Hopp til innhald
Oppgave

Norrønt – eit kasusspråk

Ein viktig forskjell mellom norrønt og moderne norsk er at norrønt var eit kasusspråk, medan norsk ikkje er det. Men kva betyr eigentleg dette? Og kva er kasus? Her skal de både diskutere, lese og gå i djupna på grammatikken.

Klasseutfordring:

Diskuter i plenum, strengt forbode med hjelpemiddel:

  • Kvifor i all verda seier vi "til lands" og "til fjells"? Kvifor er den s-en med på slutten av ordet? Og kvifor seier vi ikkje "til bys" og "til kjøpesenters"?

Fekk nokon det til? Det er i så fall imponerande! Fekk de det ikkje til? Hald tanken, for om de går gjennom denne ressursen her, skal de kunne finne ut av svaret til slutt. Svaret finn vi nemleg i fortida.

Del 1: Sjekk forkunnskapane dine

Arbeid i grupper:

  1. For å forstå kva kasus er, må de ha litt forkunnskapar om grammatikk. Diskuter alle fagtermane under. Veit de kva dei betyr? Prøv å forklare orda for kvarandre og kom med døme.
  2. Skriv ned dei orda de er uvisse på og treng å få forklart:
  • syntaks
  • ordklasse
  • funksjonen til setningleddet
  • subjekt
  • verbal
  • direkte objekt
  • indirekte objekt

Del 2: Kasus og det norrøne språket

Kasus "light"

Det du har fått no, er den enkle versjonen av kasussystemet til vikingane. Det var nemleg ikkje så enkelt som at om du berre ser etter ...

  • nominativ: r-ending (Óláfr)
  • akkusativ: inga ending (Óláf)
  • genitiv: s-ending (Óláfs)
  • dativ: i-ending (Óláfi)

..., så har du full kontroll på det norrøne kasussystemet. Dette er berre endingane på substantiv i ei gruppe, nemleg den gruppa som blir kalla substantiv med a-stamme.

I andre substantivgrupper, og det finst svært mange, kunne endingane i dei ulike kasusa vore heilt annleis.

Men – alt dette treng du ikkje kunne. Det viktigaste er at du kan svare på desse spørsmåla:

  • Kva er forskjellen på kasusspråk og ordstillingsspråk?
  • Kva er kasus?

Del 3: Forstod de det?

Sit saman i par eller grupper. Oppgåva under skal gi dykk ein peikepinn på om de har forstått kva eit kasusspråk er. Gjer ho saman. Gå tilbake til forklaringa i del 2 om de er uvisse på noko.

Del 4: Sjekk forståinga

Bruk kunnskapane dine om setningsanalyse og kasus til å gjere oppgåva under:

Del 5: Meir om kasus

Del 6: Profesjonell i kasus?

Om de framleis heng med i svingane, skal de prøve å forklare kasusbruken i eit utdrag frå Soga om Gunnlaug Ormstunge:

  1. Sit aleine og studer kasusbruken i utdraget under. Skriv ned både kva for ein kasus som er brukt i orda med tjukk skrift, og forklar kvifor denne kasusen er brukt.
  2. Gå saman i grupper og samanlikn svara dykkar.

Norrønt

Norsk

Maðr hét Þorkell svarti. Honum tæmðist arfr norðr í Vatnsdal í Ási, ok beiddi hann Gunnlaug fara með sér, ok hann gerði svá,(...)

Ok er þeir riðu norðan, gistu þeir í Grímstungum at auðigs bónda, er þar bjó. Ok um morgininn tók smalamaðr hest Gunnlaugs, ok var þá sveittr mjök, er þeir fengu. Gunnlaugr laust smalamanninn í óvit. Bóndi vildi eigi svá búit hafa ok beiddi bóta fyrir. Gunnlaugr bauð at gjalda bónda mörk. Bónda þótti þat of lítit. Gunnlaugr kvað vísu.

.....

Hermundr heilt skildi fyrir Gunnlaug, bróður sinn, ein Svertingr Hafr-Bjarnarson fyrir Hrafn. Þrem mörkum silfrs skyldi sá leysa sik af hólminum, er sárr yrði.
Hrafn átti fyrr at höggva, er á hann var skorat, ok hjó hann í skjöld Gunnlaugs ofanverðan, ok brast sverðit þegar sundr undir hjöltunum, er til var höggvit af miklu afli. Blóðrefillinn hraut upp af skildinum ok kom í kinn Gunnlaugi ok skeindist hann heldr ein eigi. Þá hljópu feðr þeira þegar í millim ok margir aðrir menn.

Þá mælti Gunnlaugr: "Nú kalla ek, at Hrafn sé sigraðr, er hann er slyppr."

Det var ein mann som heitte Torkell svarte; Så fall det ein arv til han på Ås nord i Vatsdal, og han bad Gunnlaug ri med seg for å hente han, og det gjorde han.

Då dei rei sørover igjen, gjesta dei ein rik bonde som budde på Grimstunge. Om morgonen tok sauegjetaren hesten til Gunnlaug og rei han, så han var skumsveitt, då dei fekk han igjen. Då slo Gunnlaug til gjetaren så han svima av. Dette likte bonden ille, og kravde bot for slaget. Gunnlaug baud han ei mark sølv. Det syntest bonden var altfor lite, men då kvad Gunnlaug ei vise.

.....

Hermund heldt skjoldet for Gunnlaug, og Sverting Havr-Bjørnssønn for Ravn. Den som blei såra, skulle løyse seg av holmen med to merke sølv.
Ravn skulle hugge først, sidan han var stemna til holmen, og han hugga og trefte øvst i skjoldet til Gunnlaug, og sverdet brast i to ved hjaltet, så hårdt var hogget. Sverdodden spratt opp frå skjoldet og trefte Gunnlaug i kinnet, så det blei ein ørliten rift. Då sprang Anund og Illuge imellom og mange andre òg.

Gunnlaug sa: «No meiner eg, at Ravn har tapt, sidan han er våpenlaus».

Fasit
  • "Honum tæmðist arfr norðr í Vatnsdal í Ási." (Så fall det ein arv til han Ås).
  • Her står stadnamnet Ås i dativ fordi preposisjonen "i" i dette tilfellet styrer dativ.
  • "Ok beiddi hann Gunnlaug fara með." (Og han bad Gunnlaug ri med seg.)
  • Her er namnet Gunnlaug utan ending, fordi det står i akkusativ. Årsaka til at det står i kasusen akkusativ, er at det er direkte objekt i setninga.
  • "Ok um morgininn tók smalamaðr hest Gunnlaugs." (Om morgonen tok sauegjetaren hesten til Gunnlaug.)
  • Gunnlaug står i genitiv fordi det uttrykkjer eigedom: Det er Gunnlaugs hest.
  • "Gunnlaugr laust smalamanninn í óvit." (Då slo Gunnlaug til gjetaren så han svima av.)
  • Namnet Gunnlaug står i nominativ fordi det er subjekt i setninga.
  • "Gunnlaugr bauð at gjalda bónda mǫrk." (Gunnlaug baud han ei mark sølv.)
  • Som over er Gunnlaug subjekt i setninga og skal derfor stå i nominativ.
  • "Hermundr heilt skildi fyrir Gunnlaug." (Hermund heldt skjoldet for Gunnlaug).
  • "Hermundr" er subjekt i setninga og står derfor i nominativ. "Gunnlaug står i akkusativ fordi preposisjonen "fyrir" her styrer akkusativ.
  • "Hrafn átti fyrr at höggva, er á hann var skorat, ok hjó hann í skjǫld Gunnlaugs ofanverðan." (Ravn skulle hugge først, sidan han var stemna til holmen, og han hugga og trefte øvst i skjoldet til Gunnlaug).
  • Her er det brukt genitiv fordi det er snakk om eigedomsforhold: Gunnlaugs skjold.
  • "Blóðrefillinn hraut upp af skildinum ok kom í kinn Gunnlaugi." (Sverdodden spratt opp frå skjoldet og trefte Gunnlaug i kinnet).
  • Preposisjonen "i" styrer her dativ, derfor endar namnet Gunnlaug på -i.
  • "Þá mælti Gunnlaugr" (Då sa Gunnlaug).
  • Gunnlaug er subjekt i setninga og står derfor i nominativ.

Del 7: Tilbake til start

Diskuter i plenum:

Klarer de no å forklare kvifor vi seier "til lands" og "til fjells" og ikkje "til bys" og "til kjøpesenters"?

Svar

I det norrøne språket styrte preposisjonen "til" genitiv. Genitivsendinga på norrønt var -s. "Til lands" og "til fjells" er gamle, stivna genitivsformer som har overlevd og blitt bevart i moderne norsk.

Men verken byar eller kjøpesenter fanst i vikingtida. Derfor eksisterer ikkje desse uttrykka om moderne omgrep.

Kjelde

Iversen, R. (1973). Norrøn grammatikk. Aschehoug.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 05.02.2021