Oppgåve
Lyrikkanalyse: tema
Skriv eit avsnitt om temaet i diktet.
Skriv om temaet
Du har jobba grundig med diktet. Kanskje har du fått bekrefta førsteinntrykket ditt av kva som er temaet i diktet, eller kanskje har du endra oppfatning etter at du har nærlese teksten.
No skal du gjere kort greie for kva du har komme fram til.
Skriv ei kort temasetning der du formulerer temaet med så få ord som mogleg.
Skriv eit par setningar til der du utdjupar og forklarer.
Bruk gjerne nokre sitat frå diktet som "bevis" som støttar opp under forklaringane dine.