Hopp til innhald
Oppgave

Kva kan du om svensk og dansk?

Test og auk kunnskapen din om skandinaviske språk. I kvar oppgåve skal du først sjekke forkunnskapane dine, deretter søkje nye kunnskapar – for så å teste på nytt. Målet er å kunne bruke fagomgrep om viktige likskapar og forskjellar mellom norsk, svensk og dansk.

Del 1: Test nabospråkforståinga di

Lytt til podkasten Norsken, svensken og dansken frå NRK.

  1. Forstår de alt som blir sagt?
  2. Kven forstår de best? Dansken eller svensken?
  3. Klarer de å forklare kvifor de eventuelt forstår det eine språket betre enn det andre?

Del 2: Historia til dei skandinaviske språka

Kor mykje kan du eigentleg om historia til dei skandinaviske språka? Test deg sjølv:

Del 3: Sjå film om skandinaviske språk

  1. Sjå filmen om nordiske språk under. Her får du informasjon som kan hjelpe deg med å gjere den førre oppgåva riktig.
  2. Gjer oppgåve 1 ein gong til.
Video: Snøballfilm / CC BY-NC-ND 4.0

Del 4: Test kva du kan om svensk

  1. Kor mykje kan du eigentleg om svensk? Test deg sjølv ved å gjere fyll inn orda-oppgåva under. Du får ikkje sjå løysinga. Årsaka er målet om å berre prøve éin gong for å sjekke forkunnskapane dine.
  2. Les det som står om svensk i artikkelen "Norsk møter svensk og dansk." Du finn lenkje til artikkelen under testen.
  3. Ta testen om igjen heilt til du får alle svar riktige.

Relatert innhald

Del 5: Test kva du kan om dansk

  1. Kor mykje kan du eigentleg om dansk? Test deg sjølv ved å gjere fyll inn orda-oppgåva under. Du får ikkje sjå løysinga. Målet er det same no som då du sjekka svensk-kunnskapane dine: Du skal berre prøve ein gong for å sjekke forkunnskapane dine.
  2. Les det som står om dansk i artikkelen "Norsk møter svensk og dansk."
  3. Ta testen om igjen heilt til du får alle svar riktige.

Del 6: Snakk om det

No har du testa deg sjølv og lese deg opp. Men det kan vere fint å snakke om det i tillegg, for då hugsar du det du har lært endå betre.

Gå saman i par og hjelp kvarandre med å kome på likskapar og forskjellar mellom norsk, svensk og dansk. De skal bruke fagomgrep og fullføre setningane under munnleg:

  • Når det gjeld svensk, synest vi nordmenn det er enklare å ...
  • Årsaka er at ...
  • Svenskane har eit par vokalar ...
  • Dessutan har svenskane lånord frå ...
  • Vi har meir problem med å forstå dansk ...
  • Den viktigaste årsaka er nok at ...
  • Til dømes vil ein danske seie ...
  • Eit anna fenomen som er heilt spesielt for dansk er ...
  • Det betyr at ...
  • Dei blaute vokalane kan ...
Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 09.02.2021