Oppgåve
Tilleggsstoff
Lyrikkanalyse: avslutning
Når fire-fem avsnitt om viktige verkemiddel i diktet er klare, er det på tide å lage ei avslutning. Og her står du ganske fritt.

Kva skal vere med i ei avslutning?
Kanskje du kan samanfatte observasjonane dine og komme med ein slags konklusjon om korleis tema og verkemiddelbruk heng saman? Du kan også reflektere ope rundt temaet i diktet: Er det ein allmenngyldig tematikk menneske vil kjenne seg igjen i til alle tider?
Oppgåve
Sit i treargrupper. No skal de rett og slett konkurrere i klassen om kven som skriv den beste slutten, med medelevane i klassen som dommarar! Konkurransen går føre seg på denne måten:
- Den på gruppa som synest at han eller ho har ein god idé og som er den ivrigaste, skriv den første setninga i sluttavsnittet på eit ark.
- De andre får ikke sjå på!
- Deretter går lappen vidare til nestemann, som også skriv ei setning, igjen utan at de andre ser på.
- Hald fram på same måten og ta to rundar med skriving, slik at avsnittet blir på seks setningar til saman. Kvar person på gruppa skal altså skrive to setningar.
- Til slutt leverer de avslutninga til læraren, som les opp alle saman.
- Klassen stemmer over kva for ei avslutning som er best!