Årsplan i norsk vg2 (SF) - Norsk (SF vg2) - NDLA

Hopp til innhald
Veiledning

Årsplan i norsk vg2 (SF)

I dette forslaget til årsplan ordnar vi undervisninga i skjønnlitteratur og sakprosa tematisk.

Ei moglegheit når du ordnar undervisninga tematisk, er å bruke oppstarten til å la klassen velje kva tema dei vil fordjupe seg i. Som du ser av årsplanen under, opnar vi for denne moglegheita. Då vil sjølvsagt planlegginga av tekstar kome an på kva tema klassen vel.

Vi set opp fire tema her som eit døme på korleis ein tematisk årsplan kan sjå ut: Skam og ære/kjønnsroller, Memento Mori, Mennesket og naturen og Familien.

I planen finn du nokre av ressursane du kan bruke for å dekkje kompetansemåla i faget. Fleire ressursar finn du under dei ulike temaa i faget.


Skrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 04.08.2021