Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff

Faget norsk vg2 på NDLA

Bli betre kjend med strukturen og tankane bak innhaldet i norskfaget på NDLA.

Fullverdig læremiddel

I faget norsk vg2 SF på NDLA vil du finne fagartiklar, oppgåver, tidslinjer, læringsstiar, filmar og interaktive oppgåver som dekker alle kompetansemåla i norskfaget, NOR01‑07.

Vi har lagt vekt på å følge intensjonane i overordna del, kjerneelementa og tekstane som beskriv relevansen til faget og sentrale verdiar. Det vil seie at du vil finne fagressursar som skal få elevane til å utforske, vere kreative og skapande. Dei blir utfordra på å reflektere, sjå etter samanhengar, vere kritiske og gå i djupna. Vi har òg teke på alvor at norsk er eit sentralt fag for kulturforståing og identitetsutvikling. Gjennom tekstar og oppgåver vil elevane utfordrast til å finne stemma si, få eit nytt blikk på seg sjølv og "dei andre".

Oppbygginga av faget

Vi har valt å strukturere faget etter kjerneelementa. Under kvart kjerneelement er det fleire underemne. Her kan du lese om nokre grep vi har teke:

Skriveopplæring

Vi fører vidare grepa frå vg1 med modelltekstar og steg- for-steg-læringsressursar som styrker skriveferdigheitene til elevane. Oppdraga blir litt meir krevjande, og vi innfører nokre fleire omgrep for å sikre progresjon i skriveopplæringa.

Tematisk tilnærming

Under kjerneelementet "Tekst i kontekst" held vi fram med tematisk inndeling av ressursane. I vg2 legg læreplanen vekt på at elevane skal setje tekstar i ein kulturhistorisk kontekst og drøfte korleis tekstane er relevante i dag. Derfor vil det å trekke linjer mellom fortid og notid vere viktig både i oppgåvene og fagstoffet vårt under dei ulike temaa.

Undertema i vg2 er:

  • Kulturmøte og identitet

  • Kjønnsroller i tekstar

  • Naturen og mennesket

  • Memento more

  • Skam og ære

  • Mennesket og maktene

  • Familien i litteraturen

  • Heltar

  • Pesten kjem

  • Umogleg kjærleik

Kvart tema har ein fagartikkel som trekker linjene mellom eldre og nyare litteratur og dessutan fleire oppgåver som hjelper elevane til å utforske og gå i djupna.

Ny vinkling på språkhistoria

Kompetansemålet som omfattar heile språkhistoria, seier at elevane skal gjere greie for den historiske bakgrunnen for språksituasjonen i Noreg i dag. Vi har valt å ta utgangspunkt i dagens språksituasjon når vi tek opp dei sentrale hendingane i norsk språkhistorie. Ei rekke ulike artiklar, filmar og oppgåver skal hjelpe elevane til å forstå kvifor vi skriv og snakkar slik vi gjer i Noreg i dag.

Sjølv om kompetansemålet om nabospråka ikkje tek for seg forståing mellom desse språka, ønsker vi å bidra til nabospråkforståinga ved å lage nye ressursar til dette temaet.

Ikkje berre tematisk

I tillegg til tematiske inngangar til "Tekst i kontekst" vil du òg finne ressursar ordna kronologisk under temaet "Litteraturhistorie" og i den nyoppussa tidlinja vår "Språk- og litteraturhistorisk tidslinje".

Støtte til læringsarbeidet og planlegging

Metodane og tilnærmingane som ligg i overordna del, gjeld alle fag, og det har vi i NDLA teke på alvor. Vi har derfor laga eit eige "fag" som vi kallar Verktøykassa, det er delt i Verktøykassa for elevar og Verktøykassa for lærarar. Der ligg ressursar som både lærarar og elevar vil ha nytte av i planlegginga av undervisning og i læringsarbeidet.

Jobb tverrfagleg

Du kan jobbe med tverrfaglege tema i berre norskfaget, og då finn du ressursane ved å søke på temaet når du er i faget. Du kan òg la elevane jobbe med problemstillingar dei kan finne svar på ved å bruke ressursar frå fleire fag. Vi har samla fleire slike problemstillingar og casar i eit eige fag: Tverrfaglege tema.

Skrive av Marthe Johanne Moe.
Sist oppdatert 08.08.2025