Oppgåva og nærlesing av innhald.
Her finn du oppgåva med vedlegg og tips til korleis du kan nærlese tekstane.
Fag
Her finn du oppgåva med vedlegg og tips til korleis du kan nærlese tekstane.
Begge dei vedlagde tekstane handlar om forholdet mellom far og son, men det er 800 år mellom dei. Samanlikn form og innhald i dei to tekstane.
Kommentar: Du skal samanlikne både form og innhald, og du skal vise kunnskap om norrøn tid og samfunnet i dag. Du skal gjere greie for verkemiddel i tekstane, vise kva funksjon dei har og grunngi dine eigne tankar om tekstane. Bruk relevant fagspråk.
Utdrag frå Min kamp 4 av Karl Ove Knausgård (2010) og utdrag frå Soga om Gunnlaug Ormstunge, skriven ned på 1200-talet.
Det blei sagt om Gunnlaug at han var svært tidleg vaksen og stor og sterk. Han hadde lysebrunt hår som fall fint, svarte auge, litt stygg nase, men tekkeleg ansikt. Han var smal om livet og brei over skuldrene, uvanleg velvaksen, ein storslått mann i heile sitt huglynne, tidleg æretørst, strid og hard i alle ting, ein stor skald som gjerne dikta nidviser, og blei kalla Gunnlaug Ormstunge. Hermund var den vennlegaste av dei og førte seg som ein høvding.
Då Gunnlaug var femten år gammal, bad han far sin om ferdagods. Han sa han ville dra utanlands og sjå andre folks skikkar. Illuge bonde viste lite velvilje for dette og sa at han ikkje trudde Gunnlaug ville vere god å ha i utlandet, når han knapt kunne styre han som han ville der heime. Litt seinare var det at Illuge bonde gjekk tidleg ut ein morgon og såg at stabburet hans var ope, og at seks varesekkar var lagde ut på tunet, og dessutan kløvfeste. Han undra seg mykje over dette. Då kom ein mann leiande med fire hestar, og det var Gunnlaug, son hans. Han sa: "Eg har lagt ut sekkane." Illuge spurde kvifor han gjorde det. Han svarte at det skulle vere ferdagodset hans. Illuge sa: "Inga hjelp skal du få av meg, og ingen stader reise før eg vil det", og slengde sekkane inn igjen. Gunnlaug rei då bort derfrå og kom om kvelden ned til Borg. Torstein bonde baud han vere der, og det tok han imot.
Les utdraget frå Min kamp 4 grundig, minst tre gonger. Det er viktig at du strekar under og noterer ned stikkord til det du les undervegs.
Bruk same metode som du gjorde i del 1, men no på utdraget frå Sagaen om Gunnlaug Ormstunge. Svar på akkurat dei same tre spørsmåla som i del 1.
Skriv ned alt du synest kan vere relevant å ta med når du skal samanlikne dei to utdraga. Du kan til dømes skrive om
No har de jobba grundig aleine med motiv og tema i kvar av tekstane. Då er det spennande å snakke med andre elevar i klassen og sjå om de har lagt merke til det same. Diskuter svara i gruppe og noter ned det dei andre seier.
Fyll ut skjemaet under eller skriv ein annan stad:
Diskuter i grupper:
Både Gunnlaug og Karl Ove er tenåringar, men dei lever på høvesvis 900- og 1900-talet. Synest du desse to tenåringane verkar som dei er typiske for si tid? Du kan til dømes peike på typiske heiltrekk ved sagafiguren Gunnlaug og typiske samtidsproblem Karl Ove opplever i utdraget.
Kunne Karl Ove vore ein sagahelt? Kvifor (ikkje)?
Utdraget har vist at tenåringen Karl Ove er full av kjensler. Likevel prøver han å skjule dei for faren og stemora. Betyr det at mannsrolla ikkje har forandra seg på 1 000 år? Er det lov for gutar å gråte i dag?
Kva rolle speler ære for dei fire mannlege karakterane du har møtt i utdraga?
Alle gruppene deler idéane sine i plenum. Få læraren til å skrive det de seier på tavla. Noter ned eller ta bilete av tavla, slik at de har idéane til alle elevane i klassen før de set i gong med å skrive samanlikninga.