Oppgåve
Utforsk utanforskap
Det å verkeleg forstå eit så vidt omgrep som utanforskap krev at vi går i djupna i fagstoff, tekstar og forteljingar om temaet. Her utforskar du omgrepet gjennom å diskutere, lese og reflektere.
Oppgåve 1. Kva er utanforskap?
Diskuter i grupper på fire–fem personar:
- Kva kan ordet "utanforskap" bety?
- Kva grupper og/eller individ trur de er spesielt utsette for utanforskap?
- Viss nokon er "utanfor", må det òg bety at nokon er "innanfor". Kven kan desse som er "innanfor" vere?
- Spør heime kva dei legg i omgrepet utanforskap. Viss du har eit anna morsmål enn norsk, finn ut kva omgrepet heiter på morsmålet ditt og diskuter det med nokon andre som snakkar språket.
Oppgåve 2. Kva er andregjering?
- Finn ein definisjon på omgrepet "andregjering" frå lenka under og skriv eit avsnitt om kva det omfattar. Ta med eit døme på andregjering som du finn på nettstaden Dembra:
Vi, de andre og andregjøring - Kan dette omgrepet hjelpe oss til å gi ei meir nyansert forståing av utanforskapsomgrepet?
- Finn døme på bruken av "vi" og "dei andre" frå di eiga sosiale verd. Kven blir inkluderte som "vi" , og kven blir ekskluderte som "dei andre"?
- Les artikkelen "I Norge respekterer vi hverandre" i Morgenbladet og diskuter bruken av "vi" i desse utsegnene: "I Norge håndhilser vi på hverandre" og «I Norge spiser vi svin, drikker alkohol og viser ansiktet vårt».