Korleis strukturere avsnitt i samanlikningar?

Skriv fire avsnitt
Når du har gjennomført både nærlesing, diskusjon og førskrivinga til tekstane du skal samanlikne, er du klar til å starte med skrivinga. Etter at du har gjennomført denne oppgåva, skal du sitje igjen med fire avsnitt i hovuddelen som samanliknar innhaldet i Min kamp 4 og Sagaen om Gunnlaug Ormstunge:
- eitt avsnitt om motivet i tekstane
- eitt avsnitt om temaet i tekstane
- eitt avsnitt om sønene i tekstane
- ettt avsnitt om fedrane i tekstane
Del 1: Skriv eit avsnitt om motivet
Skriv eit avsnitt der du samanliknar motivet i utdraga frå Sagaen om Gunnlaug Ormstunge og Min kamp 4. Les først gjennom presentasjonen under og følg råda du får her.
- Tips: Ha gjerne modellteksten på side 4 i presentasjonen framfor deg medan du skriv avsnittet ditt.
Del 2: Skriv eit avsnitt om tema
No har du lært deg korleis du kan strukturere eit avsnitt. Då er du klar for neste steg – å skrive eit avsnitt der du samanliknar temaet i tekstane.
Denne gongen vil du finne eit nytt tips i presentasjonen under: Korleis skal du gå fram for å skape magisk språkflyt i teksten din? Sjå gjennom presentasjonen under. Heilt nedst på denne sida vil du dessutan finne lenkje til ei side med oversikt over gode setningskoplarar.
Kva med tekst i kontekst?
Når du blir beden om å samanlikne tekstar frå ulike periodar, vil det vere rart om du ikkje skulle skrive noko om den konteksten tekstane kom ut i. Men kvar skal du skrive om dette?
Vi foreslår at du skriv om konteksten der det er naturleg. Når du skal skrive om motiv og tema i dei to tekstane, er det til dømes veldig naturleg at du skriv noko om ære og ætt, som jo var så typisk for ættesagaene. Kanskje vil du ha eit eige avsnitt om tekst i kontekst? Eller synest du det er betre å flette det inn i avsnitta du allereie har om motiv og tema?
Vel den løysinga du sjølv synest fungerer best.
I modellteksten, der vi samanliknar ei amerikansk novelle frå 1997 med ein norsk roman frå 2003, ville vi til dømes hatt eit eige avsnitt om tekst i kontekst etter avsnitta om motiv og tema. Her skriv vi om korleis konteksten, tid og stad for tekstane, har påverka innhaldet:
Eit avsnitt om tekst i kontekst
Dei to tekstane er gitt ut med berre seks års mellomrom, men i ulike land. Begge har det felles at handlinga ikkje er lagt til notida. Novella "Brokeback-fjellet" er ei realistisk novelle lagt til eit hardkokt machomiljø i Midtvesten på 60-talet, medan handlinga i Mannen som elsket Yngve går føre seg i Stavanger på 90-talet. Gjennom desse tekstane får vi innsikt i korleis tid og stad påverkar måten unge menn tenkjer om sine eigne kjensler på. Sjølv om personane i begge historiene prøver å stritte mot lengslane sine, er det liten tvil om at det er Ennis, cowboyen, som har mest å tape. Ennis har nemleg blitt fortald historier om homofile som har blitt drepne. Annie Proulx skreiv kanskje novella for å vise at kjærleik mellom menn i slike miljø var umoglege på 60-talet, men at han òg var det i 1997, då ho skreiv teksten. Kanskje er det vanskeleg i dag òg? Menn som lever saman i Noreg, blir ikkje drepne. Verken i 2003 då romanen Mannen som elska Yngve blei skriven, eller i 1990, då handlinga speler seg ut. Like viktig er nok skildringa av avgrunnen mellom "dei streite" og "frikarane". Jarle er frik og blir forelska i streite Yngve som kler seg som ein soss. Då er det kanskje endå verre enn å bli forelska i ein av same kjønn. Dermed viser utdraga at kjærleiken kan møte på mange hinder om ein går mot det som er normalen i eit samfunn.
Del 3: Skriv eit avsnitt om Gunnlaug og Karl Ove
Du bør skrive eit avsnitt som samanliknar Gunnlaug og Karl Ove. Bruk det du har lært til no om korleis du skal bygge opp avsnitt og skape god flyt i språket ditt.
I presentasjonen under vil du i tillegg lære om kor viktig det er å bruke sitat når du skriv om litteratur. I tillegg skal vi sjå på korleis du bakar sitat frå tekstar elegant inn i avsnittet ditt.
Del 4: Skriv eit avsnitt om fedrane
Eit siste avsnitt om innhaldet i tekstane kan vere ei samanlikning av dei to fedrane i utdraget. Bruk alt du har lært til no om
- god struktur i avsnittet
- språkflyt
- korleis og kvifor bruke sitat
Relatert innhald
Korleis skaper du flyt i språket ditt? Jobb med ulike oppgåver.