Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Lyrikkanalyse: innleiing

Øv deg i å skrive innleiingsavsnitt: Presenter diktet "Mareritt i eventyrskogen" av Petter Solberg.

Oppgåve. Skriv eit innleiingsavsnitt

I innleiinga skal du presentere dikt og forfattar og beskrive motivet. Nemn tittel, forfattar, årstalet då diktet vart gitt ut, og gjerne diktsamlinga som diktet er henta frå. Biografiske opplysningar om diktaren tek du berre med dersom dei er relevante for analysen. Derimot skal du alltid skrive noko om motivet i diktet.

Del 1: Presenter tekst og forfattar

Les diktet "Mareritt i eventyrskogen" av Petter Solberg.

Til vanleg tek du med biografiske detaljar berre dersom dei er relevante for analysen. Men her skal du øve deg. Ta derfor med denne informasjonen i starten:

  • Petter Solberg, f. 1986, frå Kristiansand

  • jobbar med både kunst og litteratur

  • "Mareritt i eventyrskogen" – først publisert på ndla.no i 2013

Diktet "Mareritt i eventyrskogen" …

Del 2: Presenter motivet

Skriv tre-fire setningar om den konkrete situasjonen eller opplevinga som diktet skildrar. (Nokre dikt kan også fortelje ei historie, dei kan likne på draumar osv.)

Motivet i dikter er...

Del 3: Beskriv stemninga i diktet

Finn eitt eller fleire presise adjektiv, og skriv to-tre setningar som karakteriserer stemninga diktet formidlar.

Diktet er prega av ei … stemning ...

Relatert innhald

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 05.12.2025