Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Lyrikkanalyse: tema

Skriv eit avsnitt om temaet i diktet.

Skriv om temaet

Du har jobba grundig med diktet. Kanskje har du fått bekrefta førsteinntrykket ditt av kva som er temaet i diktet, eller kanskje har du endra oppfatning etter at du har nærlese teksten.

No skal du gjere kort greie for kva du har komme fram til.

  1. Skriv ei kort temasetning der du formulerer temaet med så få ord som mogleg.

  2. Skriv eit par setningar til der du utdjupar og forklarer.

  3. Bruk gjerne nokre sitat frå diktet som "bevis" som støttar opp under forklaringane dine.

Teksten i illustrasjonen "Modellavsnitt"

Temasetning

Temaet i diktet er korleis byen påverkar mennesket negativt.

Utdjuping

Gjennom heile diktet blir byen skildra som trugande og forvirrande, han er ein stad der mennesket ikkje kan føle seg heime.

Sitat

Det lyriske eget kjenner seg framandt og redd i "betongjungelen", og vil berre rømme frå "de stirrende gatelampene". I siste del av diktet kjem temaet endå tydelegare fram. Her flyktar det lyriske eget inn i naturen, som blir skildra som det motsette av byen og som "en drøm".

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 03.08.2026