Hopp til innhald
Fagartikkel

Kvifor har norsk to skriftspråk?

Språksituasjonen din er ganske unik. Med to skriftspråk å velje mellom kan du skrive det som ligg talespråket ditt – og kanskje også hjartet ditt – nærast. Men korleis enda vi opp med to skriftspråk?

Historia om det norske skriftspråket

I 1814 kunne ikkje nordmenn lese eller skrive norsk, for det fanst ikkje eit norsk skriftspråk. Dei måtte lese og skrive dansk. Til og med den norske Grunnlova blei skriven på dansk. Å utvikle eit eige norsk skriftspråk blei viktig for å skape felles, norsk identitet og sjølvkjensle etter at Noreg blei sjølvstendig nasjon.

Det ville vere å lyge å hevde at forholdet mellom nynorsk og bokmål har vore harmonisk, men det er i alle fall sant at vi fekk to skriftspråk – og at vi har det framleis. Kvifor skjedde det, og korleis gjekk det til?

Det norske samfunnet første halvdelen av 1800-talet

Frigjering og debatt om språk, kultur og identitet

I 1814 blei Noreg fritt frå Danmark, men gjekk som ung nasjon og eige rike inn i ein ny union med Sverige. Det førte til ein intens debatt om desse spørsmåla:

  • Er vi for eller imot svensk union?
  • Er vi tilhengjarar av dansk, svensk eller norsk kultur?
  • Skal vi halde fram med å skrive dansk eller lage eit norsk språk?

Dei ulike interessene bidrog etter kvart til at skriftspråksutviklinga gjekk i to retningar.

Markerte klasseskilje

Embetsmennene var ei samfunnsgruppe som stod i ei særstilling. Folk flest var oppglødde av den nye grunnlova, og embetsmennene naut derfor stor respekt. Som tilsette i staten hadde dei òg ein trygg økonomisk kvardag. Saman med byborgarskapet, altså den rike delen av byborgarane, utgjorde dei rundt 1814 ca. 2–3 % av befolkninga på om lag ein million.

Kva er ein "embetsmann"?
  • Ein embetsmann (eller ei embetskvinne) er ein/ei som har eit offentleg embete. I dag vil det seie at han/ho jobbar i staten.
  • Årsaka til at vi, både i norsk- og historiefaget, er så opptekne av embetsmenn på 1800-talet, er at dei hadde så mykje makt på denne tida.
  • Dei sat i regjeringa, og dei fleste på Stortinget var embetsmenn. Dette var dei viktigaste maktorgana i Noreg på 1800-talet, i tillegg til den svenske kongen sjølvsagt.
  • Derfor blir perioden etter 1814 ofte kalla Embetsmannsstaten.

På same tid var meir enn 80 % av folket bønder knytte til jordbruk og fiske. I siste halvdel av 1800-talet førte industrialiseringa til auka klasseskilje mellom dei rike arbeidsgivarane og den veksande arbeidarklassen. Dei sosiale skilja, som var tydeleg markerte i samfunnet, spegla seg av i språket, og det fekk mykje å seie for utviklinga av to skriftspråk.

Det var nemleg slik at det vi i dag kjenner som bokmål, kan førast tilbake til embetsmenn og byborgarar på 1800-talet. Dagens nynorsk kan på same vis bli tilbakeført til bøndene og dei ulike norske dialektane.

Eit dårleg skuleverk – for dei få

Skuleverket i Noreg tidleg på 1800-talet var dårleg, og mange var analfabetar. Utdanning var reservert for barna i byane, først og fremst barn frå embetsklassen og borgarskapet. Med moderniseringa av samfunnet utover på 1800-talet blei skuleverket bygd ut og gjort tilgjengeleg for fleire.

Bybarna hadde vakse opp med danna daglegtale, men barna på landet hadde gjerne ikkje lese eit ord dansk – eller høyrt danna uttale – i heile livet sitt. Dette skapte eit pedagogisk argument for eit norsk skriftspråk basert på norsk talemål. Situasjonen bidrog til at vi fekk landsmål og riksmål – som på mange måtar var bygdespråk og byspråk.

Nasjonalromantikk

Utover på 1800-talet kom nasjonalromantikken til Noreg. Nasjonalromantikken førte med seg ei førestilling om at folket i nasjonen blir bunde saman av ei slags felles, nasjonal ånd. Denne nasjonale ånda kom til syne i kulturen og historia til folket – og i språket. Med nasjonalromantikken auka interessa for norsk historie, norske tradisjonar – og norsk språk. Asbjørnsen og Moes innsamling av norske eventyr og Ivar Aasens studiar av norske bygdedialekter er uttrykk for den nasjonalromantiske ånda rundt midten av 1800-talet.

Oppsummer det du har lese:

Nemn tre årsaker til at vi har to skriftspråk i dag.

Språksituasjonen 1800 – 1850

Noko av årsaka til at det blei to skriftspråk, er òg å finne i språksituasjonen i Noreg rundt 1814.

Skriftspråket

Skriftspråket i Noreg var dansk. Noko norsk skriftspråk fanst ikkje, og det gamle, norrøne skriftspråket var borte for lengst. Det var i hovudsak dei mest velståande som las og skreiv. Skriftspråket hadde derfor sterk tilknyting til makteliten i landet og til dei danske undertrykkjarane frå unionstida. Dette får mykje å seie for at somme var nøgd med situasjonen og ville behalde dansk, medan andre ville fornorske dansk, og andre igjen ville ha eit heilt nytt, "heilnorsk" skriftspråk.

I tida rundt 1814 gjekk språkdiskusjonen først og fremst ut på kva dei skulle kalle det danske skriftspråket i Noreg. I Grunnlova kalla dei det norsk, mest for å verne seg mot det svenske språket. Somme hevda det var norsk i Noreg og dansk i Danmark, medan andre meinte det var dansk uansett korleis ein vrei og vende på det.

Talespråket

Noreg var i 1814 talespråkleg delt mellom dei som snakka norsk og dei som på grunn av dansk tilhøyrsel snakka dansk. Endå tydelegare var skiljet mellom borgarskapet og den "danna" skriftspråksnære uttalen hos embetsstanden på den eine sida og dialektane til bøndene på den andre. Og sjølv om språket til bøndene hadde ein viss status som berar av den nasjonale arven frå norrønt, var det vanleg å sjå på dialekt som vulgært og udanna. Så trass i stor einigheit om at Noreg trong eit eige skriftspråk for å kunne kalle seg ein nasjon, gjorde dei store sosiale og geografiske forskjellane i språket det vanskeleg å bli einige.

Oversikta nedanfor over uttalevariasjonen i Noreg rundt 1814 illustrerer kvifor det ikkje var berre berre å bli einige om eit skriftspråk:

Uttalevariasjon rundt 1814 :

Dansk skrift:

svært, Dreng, Pige

Dansk tale:

/maieð/, /dræng/, /pie/

Norsk danna formell tale:

/meget/, /dreng/, /pige/

Norsk danna daglegtale:

/meget/, /gutt/, /pige/

Norsk dialekt:

/mye/, /møe/ el. /mykje/
/gutt/, /gut/ el. /glunt/
/jente/, /jinte/ el. /væikje/

Oversikta viser mellom anna at dei "danna" brukte norsk uttale på dansk skrift i meir formelle situasjonar, altså det vi kallar ortofon uttale. I meir uformelle situasjonar, heime til dømes, var uttalen meir norsk, med fleire norske ord og lydar. Likevel var avstanden til dei folkelege dialektane stor.

Språkdebatten på 1830-talet

Språkdebatten i åra etter frigjeringa dreidde seg i stor grad om namnet på skriftspråket. Skulle dei kalle det dansk eller norsk?

På 1830-talet tok likevel språkdebatten ei ny retning. No var det eit veksande ønske om eit norsk skriftspråk, men tilhengjarane av eit eige skriftspråk var ikkje einige om korleis det skulle skje. Dessutan ville mange behalde det danske skriftspråket.

Dette er dei sentrale alternativa frå debatten på 1830-talet, med sentrale talspersonar i parentes:

  1. behalde det danske skriftspråket (Johan S. Welhaven)
  2. fornorske det danske skriftspråket (Henrik Wergeland)
  3. lage eit heilt nytt, norsk skriftspråk (P. A. Munch)

Behalde dansk eller ikkje?

Hovudfrontane i språkdebatten stod først mellom dei som ville behalde dansk skriftspråk og dei som ønskte eit eige norsk skriftspråk. Mange ville behalde dansk. Det var trass i alt det dei var vande til, det språket alle tekstar hadde blitt skrivne på dei siste 300 åra. Den romantiske forfattaren Johan S. Welhaven var sentral dansktilhengjar. Han tilhøyrde ei konservativ gruppe som kalla seg Intelligenspartiet. Dei meinte at Noreg måtte behalde banda til Danmark og det danske språket, fordi Noreg hadde ein fattig kultur og ikkje var i stand til å stå på eigne bein.

Ja til norsk! Men kva var norsk nok?

Idéen om eit eige norsk skriftspråk var uansett det som hadde størst oppslutning i folket. Ei veksande nasjonalkjensle breidde om seg, og for dei intellektuelle blei romantikken sitt syn på språk og nasjon eit viktig argument for å kvitte seg med dansk.

Dei som var einige om å gå for eit norsk skriftspråk, var likevel ikkje einige om korleis det skulle gå føre seg. I all hovudsak stod debatten mellom to frontar:

  1. fornorskingslinja, som ville fornorske dansk
  2. dei som ville skape eit heilt nytt skriftspråk

I tillegg diskuterte dei spørsmål som kom til å prege debattane resten av 1800-talet og vidare inn på 1900-talet:

  • Skulle dei ta utgangspunkt i folkespråket eller overklassespråket?
  • Skulle dei ta utgangspunkt i eitt eller fleire talemål?
  • Skulle dei ta utgangspunkt i moderne norsk eller norrønt?

Fornorskingslinja

Studentgruppa Norskhetspartiet med diktaren Henrik Wergeland i spissen er eit døme på tilhengjarar av å fornorske dansk. Wergeland var påverka av ideologien til romantikken, og han argumenterte på 1830-talet for gradvis å ta i bruk norske ord og skrivemåtar i dansk. Dette gjorde han sjølv i diktinga si.

Om fornorskinga var basert på dialekt eller dei danna sitt språk, var ikkje så viktig for han. Det som var viktig for Wergeland og meiningsfellane hans, var at norske forhold best kom til uttrykk i eit norsk språk.

I tråd med nasjonalromantiske straumdrag reiste Asbjørnsen og Moe på 1830-talet Noreg rundt for å samle og skrive ned norske folkeeventyr. Då dei skulle attgi den munnlege norske stilen til eventyrforteljarane, valde dei å skrive dansk med innslag av norske ord og uttrykksmåtar – såkalla . Dette var heilt i tråd med Wergelands tankar om fornorsking, og populariteten til eventyrsamlingane, også i byane, gjorde folk meir opne for fornorsking.

Wergeland og Asbjørnsen og Moes bruk av norvagismar i tekstane sine bana veg for fornorskingslinja til Knud Knudsen, far til bokmålet.

Nytt, norsk skriftspråk

Historikaren P. A. Munch var òg oppteken av det nasjonale, men hadde ein annan ideologisk ståstad enn Wergeland. Ifølgje Munch måtte vi tilbake til tida før dansketida for å finne "det norske". Forslaget han la fram på 1830-talet, var å skape eit nytt skriftspråk med utgangspunkt i norrønt og éin dialekt. Denne dialekten skulle vere så "rein norsk" som mogleg.

Seinare skal vi sjå at P. A. Munchs forslag blir teken opp av Ivar Aasen.

Frå ord til handling – to retningar tek form

Oppslutninga om eit eige norsk skriftspråk auka utover på 1800-talet, men det var vanskeleg å bli einige om korleis dei skulle få det til. Og kven skulle dessutan gjennomføre eit slikt prosjekt?

Både språkforskaren og sunnmøringen Ivar Aasen og læraren og austegden Knud Knudsen var interessert i å utvikle eit norsk skriftspråk, og dei var stort sett einige om følgjande:

  • Det var eit viktig demokratisk prinsipp å ha ei befolkning som kunne lese og skrive.
  • Derfor burde det vere så liten forskjell mellom talespråket og skriftspråket som mogleg.
  • Ein nasjon er ikkje ein nasjon før han har eit eige skriftspråk.

Dei var derimot ueinige om korleis ein skulle gå fram. Det blei heilt avgjerande for at vi nokre tiår seinare hadde to skriftspråk i Noreg.

Ivar Aasens framgangsmåte – eit heilt nytt skriftspråk

Ivar Aasen ville, som P. A. Munch, lage eit heilt nytt skriftspråk. Vi var tidlegare inne på at Munchs idé om å ta utgangspunkt i norrønt og ein rein, norsk dialekt ikkje var så ulik Aasens idé. Aasen skapte nettopp eit heilt nytt norsk skriftspråk basert på norske dialektar og dei felles røtene til dialektane i norrønt. Og som Munch var Aasen oppteken av at dialektane skulle vere så upåverka av andre språk som mogleg.

Dermed reiste han rundt i Noreg for å samle inn språktrekk. Etter om lag 30 års arbeid hadde han laga eit heilt nytt, norsk skriftspråk. Skriftspråket blei kalla landsmål, og i tida fram til 1900 fekk Aasens landsmål større og større oppslutning.

Aasens idé om eit norsk landsmål var meir samlande og demokratisk, og dermed ei mykje meir radikal løysing enn den Munch hadde foreslått. Landsmålsprosjektet var òg eit solid spark på leggen til den norske eliten. Eit skriftmål basert på bygdespråka kunne løfte bondestanden og jamne ut sosiale forskjellar i folket, mellom anna fordi det senka terskelen for at barna utanfor byane skulle lære å lese og skrive.

Aasens løysing blir omtalt som målreisingslinja. Målreising betyr å jobbe for å løfte fram eit språk som før har vore underkua og hatt låg status.

Relatert innhald

Fagstoff
Ivar Aasen og landsmålet

Ivar Aasen vigde mesteparten av livet sitt til å skape eit norsk skriftspråk. Kva var det som dreiv han?

Knud Knudsens framgangsmåte – fornorsking av dansk

Knud Knudsen meinte Aasens prosjekt var for radikalt og trudde ikkje folk ville ta i bruk eit heilt nytt skriftspråk basert på bygdespråk. Han ville heller fornorske det eksisterande danske skriftspråket ved å byte danske trekk med meir norske trekk. Det var dette Wergeland hadde argumentert for nokre år tidlegare.

Knudsen tok ikkje utgangspunkt i dialektane, men i måten dei danna i byane snakka på når dei snakka uformelt seg imellom – den såkalla "danna daglegtalen". Denne uttalen var norsk, og dessutan var det lettare å få aksept for endringar om dei var i tråd med talespråket til makteliten. Og sidan han blei brukt i byar over heile landet, var han ikkje knytt til ein bestemd landsdel.

Somme av forslaga til Knudsen blei gjennomførte allereie på 1860-talet, men det var ikkje før i 1907 at fleire av fornorskingsidéane hans blei gjennomførte.

Knudsens løysing blir omtalt som fornorskingslinja.

Relatert innhald

Fagstoff
Knud Knudsen og riksmålet

Knud Knudsen er kjend for arbeidet sitt med å fornorske det danske skriftspråket. Han blir rekna som bokmålets far.

Landsmål og riksmål blir formelt likestilte

I 1885 kom jamstillingsvedtaket, som likestilte landsmålet med riksmålet som offisielt norsk skriftspråk. Aasens landsmål var eigentleg ikkje mykje i bruk fram til det. Korleis kunne likevel landsmålet vinne ein så stor siger?

Landsmålsrørsla og partiet Venstre

Noreg var på veg mot eit parlamentarisk styresett. I 1884 blei partia Venstre og Høgre stifta, og det var Venstre som skulle få avgjerande betyding for statusen til landsmålet. Bøndene fekk større politisk makt gjennom Venstre, som var partiet til bøndene. Landsmålstilhengjarar gjorde Venstres kamp for bonden si sak til også å bli ein kamp for retten hans til å bruke sitt eige språk når og kvar han ville. Og språket til bonden – ja, det var landsmål. Denne strategien gjorde det vanskelegare å støtte bøndene utan samtidig å støtte landsmålet.

Jamstillinga blir vedteken

Høgre støtta i hovudsak Knudsens fornorskingsprosjekt, medan mange i Venstre altså støtta landsmålet til Aasen. Og då spørsmålet om likestilling mellom skriftspråka blei lagt fram i 1885, var det Venstre som sat med regjeringsmakta. Forslaget vann med 78 mot 31 stemmer i Stortinget. Det er vanskeleg å seie om landsmålet hadde overlevd om det ikkje var for støtta det fekk i Venstre og hos ein stadig sterkare norsk bondestand – som i nasjonsbygginga var sjølve symbolet på den norske kulturen.

Kvar står dei to skriftspråka i dag?

Sidan jamstillingsvedtaket i 1885 har det ikkje vore politiske vedtak som endrar situasjonen til dei to skriftspråka; vi har framleis to likestilte skriftspråk. Skriftspråksdebatten i dag dreier seg i hovudsak om to forhold:

  1. Korleis skal vi stille oss til importord generelt, og engelsk spesielt?
  2. Kor stor plass skal sidemålsundervisninga ha i norsk skule?

Det er spesielt det nynorske skriftspråket som blir utfordra, og vi kan kjenne igjen somme av argumenta i dagens språkdebatt i argumenta frå 1800-talet. Det handlar i stor grad om ideologiar. Kvifor treng vi eit norsk språk, og korleis skal det sjå ut? Les meir om språk og ideologi:

Relatert innhald

Kjelder:

Christophersen, Tom m.fl. (1995). Grunnlinjer. Lærebok i norsk språk og litteratur VK1 og VK2. Norsk undervisningsforlag/Aschehoug.

Jahr, Ernst Håkon. (1989). Utsyn over norsk språkhistorie etter 1814. Novus forlag. Oslo.

Otnes, Hildegunn og Bente Aamotsbakken. (1999). Tekst i tid & rom. 4. utgåve 2012. Det norske samlaget. Oslo.

Språkrådet. (2020). Jamstillingsvedtaket. Henta frå: https://www.sprakradet.no/vi-og-vart/hva-skjer/aktuelt-ord/jamstillingsvedtaket/

Sørensen, Øystein. (2002). Språkutviklinga på 1800-tallet. I: Egil Børre Johnsen (red.). Vårt eget språk. H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard). Oslo.

Torp, Arne og Lars Vikør. (). Hovuddrag i norsk språkhistorie.










Skrive av Christian Lund.
Sist fagleg oppdatert 27.01.2021