Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Tilleggsstoff

Lyrikkanalyse: Samskriv om eit verkemiddel

Du har allereie fått prøvd deg på å skrive eit avsnitt om verkemiddelbruk aleine. No skal du skrive eit avsnitt saman med to medelevar.

Oppgåve. Samskriv om diktet

Jobb saman i grupper på tre. Bruk gjerne eit del dokument de alle kan skrive i, og gå fram slik:

  1. De skal skrive om kontrastane i diktet "Mareritt i eventyrskogen". Ha diktet framfor dykk som hjelp medan de skriv.
  2. Ein på gruppa opnar eit samskrivedokument og inviterer inn dei to andre på gruppa, og læraren.
  3. Snakk saman før de set i gang med å skrive. De må vere samde om kva de vil legge vekt på. Finn tre-fire døme frå teksten som de vil bruke som "bevis". Kopier notata dykkar over i samskrivedokumentet.
  4. Den yngste på gruppa skal ta for seg tema- og kommentarsetningane, den nest eldste flettar inn sitat, medan den eldste skal skrive om kva slags funksjon kontrastane har i teksten.
  5. Be læraren kommenåsatere undervegs medan de skriv. Dessutan må alle tre lese godt over heile avsnittet når de er ferdige, og passe på at setningane heng godt saman.

Nyttige uttrykk og setningar

Her er nokre uttrykk og setningar som kan passe i eit avsnitt om kontrastar. Kopier gjerne lista over i samskrivedokumentet dykkar og ta det de har bruk for.

  • stemma i diktet
  • det lyriske eget
  • verdiladde ord
  • konnotasjonar
  • kontrastar
  • kontrastord
  • Diktet er bygd opp rundt kontrastar.
  • På den eine sida har vi ord som …
  • På den andre sida ...
  • Felles for orda som handlar om barndommen er at …
  • Ord som er brukte om barndommen er til dømes …
  • I tillegg er det brukt ord som "…" og "..." for å vise …
  • Om vaksenlivet, derimot, er det brukt ord som …
  • Dessutan skildrar diktet …
  • Slik får desse kontrastane fram …

Litt hjelp

Sjå på forholdet mellom orda som står for barndommen og orda som beskriver barndommen.

Ord som representerer barndommen

lille Rødhette

Den gode slutten

Nissen

Bestemor

drømmene

barnehender

Ord som beskriver hvordan barndommen var

kaster steiner på

gjemt mellom to permer

fordekt av urokkelig sannhet

avslørt

råtnet

borte

kistelokket

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 05.12.2025