale problem. No skal du lese eit essay av Selboe og undersøkje korleis realistar som Charles Dickens, Christian Krohg og Amalie Skram skaper sympati for karakterane sine.

Del 1: Tone Selboe om Charles Dickens og realistane

Les essayet "Sympati" av Tone Selboe (under). Samanfatt hovudsynet i teksten med ein medelev. Det er viktig at de legg merke til dette:

  1. Kvifor ønskte realistane, mellom anna Charles Dickens, å "engasjere leserens forestillingsevne"?

  2. Kva var målet med store delar av Charles Dickens' forfattarskap?

  3. Korleis gjekk han fram for at lesarane skulle få sympati med karakterane hans?

  4. Mot slutten av essayet skriv Tone Selboe: "Både Dickens og Eliot visste at sosiale spørsmål ikke kan reduseres til tall og statistikk." Kvifor meiner Selboe at litteraturen kan brukast til å kritisere samfunnet?

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Sympati (utdrag)

Korleis, og kvifor, skaper realisten Charles Dickens sympati med karakterane sine?

Del 2: Realistisk kunst

Sjå på dei to måleria under. Bruk Tone Selboes tankar om realistisk litteratur og prøv å overføre dei på biletkunst.

  1. Kva meiner de er formålet med dei to måleria?

  2. Kva verkemiddel bruker dei realistiske målarane for å skape sympati med menneska dei portretterer?

Bilete 1: Uncared for av Augustus Edwin Mulready (1871)

Bilete 2: Kampen for tilværelsen av Christian Krohg (1889)

Del 3: Oliver Twist av Charles Dickens

Den engelske forfattaren Charles Dickens voks sjølv opp i fattigdom, og det var nettopp denne fattigdommen han skreiv om i mange av bøkene sine.

Ein av dei aller mest kjende er historia om Oliver Twist. No skal du lese opningskapittelet i romanen, som handlar om Olivers fødsel. Svar deretter på desse spørsmåla:

  1. Korleis prøver Dickens å skape sympati med dei fattige i dette kapittelet?

  2. Marker passasjar de synest særleg har som mål å vekkje kjenslene til lesaren.

  3. Studer passasjane de har merka nøye og bruk fagomgrep for å forklare korleis Dickens, med språket, prøver å nå fram til lesarane sine med bodskapen.

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Oliver Twist (utdrag)

Eit utdrag frå Charles Dickens' Oliver Twist. Utdraget er frå starten av boka og handlar om Oliver sin fødsel.

Del 4: "Karens jul" av Amalie Skram

Les novella "Karens jul" av Amalie Skram.

  1. Samanlikn novella med utdraget frå Oliver Twist.

  2. Korleis skriv Amalie Skram for å skape sympati med Karen?

Relatert innhald

Kjeldemateriale
Karens jul

Litterær tekst av Amalie Skram

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022