Skrivestilen i det realistiske problemdramaet - Norsk (SF vg3) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Skrivestilen i det realistiske problemdramaet

Målet for dei realistiske dramatikarane var å etterlikne verkelegheita, då kunne dei avsløre kritikkverdige forhold i samtida. Her skal vi sjå på typiske kjenneteikn ved det borgarlege dramaet, med døme frå eit skodespel frå meisteren sjølv: Gjengangere av Henrik Ibsen.

Titteskapsteater

Dei realistiske dramatikarane ville at scenen som møtte publikum, var noko dei skulle kjenne seg igjen i. Dermed måtte han sjå ut som den typiske borgarlege heimen på 1800-talet. I tillegg måtte skodespelarane oppføre seg som om publikum ikkje var til stades. Tidlegare kunne skodespelarar både bryte ut i song eller vende seg direkte til publikum. Dette høyrer ikkje heime i det realistiske dramaet, då det bryt med illusjonen om at det som skjer på scenen, er verkeleg.

Det er grunnen til at vi ofte kallar det realistiske dramaet for titteskapsteater. Eit titteskap var eit slags skap der du kunne kikke inn på ulike bilete. Det blei ofte brukt på marknader som underhaldning, ein slags optisk illusjon og tidleg form for kino, som gir inntrykk av at du kikkar inn i ei anna verkelegheit. Svært ofte var tablåa som blei brukte, interiør av flotte stover.

Slik fekk publikum kjensla av å vere den fjerde veggen i den borgarlege stova der dramaet går føre seg.

Scenetilvisingar

Også scenetilvisingane blei brukte for å etterlikne verkelegheita. Ibsen var spesielt kjend for dette. Les til dømes gjennom scenetilvisingar i starten av første akt til Gjengangere (1881). Her blir eit typisk borgarleg heim attskapt med både "hagestove", "sybord" og "blomsterrom".

En rummelig havestue med en dør på den venstre sidevæg og to døre på væggen til højre. I midten af stuen et rundt bord med stole omkring; på bordet ligger bøger, tidsskrifter og aviser. I forgrunden til venstre et vindu, og ved samme en liden sofa med et sybord foran. I baggrunden fortsættes stuen i et åbent noget smalere blomsterværelse, der er lukket udad af glasvægge og store ruder. På blomsterværelsets sidevæg til højre er en dør, som fører ned til haven. Gennem glasvæggen skimtes et dystert fjordlandskab, sløret af en jævn regn.

Her kan du sjå korleis Fjernsynsteateret attskaper Ibsens scenetilvisingar: Gjengangerenrk.no

Typar

Eit anna verkemiddel for å skape attkjenningseffekt var å lage såkalla typar. Det vil seie at mange av karakterane i dramaet representerte ulike grupper vi finn ute i samfunnet. Målet for realistane var jo å avsløre det som var gale i samfunnet. Dermed måtte nokre av karakterane vere berarar av ulike ideal og representantar for denne samfunnsgruppa.

I Gjengangere er til dømes pastor Manders ein typisk representant for presteskapet: Han er konservativ, lite open for andre sine tankar og meiner det er viktigare å ha ein fin fasade enn å fortelje sanninga.

I løpet av stykket blir likevel hykleriet og dobbeltmoralen hans avkledd då heile stykket endar i katastrofe. Årsaka er at Helene Alving, som lenge har prøvd å leve etter pastor Manders sine ideal, ikkje lenger orkar det løgnaktige livet. Han representerer det gamle samfunnet som meiner ideal er viktigare enn sanning, og han må derfor avslørast:

Pastor Manders: Er der ikke en røst i Deres morshjerte, som forbyder Dem at nedbryte Deres søns idealer?
Fru Alving: Ja, men sandheden da?
Pastor Manders: Ja, men idealerne da?
Fru Alving: Å - idealer, idealer! Hvis jeg bare ikke var så fejg, som jeg er!

Naturlege replikkar

Om stykket skulle verke realistisk, måtte sjølvsagt replikkane til skodespelarane òg vere det. Dermed måtte dei liggje nær det språket karakterane kunne ha snakka ute i det verkelege livet. Realistane streva derfor etter å la replikkane seie noko både om karakterane sin klasse, bakgrunn og personlegdom.

Gjengangere er eit drama som viser mangfaldet i språket til karakterane. Pastor Manders snakkar fint og konservativt, fru Alving snakkar òg fint, men er meir spontan i talen, mens Osvald snakkar ungdommeleg. Aller tydelegast ser vi realismen i replikkane til Snekker Engstrand og Regine. Snikkaren kjem frå arbeidarklassen og bannar og snakkar med eit elles rått språk. Regine vekslar. Ho snakkar fint med fru Engstrand, medan ho godt kan snakke stygt med snikkaren. Ho har til og med lært seg nokre franske uttrykk i fru Alvings hus:

Regine: Ja, det kan du være viss på vi skal få se. Jeg, som er opvokset hos kammerherreinde Alving –? Jeg, som blir holdt næsten som et barn her –? Skulde jeg flytte hjem til dig? Til et sligt hus? Fy da!
Engstrand: Hvad fan’ er det? Sætter du dig op imod din far, tøs?
Regine (mumler, uden at se på ham): Du har tidtnok sagt, at jeg ikke kom dig ved.
Engstrand: Pyt; hvad vil du bry’ dig om det.
Regine: Har du ikke mangen god gang skældt og kaldt mig for en –? Fi donc!

Retrospektiv teknikk

For å ikkje bryte med illusjonen om at det som skjedde på scenen var verkeleg, måtte handlinga gå over kort tid. Problemet er at det er avgrensa kor mange konfliktar notidsplanet kan innehalde før stykket mistar truverdet sitt.

Dermed valde mange av dei realistiske forfattarane å plassere konfliktane som skapte dramatikk i fortida. Denne fortida blir gradvis rulla opp i løpet av dramaet og driv notidshandlinga framover.

I Gjengangere går til dømes notidshandlinga berre over eitt døgn, men i samtalar mellom karakterane får vi vite om både Kammerherre Alvings alkoholisme og utruskap, årsaka til Osvalds sjukdom og sanninga om kven som er ekte far til Regine.



Kjelder

Ibsen, Henrik (1881). Gjengangere. Henta frå https://www.ibsen.uio.no/drvit_ge%7CGeht.xhtml

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022