Korleis kan du strukturere avsnitt når du samanliknar måten tekstar er skrivne på? Her skal vi ta for oss ein metode du kan bruke.
Når du har gjennomført både nærlesing, diskusjon og skrive avsnitt om innhaldet i tekstane du skal samanlikne, er det på tide å gå over til å sjå på korleis tekstane er skrivne, altså det vi kallar forma i tekstane.
Etter at du har gjennomført denne oppgåva, skal du sitje igjen med tre avsnitt i hovuddelen som samanliknar forma i Min kamp 4 og Sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Det er
eitt avsnitt om synsvinkelen og den funksjonen han har
eitt avsnitt om direkte og indirekte personskildring
eitt avsnitt om forteljarmåtane i tekstane. Du skal skrive om både tankereferat, handlingsreferat, scenisk framstilling og naturskildring.
Oppgåva
Begge tekstane som ligg ved, handlar om forholdet mellom far og son, men det er 800 år mellom dei. Samanlikn form og innhald i dei to tekstane.
Kommentar: Du skal samanlikne både form og innhald, og du skal vise kunnskap om norrøn tid og samfunnet i dag. Du skal gjere greie for verkemiddel i tekstane, vise kva funksjon dei har og grunngi dine eigne tankar om tekstane. Bruk relevant fagspråk.
Utdrag frå Soga om Gunnlaug Ormstunge, skrevet ned på 1200-tallet:
Utdrag frå Sagaen om Gunnlaug Ormstunge
Det blei sagt om Gunnlaug at han var svært tidleg vaksen og stor og sterk. Han hadde lysebrunt hår som fall fint, svarte auge, litt stygg nase, men tekkeleg ansikt. Han var smal om livet og brei over skuldrene, uvanleg velvaksen, ein storslått mann i heile sitt huglynne, tidleg æretørst, strid og hard i alle ting, ein stor skald som gjerne dikta nidviser, og blei kalla Gunnlaug Ormstunge. Hermund var den vennlegaste av dei og førte seg som ein høvding.
Då Gunnlaug var femten år gammal, bad han far sin om ferdagods. Han sa han ville dra utanlands og sjå andre folks skikkar. Illuge bonde viste lite velvilje for dette og sa at han ikkje trudde Gunnlaug ville vere god å ha i utlandet, når han knapt kunne styre han som han ville der heime. Litt seinare var det at Illuge bonde gjekk tidleg ut ein morgon og såg at stabburet hans var ope, og at seks varesekkar var lagde ut på tunet, og dessutan kløvfeste. Han undra seg mykje over dette. Då kom ein mann leiande med fire hestar, og det var Gunnlaug, son hans. Han sa: «Eg har lagt ut sekkane.» Illuge spurde kvifor han gjorde det. Han svarte at det skulle vere ferdagodset hans. Illuge sa: «Inga hjelp skal du få av meg, og ingen stader reise før eg vil det», og slengde sekkane inn igjen. Gunnlaug rei då bort derfrå og kom om kvelden ned til Borg. Torstein bonde baud han vere der, og det tok han imot.
Start med å skrive eit avsnitt der du set opp mot kvarandre kva slags forteljar og synsvinkel som blir brukte i dei to tekstane du samanliknar. Det er viktig at du
får fram kven sine "auge" vi ser historia gjennom
bruker riktig fagomgrep om synsvinkelen
skriv om kva funksjon val av synsvinkel har for korleis vi tolkar teksten
samanliknar synsvinkelen i dei to tekstane
Bruk gjerne modellteksten i presentasjonen under som hjelp til struktur og til å få gode tips om å skrive om funksjon.
Val av forteljar og synsvinkel vil gjerne påverke kva slags framstillingsform forfattaren bruker. Det går til dømes ikkje an at ei forteljing som er fortald med ein refererande synsvinkel, har mykje tankereferat.
Prøv å vise denne samanhengen i avsnittet om framstillingsformene i dei to tekstane.
Hugs òg å skrive om kva funksjon val av framstillingsform har.
Korleis verkar dei ulike karakterane i tekstane du samanliknar? Skriv om dette ved å vise korleis forfattaren bruker direkte og/eller indirekte personskildringar. Legg merke til
om forfattaren beskriv eigenskapane til personane direkte
eller
om dei blir skildra gjennom replikkane og handlingane sine, altså indirekte