Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Film

Alexander Kielland – ein miljøvernar?

Novella "Torvmyr" av Alexander Kielland handlar om korleis menneska øydelegg naturen, og ho verkar sørgeleg aktuell.

Del 1: Kva er torvmyr?

Diskuter i klassen:

  1. Kva er eigentleg torvmyr?

  2. Studer måleriet Torvmyr av Kitty Kielland over. Kan de sjå spor av menneskeleg aktivitet i dette biletet?

  3. Veit nokon kva menneske på 1800-talet brukte torvmyr til?

  4. Bruker vi torvmyr i dag?

Del 2: Torvmyr før og no

  1. Var de usikre på korleis vi brukte, og bruker, torvmyr? Sjå videoen under om korleis menneske brukte torvmyr i gamle dagar.

  2. Les deretter om moderne bruk av myr og torv på Sabima.no

Sjå ein film om korleis dei brukte torv i gamle dagar (lengde 3:48):

Del 3: Les novella "Torvmyr" av Alexander Kielland

Les novella "Torvmyr" av Alexander Kielland.

Etter at de har lese:

  1. Kvar og ein av dykk skriv med eigne ord kva de meiner er temaet i novella. Skriv ei setning.

  2. Skriv ned eit sitat frå novella som du meiner er ei god grunngiving for det du meiner er temaet.

  3. Sit i grupper. Les opp setningane og sitata de har valt for kvarandre.

  4. Diskuter: Kva er det Alexander Kielland ønsker å fortelje oss med denne novella?

Del 4: Tolk teksten i mindre grupper

Sit i fem grupper. Kvar gruppe får eit utdrag frå teksten som dei skal presentere for klassen. Med kvart utdrag følgjer det eit oppdrag.

Del 5: Er novella aktuell i dag?

  1. Skriv fritt i ti minutt ein og ein. Reflekter over om novella er aktuell i dag.

  2. Diskuter i plenum: Er novella aktuell i dag? Grunngi svara dykkar.

  3. Diskuter: Vil de kalle Alexander Kielland for ein miljøvernar etter å ha lese denne novella? Grunngi svara dykkar.

Relatert innhald

Alexander Kielland

Som forfattar var Alexander Kielland oppteken av å sette samfunnsproblem under debatt.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 16.09.2026