Soga om Gunnlaug Ormstunge

1
Torstein heitte ein mann, han var son av Egil, son av Skallagrim, son av Kveldulf herse frå Noreg. Mora til Torstein heitte Åsgerd Bjørnsdotter. Torstein budde på Borg i Borgarfjorden. Han var rik og ein stor høvding, ein klok, fredeleg og måtehalden mann i alle ting. Han var ikkje så uvanleg i storleik og styrke som Egil, far sin, men likevel var han ein uvanleg staut kar og godt likt av alle. Torstein var ein vakker mann med lyst hår og vakre auge. Kona hans var Jofrid, dotter til Gunnar Livsson. (Ho var atten år då Torstein fekk henne, og enke.) Ho hadde før vore gift med Torodd Tunge-Oddsson, og dotter deira var Hungerd, som vaks opp på Borg hos Torstein. Jofrid var ei svært gjæv kvinne. Ho og Torstein hadde mange barn, men få av dei vedkjem denne soga. Den eldste sonen deira heitte Skule, ein annan Kollsvein og ein tredje Egil.
2
Det blir fortalt at ein sommar kom eit skip til lands i Guvåosen. Styresmannen heitte Bergfinn. Han var av norsk ætt, svært rik og noko tilårskommen. Han var ein klok mann. Torstein bonde rei ned til skipet. Han hadde oftast mest å seie der det var kjøpestemne. Austmennene leigde seg husvære, og Torstein tok imot styresmannen, fordi han bad om å få vere på Borg. Bergfinn var fåmælt om vinteren, men Torstein heldt han vel. Austmannen hadde stor glede av å tyde draumar.
Ein dag om våren snakka Torstein med Bergfinn om at han ville ri med han oppunder Valfjell. Den gongen var tingstaden til borgarfjordingane der, og Torstein hadde høyrt at buveggen hans hadde falle saman. Austmannen sa at det ville han gjerne, og same dagen rei dei tre mann heimanfrå til dei kom til garden Grenjar. Der budde det ein fattig mann som heitte Atle. Han var leiglendingen til Torstein, og Torstein bad han bli med dei og ta med grev og spade. Han gjorde så. Då dei kom opp under Valfjell, tok dei til med arbeidet og sette veggene i stand. Sola steikte heitt og tok svært på Torstein og austmannen. Då dei hadde gjort unna arbeidet, sette dei seg ned på buvollen, og Torstein sovna og jamra seg i søvne. Austmannen sat hos han og let han drøyme, og då han vakna, var han heilt utsliten. Austmannen spurde kva han hadde drøymt, sidan han jamra seg sånn i søvne. Torstein svarte: «Draumar er ikkje noko å bry seg om.»
Men då dei rei heimover om kvelden, spurde austmannen ein gong til kva Torstein hadde drøymt. Torstein seier: «Dersom eg fortel deg draumen, då skal du tyde han slik han er.» Austmannen seier at han skal prøve det. Torstein sa då: «Det drøymde eg, at eg syntest eg var heime på Borg utanfor stovedøra. Oppå mønet til huset såg eg ei vakker svane, som eg syntest eg eigde og var svært glad i. Så såg eg det kom flygande ein stor ørn ovanfrå fjella. Han flaug bort og sette seg hos svana og kakla blidt, og ho verka som ho likte det godt. Eg såg at ørnen hadde svarte auge og jernklør, og såg djerv ut. Deretter såg eg ein annan fugl komme flygande sørfrå. Han flaug hit til Borg og sette seg på mønet hos svana og ville gjere seg til venns med henne. Det var òg ein stor ørn. Men då den andre kom, syntest eg den første ørnen blei svært opphissa, og dei slost hardt og lenge. Eg såg at begge blødde, og så hard var kampen deira at dei fall ned på kvar si side av mønet, og begge var då døde. Men svana sat igjen, svært trist og sorgfull. Då såg eg ein fugl komme flygande vestfrå. Det var ein falk. Han sette seg saman med svana og var blid mot henne. Sidan flaug dei bort i same retning, og då vakna eg. Men denne draumen er ikkje merkeleg», seier han, «han varslar vel om uvêr som møtest i lufta, frå dei kantane som eg syntest fuglane flaug».
Austmannen seier: «Ikkje trur eg at det er sånn.» Torstein sa: «Tyd då draumen slik du meiner er mest truleg, og la meg høyre.» Austmannen sa: «Dei fuglane er vel helst mannefylgjer. Men no er kona di med barn, og ho vil føde eit fint og vakkert jentebarn, og de vil alle vere glade i henne. Men gjæve menn frå dei kantar der du syntest ørnane kom frå, vil legge stor elsk til dotter di og fri til henne og slåst om henne, og begge vil miste livet av den grunn. Sidan vil ein tredje mann, frå den kanten som falken kom, fri til dotter di, og med han blir ho gift. No har eg tydd draumen din, og eg tenker nok det vil gå slik.» Torstein svarer: «Ille og uvennleg er draumen tydd, du kan nok ikkje tyde draumar.» Austmannen seier: «Du kjem til å sjå korleis det vil gå.» Torstein blei sint på austmannen, men han drog bort om sommaren og er no ute av soga.
3
Om sommaren gjorde Torstein seg klar til å dra til tings og sa til Jofrid, kona si, før han drog heimanfrå: «Det er så at du er med barn, og det barnet skal du bere ut om du føder ei jente, men fostre opp om det er ein gut.» Den gongen, då landet var heidensk, var det framleis nokon som hadde den vanen at dei let barna sine bere ut, om dei hadde lite gods og mange barn å sørge for, men folk syntest alltid det var ille gjort. Og då Torstein hadde sagt dette, svarer Jofrid: «Dette er usømmeleg tale av ein slik mann som du er. Du kan vel ikkje gjere slikt, så rik som du er.» Torstein seier: «Du kjenner lynnet mitt og veit at det ikkje blir til det gode om du ikkje gjer som eg seier.» Sidan rei han til tings.
Medan han var borte, fødde Jofrid eit uvanleg vakkert jentebarn. Kvinnene ville bere det til henne, men ho sa at det var ikkje verdt, og let kalle sauepassaren, som heitte Torvard, til seg. Til han sa ho: «Du skal ta hesten min og legge sal på han og ta dette barnet med deg vest til Hjardarholt, til Torgerd Egilsdotter, og be henne fostre det opp i hemmelegheit, så ikkje Torstein får greie på det. For med slik kjærleik ser eg på dette barnet, at eg slett ikkje orkar at det skal berast ut. Men her er tre merke sølv som du skal ha for bryet. Torgerd skal skaffe deg skipsplass der vest, og niste over havet.» Torvard gjorde som ho sa. Sidan rei han vest til Hjardarholt med barnet og gav det til Torgerd. Ho let ein leiglending fostre det opp, og han budde inne på Løysingstad i Kvamsfjorden. Men Torvard skaffa ho skipsplass nord i Skjelvik i Steingrimsfjord, og niste over havet. Han drog då frå Island og er no ute av soga.
Då Torstein kom heim frå tinget, fortalde Jofrid han at barnet var bore ut, sånn som han hadde sagt, men sauepassaren hadde rømt og stole med seg hesten hennar. Torstein sa at ho hadde gjort vel, og han skaffa seg ein ny sauepassar.
Og no gjekk det seks år utan at dette kom opp. Då rei Torstein vest til Hjardarholt til gjestebod hos svogeren sin, Olav På Høskuldsson, som på den tida syntest å vere den gjævaste høvdingen der vest. Torstein blei godt motteken der, som rimeleg var. Det blir sagt at medan han var der, sat Torgerd, søster hans, og snakka med han i høgsetet, og Olav snakka med nokre andre menn. På benken midt imot dei sat tre jenter. Då sa Torgerd: «Korleis liker du, bror, desse småjentene som sit imot oss her?» Han svarer: «Svært godt, men den eine er likevel mykje fagrare enn dei to andre. Ho er fin som Olav, men ho er lys i huda og har ansiktstrekka til oss myrmenn.» Torgerd seier: «Visst er det sant at ho er lys og har trekk som oss myrmenn, men ho liknar ikkje på Olav På, for ho er ikkje dotter hans.» «Korleis kan det skje?» seier Torstein, «og likevel er ho dotter di?» Ho svarer: «Når eg skal seie deg som sant er, frende, så er ho dotter di og ikkje mi, denne fagre jenta.»
Og så fortel ho han alt som hadde skjedd, og ber han tilgi henne og kona si for det dei hadde gjort. Torstein sa: «Ikkje kan eg laste dykk for dette. Det går som lagnaden vil med dei fleste ting, og de har retta godt opp igjen tankeløysa mi. Eg liker denne jenta så godt at eg synest det er ei stor lykke å ha så fagert eit barn. Men kva heiter ho?» «Helga heiter ho», seier Torgerd. «Helga den fagre», seier Torstein. «No skal du gjere henne klar til å reise heim med meg.» Ho gjorde det. Torstein blei følgd ut derfrå med gode gåver, og Helga rei heim med han og blei oppfostra der med stor omtanke og kjærleik frå far og mor og alle frendar.
4
På denne tida budde Illuge Svarte, son til Hallkjel Rosskjelsson, på Gilsbakke på Kvitåsida. Mor til Illuge var Turid Dylla, dotter til Gunnlaug Ormstunge. Illuge var den største høvdingen i Borgarfjorden, nest etter Torstein Egilsson. Han hadde store eigedommar og var svært hardlynt, men stelte vel med vennene sine. Han var gift med Ingebjørg, dotter til Åsbjørn Hørdsson frå Ørnulvsdal. Mor til Ingebjørg var Torgerd, dotter til Midtfjords-Skjegge. Illuge og Ingebjørg hadde mange barn, men få av dei vedkjem denne soga. Hermund heitte ein av sønene deira, ein annan Gunnlaug. Begge var evnerike menn og nettopp vaksne. Det blei sagt om Gunnlaug at han var svært tidleg vaksen og stor og sterk. Han hadde lysebrunt hår som fall fint, svarte auge, litt stygg nase, men tekkeleg ansikt. Han var smal om livet og brei over skuldrene, uvanleg velvaksen, ein storslått mann i heile sitt huglynne, tidleg æretørst, strid og hard i alle ting, ein stor skald som gjerne dikta nidviser, og blei kalla Gunnlaug Ormstunge. Hermund var den vennlegaste av dei og førte seg som ein høvding.
Då Gunnlaug var femten år gammal, bad han far sin om ferdagods. Han sa han ville dra utanlands og sjå andre folks skikkar. Illuge bonde viste lite velvilje for dette og sa at han ikkje trudde Gunnlaug ville vere god å ha i utlandet, når han knapt kunne styre han som han ville der heime. Litt seinare var det at Illuge bonde gjekk tidleg ut ein morgon og såg at stabburet hans var ope, og at seks varesekkar var lagde ut på tunet, og dessutan kløvfeste. Han undra seg mykje over dette. Då kom ein mann leiande med fire hestar, og det var Gunnlaug, son hans. Han sa: «Eg har lagt ut sekkane.» Illuge spurde kvifor han gjorde det. Han svarte at det skulle vere ferdagodset hans. Illuge sa: «Inga hjelp skal du få av meg, og ingen stader reise før eg vil det», og slengde sekkane inn igjen. Gunnlaug rei då bort derfrå og kom om kvelden ned til Borg. Torstein bonde baud han vere der, og det tok han imot. Gunnlaug fortel Torstein korleis det hadde gått mellom han og faren. Torstein bad han vere der så lenge han ville. Og der var han det året og lærte lovkunnskap av Torstein, og alle likte han godt. Han og Helga spelte ofte brettspel. Snart likte dei kvarandre svært godt, som det sidan skulle vise seg. Dei var omtrent jamgamle. Helga var så fager at kunnskapsrike menn seier at ho har vore den vakraste kvinna på Island. Håret hennar var så stort at det kunne gøyme henne heilt, og fagert som gullband. Ikkje noko gifte syntest å komme opp mot Helga den fagre i heile Borgarfjorden eller andre stader vidt omkring.
Ein dag folk sat i stova på Borg, sa Gunnlaug til Torstein: «Det er ein ting i lovene som du ikkje har lært meg: å feste meg ei kvinne.» Torstein seier: «Det er inga sak», og lærte han korleis det skulle gjerast. Så sa Gunnlaug: «No skal du sjå om eg har skjønt det. No vil eg ta deg i handa og late som eg festar Helga, dotter di.» Torstein seier: «Det tenker eg er til liten nytte.» Gunnlaug tok han då straks i handa og sa: «Gjer no som eg ber om.» «Gjer som du vil», seier Torstein, «men det skal de vite som er til stades her, at dette skal vere som usagt, og det skal ikkje vere nokon baktanke i det.» Så nemnde Gunnlaug seg vitne og festa Helga, og spurde etterpå om det var godt nok slik. Torstein sa at slik kunne ein gjere det, og alle som var til stades, hadde mykje moro av dette.
5
Ånund heitte ein mann som budde sør ved Mosfell. Han var ein svært rik mann og hadde godord der sør. Han var gift, og kona hans var Geirny, dotter til Gnup Molda-Gnupsson, som tok land sør i Grindvik. Sønene deira var Ramn, Torarin og Eindride. Dei var alle evnerike menn, men Ramn var fremst av dei i alle ting. Han var ein stor og sterk og svært vakker mann, og ein god skald. Så snart han var vaksen, for han mykje utanlands og blei vel respektert alle stader han kom. På den tida budde sør på Hjalle i Ølfus Torodd den spake Eivindsson og Skafte, son hans, som då var lovseiemann på Island. Mor til Skafte var Rannveig, dotter til Gnup Molda-Gnupsson, og Skafte og Ånund-sønene var søskenbarn. Det var stor vennskap mellom dei i tillegg til slektskapen. Ute på Raudamel budde då Torfinn Seltoresson. Han hadde sju søner, alle evnerike menn. Tre av dei heitte slik: Torgils, Eyolv og Tore, og dei var dei fremste mennene der ute. Desse mennene som no er nemnde, levde alle på same tid.
Straks etter dette hende det som er det beste av alt som har hendt på Island, at heile folket blei kristna, og alt folket gav opp den gamle trua. Gunnlaug Ormstunge, som det før har vore tale om, var no i tre år stundom på Borg hos Torstein og stundom heime på Gilsbakke hos Illuge, far sin. Han var no atten år, og han og faren var gode venner. Ein mann heitte Torkjel Svarte. Han var gardsguten til Illuge, i nær slekt og hadde vakse opp der. Det fall ein arv på han på Ås nord i Vassdal. Han bad Gunnlaug fare med dit, og det gjorde han. Dei to rei saman til Ås, og med Gunnlaug si hjelp fekk han godset utgreidd av dei som hadde teke hand om det. Då dei rei sørover, gjesta dei ein rik bonde som budde på Grimstunga. Men om morgonen tok sauepassaren hesten til Gunnlaug og rei han så han skumma av sveitte då dei fekk han igjen. Gunnlaug slo sauepassaren i svime. Bonden ville ikkje finne seg i slikt og kravde bot for det. Gunnlaug baud å betale han ei mark. Bonden syntest det var for lite. Men Gunnlaug kvad denne visa:
Vesle mann, di makt er lita, eg byr deg ei mark. Sølvet i auget skin som solglans på bølga blå. Ta det du får, og tei! Tru meg, du sidan angrar sårt om i dag du spiller sølvet du her kan få.
Forliket blei som Gunnlaug baud, og dermed rei dei sørover og heim.
Litt seinare bad Gunnlaug igjen far sin om ferdagods. Illuge seier: «No skal det vere som du vil. Du har teke deg saman sidan sist.» Illuge rei straks av garde og kjøpte halvparten av eit skip, som stod på land i Guvåosen, av Audun Festargram til Gunnlaug. (Denne Audun ville ikkje ta med Osviv Spake frå Island etter drapet på Kjartan Olavsson, som Laksdølasoga fortel om, men det var seinare enn dette.) Då Illuge kom heim, takka Gunnlaug han mykje. Torkjel Svarte skulle bli med Gunnlaug, og varene deira blei flytta om bord på skipet. Men Gunnlaug var på Borg medan dei klargjorde skipet, og syntest å like betre å snakke med Helga enn å arbeide saman med kjøpmennene. Ein dag spurde Torstein Gunnlaug om han ville ri med opp i Langvassdalen til hestane. Gunnlaug sa at han ville det. No rei dei saman til dei kom til Torgilsstad, selet til Torstein, og der gjekk det nokre avlshestar som Torstein eigde, fire i talet, alle raude i fargen. Hingsten var svært fin, men lite prøvd.
Torstein ville gi Gunnlaug hingsten, men han sa at han ikkje trong hestar, sidan han tenkte seg utanlands. Då rei dei til nokre andre avlshestar. Der var det ein grå hingst med fire hopper, og det var den beste i heile Borgarfjorden. Torstein baud Gunnlaug han. Han svarer: «Ikkje vil eg ha denne meir enn den andre, men kvifor byr du meg ikkje det eg gjerne vil ha?» «Kva er det?» spør Torstein. Gunnlaug svarer: «Helga den fagre, dotter di.» Torstein svarer: «Det kan ikkje avgjerast så brått», og tok til å snakke om noko anna, og så rei dei heimover langs Langå.
Då sa Gunnlaug: «Vite vil eg korleis du svarer på frieriet mitt.» Torstein svarer: «Ikkje bryr eg meg om pratet ditt.» Gunnlaug sa: «Dette er alvoret mitt, og ikkje berre prat.» Torstein sa: «Først må du vite kva du vil. Har du ikkje tenkt deg utanlands? Og likevel let du som om du vil gifte deg? Du er ikkje noko passande gifte for vår Helga når du er så vinglete, og derfor vil eg ikkje tenke meir på dette.» Gunnlaug spurde: «Kva tenker du då om giftarmål for dotter di, når du ikkje vil gifte henne med sonen til Illuge Svarte? Eller kven er det i Borgarfjorden som er gjævare enn han?» Torstein svarer: «Ikkje vil eg samanlikne, men var du slik mann som han, ville du ikkje bli bortvist.» Gunnlaug sa: «Kven vil du heller gifte dotter di med enn meg?» Torstein svarer: «Her er mange gjæve menn å velje mellom. Torfinn på Raudamel har sju søner, alle mannlege karar.» Gunnlaug seier: «Verken Ånund eller Torfinn er jamgode med far min, for sjølv du står tydeleg tilbake for han. Eller kva har du å stille opp mot at han åleine slost mot Torgrim gode Kjallaksson og son hans på Torsnestinget, og vann det striden stod om?» Torstein svarer: «Eg jaga bort Steinar, sonen til Ånund Sjone, og synest det var ganske godt gjort.» Gunnlaug seier: «Du fekk hjelp av Egil, far din. Men få bønder ville vel stå seg på å nekte meg svogerskap.» Torstein svarer: «Spar truslane dine til folk oppunder fjella. Du kjem ingen veg med slikt her ute på myrane.»
Dei kom heim om kvelden. Morgonen etter rei Gunnlaug heim til Gilsbakke og bad faren sin ri med til Borg og fri. Illuge svarer: «Du er ein ustø mann. Du skal til å fare utanlands, og no har du tenkt å fri. Eg veit at slikt liker ikkje Torstein.» Gunnlaug seier: «Eg har tenkt å dra likevel, og liker meg ikkje viss ikkje du er med meg.» Sidan rei Illuge med elleve mann ned til Borg, og Torstein tok vel imot han. Morgonen etter sa Illuge til Torstein: «Eg vil tale med deg.» Torstein svarer: «La oss gå opp på borga og snakke der.» Og det gjorde dei. Gunnlaug gjekk med dei. Då sa Illuge: «Gunnlaug, son min, seier at han har vore på friarferd hos deg og bede om Helga, dotter di. No vil eg gjerne vite kva for eit utfall den saka skal få. Du kjenner ætta hans og rikdommen vår. Frå mi side skal det ikkje bli spart på verken gard eller høvdingskap om det kan avgjere saka.» Torstein svarer: «Det einaste eg lastar Gunnlaug for, er at han er vinglete. Var han lik deg i lynne, ville eg ikkje nøle lenge med dette.» Illuge svarer: «Det vil slite på vennskapen vår viss du ikkje finn meg og son min som passande svogerskap.» Torstein sa: «For dine ord og vennskapen vår skal Helga vere lova til Gunnlaug, men ikkje festa til han, og vente i tre år. Gunnlaug skal dra utanlands og skikke seg etter gode menns sedar og skikkar. Men eg skal vere laus frå alle avtalar om han ikkje kjem tilbake, eller om eg ikkje liker lynnet hans.» Med dette skildest dei. Illuge rei heim, men Gunnlaug rei til skipet. Då dei fekk bør, sette dei til havs. Dei kom med skipet sitt til Noreg og segla inn gjennom Trondheimen til Nidaros. Der låg dei i hamn og lossa skipet.
6
På denne tida styrte Eirik jarl Håkonsson og Svein, bror hans, for Noreg. Eirik jarl budde på Lade, ættegarden sin, og var ein mektig høvding. Skule Torsteinsson var då hos jarlen. Han var hirdmannen hans, og vel omtykt. Det blir fortalt at Gunnlaug og Audun Festargram gjekk inn til Lade med ti mann. Gunnlaug var slik kledd at han hadde grå kjortel og kvit sokkebukse. Han hadde ein verkebyll på foten, nede ved rista, som det tytte ut blod og verk av når han gjekk. Med det antrekket gjekk han fram for jarlen saman med Audun og helsa han vel. Jarlen kjende Audun og spurde han om nytt frå Island, og Audun fortalde det som var å fortelje. Jarlen spurde Gunnlaug kven han var, og han sa namnet sitt og ætta si. Jarlen spurde: «Skule Torsteinsson, kva slags mann er dette på Island?» «Herre», sa han, «ta godt imot han, for han er son av ein av dei gjævaste mennene på Island, Illuge på Gilsbakke, og fosterbroren min». Jarlen sa: «Kva er i vegen med foten din, islending?» Gunnlaug svarte: «Det er ein byll på han, herre.» «Og likevel haltar du ikkje?» Gunnlaug svarer: «Ikkje skal eg halte så lenge begge føtene er like lange.» Då sa ein av hirdmennene til jarlen, Tore heitte han: «Han skryter mykje, denne islendingen, og det ville vere bra om vi testa han litt.» Gunnlaug såg på han og sa: «I hirda han er, vond og svær, tru han ikkje rart, han er vond og svart.»
Då ville Tore gripe øksa, men jarlen sa: «Ver roleg, ein skal ikkje bry seg om slikt. Men kor gammal er du, islending?» Gunnlaug svarer: «Eg er atten år.» «Då seier eg det», seier jarlen, «at du blir ikkje atten til».
Gunnlaug sa, men heller lågt: «Be ikkje vondt for meg, men heller om noko godt for deg sjølv.» Jarlen spurde: «Kva sa du no, islending?» Gunnlaug svarer: «Eg sa det som syntest å passe best, at du ikkje skulle be ubønner for meg, men heller gode bønner for deg sjølv.» «Kva meiner du?» spør jarlen. «At du ikkje må få ein slik død som Håkon jarl, far din.» Jarlen blei raud som blod og bad dei gripe denne galningen på flekken. Då gjekk Skule fram for jarlen og sa: «For mi skyld, herre, gi denne mannen grid og la han reise bort med ein gong.» Jarlen svarte: «Om han vil ha grid, må han reise straks, og aldri meir komme til riket mitt.» Så tok Skule med Gunnlaug ut og ned til bryggene. Der låg ein englandsfarar segleklar, og dit førte Skule Gunnlaug og Torkjel, frenden hans. Gunnlaug gav skipsparten sin og det godset han ikkje fekk med seg, i Audun si varetekt. No segla dei i Englandshavet og kom om hausten til bryggene i London, og der sette dei opp skipet sitt.
7
Den gongen styrte kong Adalråd Jåtgeirsson over England og var ein god høvding. Denne vinteren sat han i London. (På den tida hadde dei same tungemål i England som i Danmark og Noreg. Språkskiftet kom då Vilhjalm Bastard vann landet. Frå den tida brukte dei fransk der, for ætta hans kom derfrå.) Gunnlaug gjekk straks fram for kongen og helsa han vel og høfleg. Kongen spurde kva land han kom frå. Gunnlaug fortel det. «Og grunnen til at eg kjem til Dykk, herre, er at eg har dikta eit kvad om Dykk, og eg ville gjerne at De skulle høyre det.» Kongen sa at det ville han gjerne. Gunnlaug sa fram kvadet sitt fint og fyndig, og stevet var slik:
Alle krigarar i England fryktar kong Adalråd, kjemper og kraftige gudar hyllar kongen.
Kongen takka han for kvadet og gav han i skaldelønn ei skarlakskappe fora med beste slag skinn og gullsydd heilt ned i fanget, og gjorde han til hirdmannen sin. Gunnlaug var med kongen heile vinteren og blei godt omtykt.
Tidleg ein morgon møtte Gunnlaug tre menn på gata. Den fremste av dei heitte Tororm. Han var stor og sterk og svært kranglevoren. Han sa: «Nordmann, lån meg nokre pengar.» Gunnlaug svarer: «Ikkje er det lurt å låne pengar til ukjent folk.» Tororm svarer: «Eg skal betale deg på fastsett tid.» «Då skal eg våge det», seier Gunnlaug. Så lånte han Tororm pengane. Litt seinare møtte Gunnlaug kongen og fortalde han om lånet. Kongen svarer: «No har du ikkje hatt hell med deg. Dette er ein dårleg kar, ein stor ransmann og viking. Ha ikkje noko med han å gjere, eg skal gi deg like mykje pengar igjen.» Gunnlaug seier: «Ille er det med oss då, hirdmennene Dykkar, vi går på saklause menn, men lar slike sitje med det som vårt er. Slikt skal aldri skje.» Ei tid etter møtte han Tororm og kravde pengane, men han sa at han ikkje ville betale. Gunnlaug kvad då denne visa:
Gi meg gullet mitt med det gode, gale det elles går deg. Far ikkje med fusk eller svikeferd, farleg det blir for deg då.
Alt då eg var ein unggut, Ormstunge dei meg kalla. Dårleg passar det ikkje, det skal du no få sjå.
«No vil eg by deg vilkår etter lova», seier Gunnlaug. «Anten gir du meg pengane no, eller så går du holmgang med meg på tre dagars varsel.» Då lo vikingen og sa: «Det har ingen vågd før deg, å by meg på holmgang, endå så ille mange har komme ut for meg, og det vil eg gjerne.» Dermed skildest dei den gongen. Gunnlaug fortel kongen kva som har skjedd. Han svarer: «No har du komme opp i ei håplaus sak, for denne mannen døyver alle våpen. No skal du gå fram etter mitt råd. Her er eit sverd, som eg vil gi deg. Med dette skal du slåst, men vis han eit anna.» Gunnlaug takka kongen vel. Og då dei var klare til holmgangen, spurde Tororm korleis sverdet hans var laga. Gunnlaug viser han det og dreg det, men hadde ei løkke om handtaket på kongsgåva, og drog det opp under handa si. Då han såg sverdet, sa berserken: «Ikkje er eg redd for dette sverdet.» Han hogg så til Gunnlaug med sverdet sitt at han nesten hogg skjoldet av han. Gunnlaug hogg straks imot med kongsgåva. Berserken stod utan å verje seg, han trudde Gunnlaug brukte det same sverdet som han hadde vist fram. Og Gunnlaug gav han då straks banehogg. Kongen takka han for verket. Med dette vann han stor merksemd i England og vidt omkring. Om våren då skipa byrja å segle mellom landa igjen, bad Gunnlaug kongen om lov til å segle. Kongen spurde kva han ville då. Gunnlaug svarte: «Eg vil gjere det som eg har bestemt meg for», og kvad denne visa:
To jarlars og tre kongars heim, besøke dei skal eg. Dette løftet har eg lova. Å halde det liker eg. Først når krig meg kallar, kjem eg hit tilbake – gull og gilde ringar gir handa di, den rause.
«Så skal det vere, skald», sa kongen og gav han ein gullring, som vog seks øre. «Men det skal du love meg, at du vil komme tilbake hit igjen neste haust, for eg vil ikkje sleppe deg som er så dyktig.»
8
Sidan segla Gunnlaug frå England med kjøpmennene nord til Dublin. Der styrte den gongen kong Sigtrygg Silkeskjegg, son til Olav Kvåran og dronning Kormlød. Han hadde berre styrt ei kort stund. Gunnlaug gjekk straks fram for kongen og helsa han vel og høfleg. Kongen tok imot han som det sømmer seg. Gunnlaug sa: «Eg har dikta eit kvad om Dykk, herre, og eg vil gjerne få seie det fram.» Kongen sa: «Ingen har før gjort noko kvad for meg, så det vil eg gjerne høyre.» Gunnlaug kvad då ei dråpe, og dette er stevet:
Sigtrygg mettar slik Svaras hest med lik. Også dette er med der: Eg kan nemne lett han av kongeætt som rosen min er verd, Kvårans son det er. Og det håper eg at han unner meg gull og ringar gilde av handa si den milde. Sei då, høvding, meg om du høyrde deg prist med betre kunst? Får eg no din gunst?
Kongen takka han for kvadet, kalla til seg fehirden sin og spurde så: «Korleis skal eg lønne dette kvadet?» Han svarer: «Korleis vil De, herre?» «Korleis er lønna», seier kongen, «om eg gir han to knarrar?» Fehirden svarer: «Det er altfor mykje; andre kongar gir verdifulle gåver som skaldelønn, gode sverd eller gullringar.» Då gav kongen han sine eigne klede, ein kjortel av nytt skarlak med gullsydd kant og ei kappe fora med spesielt fint skinn, og ein ring som vog ei mark. Gunnlaug takka kongen for gåvene og blei der ei stund. Så drog han til Orknøyane.
Då styrte Sigurd jarl Lodvesson for Orknøyane. Han syntest vel om islendingar. Gunnlaug helsa han og sa at han hadde eit kvad å føre fram for han. Jarlen sa at han ville høyre kvadet hans, så gild mann som Gunnlaug var på Island. Gunnlaug sa fram kvadet, og det var ein flokk, vel dikta. Jarlen gav han ei stor, sølvslått øks i skaldelønn og bad han vere der. Gunnlaug takka han for gåva og tilbodet, men sa at han måtte fare aust til Sverige. Sidan gjekk han om bord med dei kjøpmennene som segla til Noreg, og dei kom om hausten aust i Vika til Konghelle. Torkjel, frenden hans, følgde han alle stader. Frå Konghelle fekk dei vegvisar opp i Vest-Gøtaland og kom fram til den kjøpstaden som heiter Skara. Der styrte ein jarl som heitte Sigurd, ein ganske gammal mann. Gunnlaug gjekk fram for han og helsa han vel, og sa at han hadde dikta eit kvad om han. Jarlen bad han seie det fram. Gunnlaug gjorde det, og det var ein flokk. Jarlen takka han og lønte han vel, og baud han vere der om vinteren. Sigurd jarl hadde eit stort julelag den vinteren. Dagen før jul kom det tolv mann frå Noreg, sendemenn frå Eirik jarl. Dei kom med gåver til Sigurd jarl. Jarlen tok vel imot dei og sette dei hos Gunnlaug i jula. Det blei svært lystig rundt ølbollane. Gøtane snakka om at ingen jarl var gjævare enn Sigurd, men nordmennene meinte at Eirik jarl var endå mykje gjævare. Dette tretta dei om, og på begge sider tok dei Gunnlaug til oppmann. Han kvad denne visa:
De seier jarlen midt i stride stormar braut med breie kjølen bølga høg med hesten . I austervegen endå større bølger Eirik, sigerssæle jarlen, såg frå skipet sitt.
Begge partane var vel fornøgde med denne dommen, men nordmennene best. Sendemennene drog derfrå etter jula med gåver som Sigurd jarl sende Eirik jarl. Dei fortalde Eirik jarl om dommen til Gunnlaug. Jarlen syntest Gunnlaug hadde vist han ærleg vennskap, og sende ut ord om at Gunnlaug skulle ha fredland i riket hans. Gunnlaug fekk sidan høyre kva jarlen hadde sagt om dette. Sigurd jarl gav Gunnlaug følge aust til Tiundaland, som han bad om.
9
På denne tida styrte kong Olav Svenske, sonen til kong Eirik Sigersæl og Sigrid Storråde, dotter til Skoglar-Toste, for Sverige. Han var ein mektig og namngjeten konge, ein svært æretørst mann. Gunnlaug kom til Uppsala like før vårtinget. Då han fann kongen, helsa han høfleg. Han tok vel imot han og spurde kven han var. Han sa at han var islending. Den gongen var Ramn Ånundsson hos kongen. Kongen sa: «Ramn, kva slags mann er dette på Island?» Ein stor og staut mann reiste seg frå den ringare benken, steig fram for kongen og sa: «Han er frå ei av dei beste ættene på Island og sjølv ein svært dyktig mann.» «La han då gå og setje seg hos deg», sa kongen. Gunnlaug sa: «Eg har dikta eit kvad til Dykk, herre, og vil gjerne at De skal høyre det og seie kva De synest om det.» «Gå først og sit», sa kongen, «det er ikkje tid for å sitje og høyre kvad no». Gunnlaug og Ramn tok då til å tale saman og fortalde kvarandre om reisene sine. Ramn fortalde at om sommaren hadde han reist frå Island til Noreg, og tidleg på vinteren frå Noreg til Sverige. Dei blei gode venner.
Ein dag då tinget var slutt, var både Gunnlaug og Ramn framme hos kongen. Då seier Gunnlaug: «No vil eg gjerne, herre, at De skulle høyre kvadet mitt.» «Det passar bra no», seier kongen. «No vil eg òg gjerne framfor kvadet mitt», seier Ramn. «Det passar òg bra no», seier kongen. «Då vil eg først føre fram kvadet mitt», seier Gunnlaug, «om De vil det så». «Eg har retten til å kvede først», seier Ramn, «for eg kom til Dykk først». Gunnlaug seier: «Kor kom fedrane våre der far min var på slep etter far din. Ingen stader, og slik skal det òg vere med oss.» Ramn svarer: «La oss no vere så høviske at vi ikkje reiser nokon strid om dette, men lar kongen rå.» Kongen sa: «Gunnlaug skal kvede først, for han blir misfornøgd om han ikkje får viljen sin.»
Då kvad Gunnlaug den dråpa som han hadde dikta om kong Olav. Og då han var ferdig, sa kongen: «Ramn, korleis er kvadet gjort?» «Vel, herre,» sa han, «det er eit stormælt kvad, men ufagert og noko stivt, akkurat som lynnet til Gunnlaug sjølv.» «No skal du føre fram kvadet ditt, Ramn», seier kongen. Han gjer det. Då han var ferdig, spør kongen: «Gunnlaug, korleis er dette kvadet gjort?» Gunnlaug svarer: «Vel, herre, det er eit fagert kvad, akkurat som Ramn sjølv, men lite merkverdig. Men kvifor diktar du ein flokk til kongen?» seier han til Ramn, «synest du ikkje han er verd ei dråpe?» Ramn svarer: «La oss ikkje snakke meir om dette, det kan det vel bli høve til seinare.» Med dette enda dei samtalen sin. Litt seinare blei Ramn hirdmannen til kong Olav og bad om lov til å reise bort. Kongen gav han lov til det. Då Ramn var klar til å reise, sa han til Gunnlaug: «No skal det vere slutt med vennskapen vår, for du snakka ille om meg her hos høvdingen. No skal eg ein gong vanære deg ikkje mindre enn du ville gjere med meg her.» «Ikkje skremmer truslane dine meg», seier Gunnlaug, «og ingen stader vil vi komme der eg blir æra mindre enn du.» Kong Olav gav Ramn gilde gåver, og så drog han bort.
Ramn reiste austfrå om våren og kom til Trondheim, klargjorde skipet sitt og segla til Island om sommaren, og kom til Leirvåg nedanfor Heia. Frendane og vennene hans blei glade då han kom, og han var heime hos far sin den vinteren. Om sommaren, på alltinget, møttest frendane Skafte lovseiemann og Skalde-Ramn. Då sa Ramn: «Eg vil gjerne ha di hjelp til friarmål hos Torstein Egilsson. Eg vil be om Helga, dotter hans.» Skafte svarer: «Er ikkje ho lova bort til Gunnlaug Ormstunge?» Ramn svarer: «Er ikkje den tida ute no, som blei avtalt mellom dei? Dessutan har overmotet hans blitt altfor stort til at han skulle bry seg om det.» Skafte svarer: «Vi gjer som du vil.» Sidan gjekk dei med mange menn til Torstein Egilssons bu. Han tok vel imot dei. Skafte sa: «Ramn, frenden min, vil be om Helga, dotter di. Du kjenner ætta hans og rikdommen og dyktigheita, og veit at frendane og vennene hans har stor makt.» Torstein svarer: «Ho er lova til Gunnlaug, og eg vil halde alt som er avtalt med han.» Skafte sa: «Er ikkje dei tre vintrane gått no, som blei nemnde mellom dykk?» Torstein sa: «Jo, men enno er ikkje sommaren over, han kan enno komme før hausten.» Skafte spør: «Men viss han ikkje kjem i sommar, kva slags håp kan vi då ha i denne saka?» Torstein svarer: «Vi kjem hit neste sommar, og då får vi sjå kva som synest best. Men ikkje nyttar det å snakke meir om dette no.» Med dette skildest dei og rei heim frå tinget.
Dette blei ikkje halde skjult – at Ramn fridde til Helga. Gunnlaug kom ikkje til Island den sommaren. Og på alltinget neste sommar tok Ramn og Skafte frieriet opp igjen med full styrke. Dei sa at no var Torstein fri frå alle avtalar med Gunnlaug. Torstein svarer: «Eg har få døtrer å sørge for og vil ikkje at dei skal komme på folkemunne. No vil eg først finne Illuge Svarte.» Og det gjorde han. Då dei møttest, sa Torstein: «Synest du ikkje eg er fri frå alle avtalar med Gunnlaug, son din?» Illuge svarer: «Det er sant, viss du ønsker det. Og eg kan seie lite på det, sidan eg ikkje veit kva Gunnlaug tenker å gjere no.» Torstein gjekk då til Skafte, og dei avtalte at bryllaupet skulle stå midtvinternatta på Borg viss Gunnlaug ikkje kom ut, men Torstein skulle vere fri for all avtale med Ramn viss Gunnlaug kom og heldt avtalen. Etter dette rei folk heim frå tinget. Det drog ut før Gunnlaug kom, men Helga likte dårleg denne avtalen.
10
No er det å seie om Gunnlaug at han drog frå Sverige til England same sommaren som Ramn drog til Island, og han fekk gilde gåver av kong Olav då dei skildest. Kong Adalråd tok vel imot Gunnlaug, og han var hos han om vinteren i stor ære. På denne tida styrte Knut den mektige Sveinsson for Danmark. Han hadde nettopp teke imot farsarven sin og trua støtt med å ville herje i England, for kong Svein, far hans, hadde vunne eit stort rike i England før han døydde der vest. Det var ein stor dansk hær der, under ein høvding som heitte Heming, son til Strut-Harald og bror til Sigvalde jarl, og han heldt det riket under kong Knut som kong Svein hadde vunne. Om våren bad Gunnlaug kongen om lov til å reise bort. Kongen svarer: «Ikkje sømmer det seg for deg å reise frå meg, slik ufred som no truar riket mitt, no når du er hirdmannen min.» Gunnlaug seier: «De skal rå, herre, men gi meg lov til å dra til sommaren dersom danane ikkje kjem.» Kongen svarer: «Vi får sjå då.»
No gjekk sommaren og vinteren etter, og danane kom ikkje. Etter midtsommardagen fekk Gunnlaug lov til å reise, og han drog aust til Noreg og fann Eirik jarl på Lade i Trondheim. Jarlen tok vel imot han og baud han vere hos seg. Gunnlaug takka han for tilbodet, men sa at han ville først ut til Island og besøke festarmøya si. Jarlen sa: «No har alle skip drege som skulle til Island.» Då sa ein hirdmann: «Hallfred Vandrådeskald låg her under Agdenes i går.» Jarlen seier: «Det kan vere. Han segla herfrå for fem dagar sidan.» Eirik jarl let Gunnlaug føre ut til Hallfred, og han tok vel imot han. Det var seint på sommaren. Straks fekk dei bør frå land og var lystige og glade. Hallfred sa til Gunnlaug: «Har du høyrt at Ramn Ånundsson frir til Helga den fagre?» Gunnlaug svarer at han har det, men ikkje så nøye. Hallfred fortalde då det han visste, og dessutan at mange menn meinte at Ramn ikkje var mindre til mann enn Gunnlaug. Gunnlaug kvad då denne visa:
Vinden mildt oss voggar, men om vilt i sinne stormen rundt oss rasa, redd eg aldri var. For eitt ord eg fryktar fælare enn døden: Ikkje rir eg raskast, Ramn er meir til kar.
Hallfred sa då: «Det kunne trengast, venn, at du kom betre frå det med Ramn enn eg. For nokre år sidan låg eg med skipet mitt i Leirvåg nedanfor Heia. Eg skylda ein av huskarane til Ramn ei halv mark sølv og heldt pengane tilbake. Men Ramn rei til med seksti mann og kappa trossene, så skipet dreiv på grunn og heldt på å bli vrak. Eg måtte då gi Ramn sjølvdømme og betale ei mark. Slike ting har eg å fortelje om han.» Så talte dei meir om Helga, og Hallfred roste skjønnheita hennar. Gunnlaug kvad då denne visa:
Neppe nyttar det nidredd mann å prøve møya mi å vinne; mi skal Helga bli. Vi var tidleg venner, vaksne snautt å kalle, og så lystig leikte lita hand med mi.
«Dette er vel dikta», seier Hallfred. Dei tok land i Raunshamn nord på Melrakkesletta fjorten dagar før vinternettene, og lossa skipet der.
Tord heitte ein mann, son av ein bonde der på Sletta. Han var svær til å bryte med kjøpmennene, og det gjekk dei ille mot han. Så blei det til at Gunnlaug skulle bryte med han. Om natta før bad Tord til Tor om siger. Om morgonen då dei trefte kvarandre, byrja dei å bryte. Gunnlaug slo begge føtene unna Tord, og han datt rett ned. Men den foten Gunnlaug stod på, gjekk av ledd, og han fall saman med Tord. Då sa Tord: «Det kan hende at det ikkje går deg betre i andre ting.» «Kva då?» spør Gunnlaug. «Saka med Ramn Ånundsson, om han får Helga ved vinternatts tid. Eg var til stades på alltinget i sommar då det blei avtalt.» Gunnlaug svarte ikkje. Så blei foten hans dregen i ledd og bunden for, men han hovna fælt opp. Gunnlaug og Hallfred drog frå Sletta med ti mann veka før vinternettene og kom så sør til Gilsbakke den laurdagskvelden som dei sat i bryllaup på Borg. Illuge blei glad då han såg Gunnlaug, son sin, og følget hans. Gunnlaug sa han ville ri ned til Borg. Illuge sa at det ikkje var råd, og det meinte alle, unnateke Gunnlaug. Men han var så ufør på grunn av foten, endå han ikkje let seg merke med noko, at det ikkje blei noko av ferda. Hallfred rei om morgonen heim til Reduvatn i Nordådalen. Der styrte Galte, bror hans, for eigedommen deira. Han var ein gild kar.
11
No er det å fortelje om Ramn at han sat i bryllaupet sitt på Borg, og dei fleste seier at bruda var heller uglad. Det er sant, som sagt er, at barndomsminne blir gløymde seint. No går det slik med henne òg. Då var det at Sverting, son til Havr-Bjørn Molda-Gnupsson, fridde til Hungerd, dotter til Torodd og Jofrid, og dei skulle ha bryllaup om vinteren etter jul oppe på Skånøy. Der budde Torkjel, frenden til Hungerd, son til Torve Valbrandsson. Mor til Torve var Torodda, søster til Tunge-Odd. Ramn reiste heim til Mosfell med Helga, kona si. Då dei hadde vore der ei kort tid, var det ein morgon før dei stod opp, at Helga vakna, men Ramn sov og jamra seg i søvne. Og då han vakna, spurde Helga kva han hadde drøymt. Han kvad då denne visa:
Blodormen han beit meg, blodet flaut for eggen, då senga di blei sølt til stygt, mi vene brud. I din arm eg blødde, Ramn fekk inga hjelp. Ille det syntest skalden slik å måtte døy.
Helga sa: «Det skulle eg ikkje gråte for, og ille har de visst svike meg. Gunnlaug må ha komme.» Og Helga gret sårt. Litt seinare fekk dei høyre at Gunnlaug hadde komme. Helga blei så strid med Ramn at han ikkje klarte å halde henne der heime. Dei drog ned igjen til Borg, og Ramn hadde lite glede av samlivet med henne.
No gjer folk seg klare til bryllaupet seinare på vinteren. Torkjel frå Skånøy bad Illuge og sønene hans. Då Illuge bonde gjorde seg i stand til å reise, sat Gunnlaug i stova og gjorde seg ikkje klar. Illuge gjekk til han og spurde: «Kvifor gjer du deg ikkje klar, frende?» Gunnlaug svarer: «Eg har ikkje tenkt å dra.» Illuge seier: «Visst skal du dra, frende, og gi deg ikkje til å trø etter ei kvinne. Lat som du ikkje ensar det, og du vil aldri vere opprådd for ei kone.» Gunnlaug gjorde som far hans sa, og dei kom til gjestebodet. Illuge og sønene hans fekk plass i høgsetet, men Torstein Egilsson og Ramn, mågen hans, og følget til brudgommen i det andre høgsetet midt imot Illuge. Kvinnene sat på pallen, og Helga den fagre nærast bruda. Auga til Gunnlaug og Helga ville ofte finne kvarandre, og no viste det seg, som sagt er, at ikkje skjuler auga om ei kvinne er glad i ein mann. Gunnlaug var vel kledd: Han hadde på seg dei vakre kleda som kong Sigtrygg gav han, og han syntest å overgå alle andre menn i styrke, vekst og skjønnheit. Det var lite glede i laget. Og den dagen folk gjorde seg klare til å reise, gjekk kvinnene til side og førebudde heimreisa. Gunnlaug gjekk då til Helga, og dei talte lenge med kvarandre. Då kvad Gunnlaug ei vise:
Ormstunge han eigde inga glede meir sidan Helga drog heim og blei kalla Ramns hustru. For lite ensa faren fråsegn frå mi tunge. For gull blei jenta gitt, gløymt var Gunnlaugs ord.
Og vidare kvad han:
Lite lønne kan eg far din liksom mor di. Venaste viv dei laga, vakrast under kleda. Hardt hugen min er herja, henne skal eg miste. Jotnar må gi dei lønn for verket som dei gjorde.
Då gav Gunnlaug Helga kappa Adalrådsgåve, og det var ein svært dyrebar ting. Ho takka han mykje for gåva. Sidan gjekk Gunnlaug ut, og då hadde det komme mange hestar inn på tunet. Gunnlaug hoppa opp på ein av dei og sprengrei over tunet, rett mot der Ramn stod, så han måtte hoppe unna. Gunnlaug sa: «Kvifor hoppar du unna, Ramn? Du treng ikkje vere redd denne gongen, men du veit kva du har gjort.» Ramn kvad då denne visa:
Stridsmann, gjæve skaldar sømmeleg må fare, ikkje yppe ufred heller spare agget. Krigar, du kan fagre kvinner alltid finne; møyer er for mannen i mengder sør for hav.
Gunnlaug sa: «Det kan vel hende det, at det er mange av dei, men så synest ikkje eg.» Då sprang Illuge og Torstein til og ville ikkje at dei skulle komme i strid. Gunnlaug kvad då denne visa:
Gitt til Ramn den gjæve jenta blei for pengar. Ramn er rik, og dei seier i raskheit han meg når. Krigen frykta kongen, Adalråd. Krigarfyrsten hefta helten. Her står eg no taus.
Etter dette rei folk heim, kvar til sin kant, og det var stille og roleg om vinteren. Men Ramn hadde inga glede av ekteskapet med Helga etter at ho og Gunnlaug hadde møtt kvarandre.
Om sommaren rei folk til tinget: Illuge Svarte og sønene hans, Gunnlaug og Hermund, Torstein Egilsson og son hans, Kollsvein, Ånund frå Mosfell og alle sønene hans, og Sverting Havr-Bjørnsson. Skafte var framleis lovseiemann. Ein dag på tinget, då det var mykje folk på lovberget og dei var ferdige med å avgjere rettssakene, kravde Gunnlaug tausheit og sa: «Er Ramn Ånundsson her?» Han svarer at han er der. Gunnlaug sa då: «Du veit at du har teke den kvinna som var lova meg, og slik sett fiendskap mellom oss. For det vil eg no by deg holmgang her på tinget om tre dagar på Øksaråhol.» Ramn svarer: «Det er eit godt tilbod, som ein kunne vente av deg, og det er eg klar til når du vil.» Dette likte frendane på begge sider dårleg, men på den tida var det lov for at den som syntest han hadde lidd urett av ein annan, kunne by holmgang. Og då tre dagar hadde gått, gjorde dei seg klare til holmgangen. Illuge følgde son sin til holmen med mange mann, men med Ramn følgde Skafte lovseiemann, far hans og alle frendane hans. Då Gunnlaug gjekk ut på holmen, kvad han denne visa:
Her med sverd i handa holmgangsklar eg ventar Gud gi at lykka Gunnlaug sigeren gav. Først eg Helgas husbonds harde haus skal kløyve, dernest skal eg sneie hovudet til skarven av.
Ramn svarte:
Skald mot skald vi møtest, sigeren er uviss, til i bein å bite bruker eg mitt sverd. Helga skal få høyre om sin djerve husbond, korleis det heile endar, kven som sigeren får.
Hermund heldt skjoldet for Gunnlaug, bror sin, og Sverting Havr-Bjørnsson for Ramn. Den som blei såra, skulle løyse seg av holmen med tre merke sølv. Ramn skulle hogge først, for han var utfordra. Han hogg i overkanten av Gunnlaug sitt skjold, og sverdet hans brast straks sund ved hjaltet, for hogget var ført med stor styrke. Odden spratt opp frå skjoldet og kom i kinnet på Gunnlaug og rispa han. Då sprang frendane deira og mange andre menn imellom. Då sa Gunnlaug: «No meiner eg Ramn har tapt, for han er våpenlaus.» «Og eg meiner du har tapt», seier Ramn, «for du er såra». Gunnlaug var då oppøst og frykteleg sint, og sa at saka ikkje var avgjord. Illuge, far hans, sa at dei ikkje skulle prøve meir no. Gunnlaug svarer: «Det skulle eg ønske, far, at Ramn og eg ein annan gong kunne møtast ein stad der du var for langt borte til å skilje oss.» Med dette skildest dei, og mennene gjekk tilbake til buene sine. To dagar etter sette lagretten i lova at det skulle vere slutt med all holmgang her på Island. Det blei gjort etter samråd med dei klokaste mennene som var til stades, og det var dei klokaste som fanst i landet. Den holmgangen som Ramn og Gunnlaug hadde, er den siste som er blitt halden her på Island. (Dette tinget var det tredje folkerikaste som har vore, etter tinga etter Njåls-brenninga og etter Heidar-drapa.) Ein morgon gjekk Gunnlaug og Hermund til Øksarå og ville vaske seg. Då gjekk det mange kvinner på den andre sida av elva, og Helga den fagre var med i det følget. Då sa Hermund: «Ser du Helga, vennen din, på den andre sida?» Gunnlaug svarer: «Visst ser eg henne» og kvad då denne visa:
Strid ho måtte skape, den svanefagre kvinna all min elskhugs tanke, eine henne gjaldt han. At eg her ser Helga, gler heller lite, saknet skygger over, svart og vondt er alt.
Sidan gjekk dei over elva, og Helga og Gunnlaug snakka med kvarandre ei stund. Då dei gjekk tilbake over elva, stod Helga lenge og stirte etter Gunnlaug. Gunnlaug kvad då denne visa:
Frå det lyse brynets boge begge auge stråler, haukblanke, hildrande, dreg dei hugen min. Men den glansen som glør Gunnlaug slik i hjartet, mykje vondt vil valde vene møy og meg.
Kort etter dette rei folk heim frå ting, og Gunnlaug var heime på Gilsbakke. Ein morgon då han vakna, var alle dei andre oppe. Han låg i sengekottet innanfor benken. Då kom det tolv mann inn i skålen, alle fullvæpna, og blant dei var Ramn Ånundsson. Gunnlaug spratt opp og fekk tak i våpena sine. Då sa Ramn til han: «Du har ingen ting å vere redd for. Ærendet eg har her, skal du no få høyre. Du baud meg på holmgang på alltinget i sommar, men syntest ikkje saka blei avgjord. No byr eg deg at vi begge dreg frå Island til Noreg i sommar og går på holm der. Der står ikkje frendane våre i vegen.» Gunnlaug svarer: «Der talte du som ein bra mann! Det vilkåret tek eg gjerne imot. Og no, Ramn, skal du nyte slik gjestevennskap som du vil, her hos oss.» Ramn svarer: «Det er eit godt tilbod, men vi må ri av garde med ein gong.» Dermed skildest dei. Dette syntest frendane på begge sider var ille, men dei fekk ikkje gjort noko med det, så opphissa som dei to var. Og det måtte bli som lagnaden ville.
12
No er det å fortelje om Ramn at han klargjorde skipet sitt i Leirvåg. Det er nemnt to menn som drog med han, søstersønene til Ånund, far hans. Den eine heitte Grim og den andre Olav, og dei var begge gilde menn. Alle frendane til Ramn syntest det var stor synd at han drog. Men han sa at han hadde bode Gunnlaug på holmgang fordi han ikkje hadde noka glede av Helga, og så måtte ein av dei falle. Sidan drog Ramn til havs så snart dei fekk bør, og dei segla med skipet sitt til Trondheim og blei der om vinteren. Han høyrde ikkje noko til Gunnlaug den vinteren og venta på han der om sommaren. Den neste vinteren var han òg i Trondheimen, ein stad som heiter Levanger.
Gunnlaug skaffa seg rom på skipet til Hallfred Vandrådeskald nord på Sletta, men dei blei svært seint ferdige. Dei sette til havs så snart dei fekk bør, og kom til Orknøyane litt før vinternettene. Sigurd jarl Lodvesson rådde over øyane på den tida. Gunnlaug drog til han, og jarlen heidra han vel. Om våren gjorde jarlen seg klar til hærferd. Gunnlaug rusta seg og drog saman med han, og om sommaren herja dei vidt omkring på Suderøyane og i Skottlands-fjordane og hadde mange slag, og det viste seg at Gunnlaug var den modigaste og raskaste mannen og den mest hardføre karen, kvar dei enn kom. Sigurd jarl snudde tidleg på sommaren, men Gunnlaug gjekk då om bord med nokre kjøpmenn som skulle til Noreg. Han og jarlen skildest i stor vennskap. Gunnlaug reiste nord til Trondheim til Lade for å finne Eirik jarl. Han kom dit tidleg på vinteren, og jarlen tok vel imot han og baud han vere der. Jarlen hadde alt høyrt om striden mellom han og Ramn og sa til Gunnlaug at han forbaud dei å slåst i hans rike. Gunnlaug sa at det fekk jarlen rå for, og blei der om vinteren, men var mykje taus. Ein dag om våren gjekk Gunnlaug ut, og Torkjel, frenden hans, var med han. Dei gjekk litt bort frå garden. På vollen framfor dei var det ein mannering, og i ringen stod to menn med våpen og fekta. Den eine kalla dei Ramn og den andre Gunnlaug. Dei som stod der, sa at islendingane tenkte stakkarsleg og var seine til å hugse orda sine. Gunnlaug skjønte at dette var gjort til hån og spott, og gjekk taus bort. Kort etter dette seier han til jarlen at han ikkje lenger ville tole hån og spott frå hirdmennene hans for saka si mot Ramn, og bad han om ein vegvisar til Levanger. Jarlen hadde før høyrt at Ramn hadde drege frå Levanger til Sverige, og derfor gav han Gunnlaug lov til å fare, og to kjentmenn med på ferda.
No drog Gunnlaug frå Lade med seks mann, inn til Levanger. Han kom dit om kvelden den dagen Ramn hadde reist derfrå om morgonen med fire mann. Derfrå for Gunnlaug til Verdalen, og om kvelden kom han dit Ramn hadde vore om natta. Gunnlaug heldt fram til Sul, den øvste garden i Verdal, og derfrå hadde Ramn drege om morgonen. Gunnlaug drygde ikkje då, men drog vidare om natta, og om morgonen, i solrenninga, såg dei kvarandre. Ramn hadde komme til ein stad der det var to vatn, og mellom vatna var det nokre slette vollar, som heiter Gleipnes-vollane. Fram i det eine vatnet gjekk det eit nes som heiter Dinganeset. Der, på neset, stansa Ramn og følget hans, fem til saman. Grim og Olav, frendane hans, var der med han. Og då dei møttest, sa Gunnlaug: «Det er godt at vi har treft kvarandre.» Ramn svarte at han var einig i det, «og no kan du velje som du vil», seier han, «anten slåst vi alle saman, eller berre vi to». Gunnlaug sa at det kom på eitt ut for han. Då sa frendane til Ramn, Grim og Olav, at dei ikkje ville stå der og sjå på medan dei slost, og det same sa Torkjel Svarte, frenden til Gunnlaug. Då sa Gunnlaug til jarlsmennene: «De skal sitje og sjå på, og ikkje hjelpe nokon, men fortelje om møtet vårt.» Og det gjorde dei.
Sidan gjekk dei på kvarandre, og alle slost mandig. Grim og Olav gjekk begge mot Gunnlaug, og dei slost hardt, men enden på kampen blei at han drap dei begge, men sjølv blei han ikkje såra. Dette stadfestar Tord Kolbeinsson i kvadet han dikta om Gunnlaug Ormstunge:
Før han felte ramnen, den kampglade fyrsten, Gondul unnte Gunnlaug at Grim og Olav fall. Skarpe sverdet dugde sjølv i kvasse bloddrev; heltar tre han sende heim til Odins hall.
Ramn og Torkjel Svarte, frenden til Gunnlaug, hadde søkt kvarandre, og Torkjel fall for Ramn og let livet sitt. Så møttest dei to, Ramn og Gunnlaug, med store hogg og kvasse angrep, dei gjekk på kvarandre i rein villskap. Gunnlaug hadde sverdet Adalrådsgåve, og det var eit svært godt våpen. Gunnlaug hogg omsider til Ramn med eit veldig hogg; det tok foten av han. Ramn fall likevel ikkje, men drog seg bort til ein stubbe og støtta seg på han. Då sa Gunnlaug: «No er du ikkje kampfør, eg vil ikkje slåst lenger med deg, ein skamfert mann.» Ramn svarer: «Det er så at leiken har gått ille ut over meg, men enno kan eg duge om eg fekk noko å drikke.» Gunnlaug seier: «Ikkje svik meg om eg hentar vatn til deg i hjelmen min.» «Ikkje skal eg svike deg», svarer Ramn. Så gjekk Gunnlaug til ein bekk og henta vatn i hjelmen sin og bar det til Ramn. Han tok imot med venstre handa, men med sverdet i høgre hogg han til Gunnlaug i hovudet så det blei eit svært sår. Då sa Gunnlaug: «Ille sveik du meg no, og umandig for du fram mot meg som trudde deg.» Ramn seier: «Det er sant, men det dreiv meg til dette at eg ikkje unner deg famntaket til Helga den fagre.» Så slost dei vilt igjen. Men til slutt gjekk det så at Gunnlaug vann på Ramn, og Ramn let livet sitt der. Då gjekk jarlsmennene fram og batt for såra i Gunnlaugs hovud. Han sat imedan og kvad denne visa:
Ramn den kvasse kjempa, kjekt til strid meg møtte, hardt sine hogg han førte, heilstøypt all hans ferd. Ingen veldig viking i våpenregnet stod, sverdhogga mot meg suste stormkvast på neset her.
Sidan stelte dei med dei falne, sette så Gunnlaug på hesten hans og nådde heilt ned til Levanger med han. Der låg han i tre dagar og fekk all teneste av presten. Så døydde han og blei gravlagd ved kyrkja. Alle syntest det var stor skade dette med Gunnlaug og Ramn, at dei skulle late livet på denne måten.
13
Om sommaren, før desse nyheitene blei kjende her ute på Island, hadde Illuge Svarte ein draum heime på Gilsbakke. Han syntest Gunnlaug kom til han i søvne, og kvad denne visa. Illuge hugsa visa då han vakna, og kvad henne sidan for andre:
Han meg hogge ville, hardt han mot meg søkte, men mitt skarpe stålsverd sneidde først hans legg. Ørnen lik fekk lukte, lauge seg i sårsjø. Ramn då raskt mitt hovud råka med sin egg.
Den same natta hende det sør på Mosfell at Ånund drøymde at Ramn kom til han og var blodig over det heile. Han kvad då denne visa:
Kvast vi sverdhogg skifta, Gunnlaugs sverd meg såra; vi på norske valen kalde våpen brukte. Blodig blodørn kunne blod i mengde drikke, sårgrisk sårørn sleike sår i Gunnlaugs skalle.
På alltinget sommaren etter sa Illuge Svarte til Ånund på lovberget: «Kva vil du bøte for son min, sidan Ramn, son din, sveik han mot avtalen?» Ånund svarer: «Lite skyld synest eg å ha til å bøte noko for han, så sårt som eg har sørgt over striden deira. Og eg vil heller ikkje krevje noka bot av deg for son min.» Illuge svarer: «Då skal nokre av frendane dine eller ættefolka dine få svi for dette.» Og resten av sommaren etter tinget var Illuge svært uglad.
Det er fortalt at om hausten rei Illuge heimanfrå Gilsbakke med tretti mann, og kom til Mosfell tidleg om morgonen. Ånund og sønene hans kom seg inn i kyrkja, men Illuge tok to av frendane hans, den eine heitte Bjørn og den andre Torgrim. Han let Bjørn drepe og hogg føtene av Torgrim. Etter dette rei Illuge heim, og Ånund fekk inga oppreisning for det. Hermund Illugesson sørgde mykje over Gunnlaug, bror sin, og syntest ikkje han var hemna nok, sjølv om dette var gjort. Ein mann heitte Ramn og var brorson til Ånund på Mosfell. Han var ein stor farmann og eigde eit skip som stod på land i Rutefjord. Om våren rei Hermund Illugesson heimanfrå nordover Holtevardeheia til Rutefjord og ut til Bordøyr, til skipet til kjøpmennene. Dei var då på det næraste segleklare. Ramn styresmann var på land, og mange mann med han. Hermund rei bort til han og la spydet gjennom han og rei straks bort. Alle vennene til Ramn stod der rådville. Inga bot blei gitt for dette drapet. Og med dette endar striden mellom Illuge Svarte og Ånund på Mosfell.
Då ei tid var gått, gifta Torstein Egilsson Helga, dotter si, med ein mann som heitte Torkjel Hallkjelsson, han budde ute i Raundalen. Helga drog heim med han, men ho kom aldri til å elske han mykje, for ho kunne aldri gløyme Gunnlaug, sjølv om han var død. Torkjel var likevel ein rask mann, rik og ein god skald. Dei hadde barn saman, ikkje så få. Torarin heitte ein son, ein annan Torstein, og dei hadde endå fleire barn. Det var Helgas største glede at ho breidde ut kappa Gunnlaugsgåve og stirte lenge på henne. Ein gong kom det ei stor sott til garden til Torkjel og Helga, og mange hadde det lenge svært vondt. Helga blei òg sjuk, men låg likevel ikkje. Ein laurdagskveld sat Helga i eldhuset. Ho kvilte hovudet i fanget til Torkjel, husbonden sin, og let sende bod etter kappa Gunnlaugsgåve. Då kappa kom til henne, sette ho seg opp, breidde kappa ut og såg på ho ei stund. Så seig ho tilbake i fanget til husbonden sin, og var då død. Torkjel kvad då denne visa:
Lint meg døden la linkledd brud i armen; Gud den gode kvinna gav – og tok tilbake. Lita lykke fekk ho, ille hennar lagnad, endå min verre er, eg utan håp må leve.
Helga blei ført til kyrkja, men Torkjel levde der i lang tid etter dette. Alle syntest det var eit stort sakn etter Helga, som venta var.
Og her endar no soga.
Soga om Gunnlaug Ormstunge er omsett frå norrønt og finst i fleire utgåver. Sjølve historia er lik, men det kan vere ulike ordval og formuleringar i dei ulike omsetjingane. Dei største forskjellane finn vi gjerne i kvada. Du kan lytte til ein litt annan versjon av soga i ressursen "Lytt til Soga om Gunnlaug Ormstunge".
Relatert innhald
Soga om Gunnlaug er ei kjærleikshistorie, eit trekantdrama der to unge menn, Gunnlaug og Ravn, slåst om den same jenta, Helga den fagre.
Oppgåve til læringssti: Utforskande lesing av Gunnlaug Ormstunge.