Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Interaktivt innhald

Tre kommareglar du må kunne

Kommareglane kan verke uoverkommelege. Men visste du at du kjem veldig langt med å lære deg tre av dei?

1. Alltid komma når du startar med ei leddsetning

Du skal setje komma når ei leddsetning kjem først i ei heilsetning:

  • Når leddsetninga står først, skal du setje komma.

  • Då vi gjekk, sovna han.

  • Viss du køyrer for fort, får du bot.

Kva er ei leddsetning?

Ei leddsetning er ei setning som ikkje gir meining om ho står åleine. Derfor står ho som del av ei heilsetning.

  • Vi liker at ho kjem tidleg heim. ("at ho kjem tidleg heim" er leddsetning).

  • Viss du drikk brus, må du pusse tennene. ("Viss du drikk brus" er leddsetning).

  • Blomen visna då vi drog. ("då vi drog" er leddsetning).

Som du ser, skal du berre bruke komma når leddsetninga står først i heilsetninga.

Jukseregel

Viss du synest det er vanskeleg å identifisere leddsetningar, kan du lære deg denne regelen: Når du startar ei setning med eit av desse orda, skal du sannsynlegvis ha komma:

  • når

  • viss

  • at

  • fordi

2. Alltid komma når du bind saman to heilsetningar

Når du bind saman to heilsetningar med og, eller, men og for, skal du alltid ha komma mellom dei.

  • Han åt, og han sov. (To heilsetningar: "Han åt" og "han sov")

  • Vi drog til byen, og ho besøkte bestemor. (To heilsetningar: "Vi drog til byen" og "ho besøkte bestemor")

  • Vil du dra heim, eller vil du bli? (To heilsetningar: "Vil du dra heim" og "vil du bli")

Korleis kjenne igjen ei heilsetning?

Ei heilsetning kan stå åleine.

Døme: Han åt, og han sov.

  • "Han åt" gir meining åleine, og det same gjer "han sov".

Døme: Han åt og sov.

  • "Han åt" kan stå åleine, men ikkje "sov". Det er altså berre "Han åt" som er ei heilsetning, og derfor skal det ikkje vere komma før "sov".

Ei heilsetning har både subjekt (S) og verbal (V).

Døme: Han (S) åt (V), og han (S) sov (V).

Døme: Han (S) åt (V) og sov (V).

  • Den siste setninga har ikkje subjekt etter "og". Då er det ikkje ei heilsetning, og det skal ikkje vere komma.

3. Alltid komma på begge sider av innskoten leddsetning

Du skal ha komma på begge sider av ei innskoten leddsetning som ikkje er nødvendig i heilsetninga.

  • Den gamle mannen, som går der borte, er ein grei kar.

  • Hesten, som vi kjøpte i fjor, har vunne alle løpa.

  • Henrik Ibsen, som var forfattar, var ikkje spesielt høg.

Test deg sjølv

Har du forstått det? Test deg sjølv i dei tre kommareglane:

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 05.01.2026