Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Lyrikkanalyse: tekstbinding

Du gjer det enklare for lesaren å forstå korleis du har tenkt dersom du bind saman setningar og avsnitt på ein logisk måte.

Oppgåve

Under ser du tre avsnitt frå ein diktanalyse. Det er tre avsnitt med gode observasjonar og refleksjonar om besjelingar og kontrastar i diktet "Mareritt i eventyrskogen". Men eleven som har skrive avsnitta, har ikkje klart å binde saman setningane på ein logisk måte.

Kan du

  • binde setningane godt saman?
  • skape samanheng mellom avsnitta?

Sjå ein oversikt over dei vanlegaste tekstbinderane.

Elevtekst

Eit sentralt verkemiddel i diktet er besjelingar. I det første avsnittet finn vi ei heil rekke besjelingar. Dei er brukte til å skape ei dyster og skummel stemning. Det står at "høstløv skriker", at "røtter famler" og at "blødende klippevegger løper langs en eng som sover / og kaster stein på lille Rødhette". Naturen har fått liv og verkar framand og trugande, nesten som i ein skrekkfilm eller ein vond draum. Stemninga blir sett med ein gong vi begynner å lese. Vi blir førte inn i ei uhyggeleg verd. Vi skjønner at stemma i diktet er plaga av noko vondt.

Diktet er bygd opp rundt kontrastar. Det finst ei rekke ord i diktet som er knytte til barndommen. Dei er alle positivt ladde. Dei fortel om ei trygg verd der alt endar godt. Positivt ladde ord i diktet er "eventyrskogen", "den gode slutten", "drømmene" og "bestemor". Vesle Raudhette og nissen er to fantasifigurar som små barn oppfattar som verkelege. Dei får barna til å tenke på hyggelege opplevingar og "den gode slutten".

Dei positivt ladde orda om barndommen står saman med negativt ladde kontrastord: I eventyrskogen ventar "mareritt", nissen er "avslørt", den gode slutten er "fordekt av urokkelig sannhet" og bestemor har "råtnet". Barndomsverda har rakna. Tryggleiken er borte. Stemma i diktet er lei seg og resignert: "Barnehender søker / over kistelokket / Husker en siste gang / før fornuften glemmer."

Løysingsforslag

Slik kan teksten sjå ut med god bruk av tekstbindarar:

Eit sentralt verkemiddel i diktet er besjelingar. I det første avsnittet finn vi ei rekke besjelingar, og dei er brukte til å skape ei dyster og skummel stemning. Til dømes står det at "høstløv skriker", at "røtter famler" og at "blødende klippevegger løper langs en eng som sover / og kaster stein på lille Rødhette". Naturen har fått liv og verkar framand og trugande, nesten som i ein skrekkfilm eller ein vond draum. På denne måten blir stemninga sett med ein gong vi begynner å lese. Vi blir førte inn i ei uhyggeleg verd og skjønner at stemma i diktet er plaga av noko vondt.

Diktet er i tillegg bygd opp rundt kontrastar. På den eine sida finst det ei rekke ord i diktet som er knytte til barndommen. Dei er alle positivt ladde og fortel om ei trygg verd der alt endar godt. Døme på slike positivt ladde ord i diktet er "eventyrskogen", "den gode slutten", "drømmene" og "bestemor". Også vesle Raudhette og nissen er to fantasifigurar som små barn oppfattar som verkelege. Dei får barna til å tenke på hyggelege opplevingar og "den gode slutten".

På den andre sida står dei positivt ladde orda om barndommen saman med negativt ladde kontrastord: I eventyrskogen ventar "mareritt", nissen er "avslørt", den gode slutten er "fordekt av urokkelig sannhet" og bestemor har "råtnet". Desse karakteristikkane fortel at barndomsverda har rakna og at tryggleiken er borte. Derfor er stemma i diktet lei seg og resignert: "Barnehender søker / over kistelokket / Husker en siste gang / før fornuften glemmer."

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 10.12.2025