Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Korleis skrive om funksjonen til verkemiddelet?

Du har sikkert høyrt læraren din seie: "De må hugse å skrive om kva funksjon verkemiddelet har". Mange elevar synest det er vanskeleg å få dette til på ein god måte, men øving gjer meister. Her finn du både tips, øvingar og svarforslag.

Del 1: Bli kjend med teksten

Denne øvinga tek utgangspunkt i teksten "Tusen tegninger" av Karpe. Derfor bør du aller først nærlese diktet. Det vil seie at du

  1. les diktet fleire gonger og prøver å formulere det du meiner er temaet
  2. markerer det du meiner er dei viktigaste verkemidla i diktet
  3. diskuterer funna med andre i klassen

Del 2: Funksjonen til verkemidla

Under kan du lese utdrag frå ulike tekstar som handlar om kva funksjon verkemiddelet kontrast har i "Tusen tegninger".

  • Samanlikn korleis verkemiddelet kontrast i "Tusen tegninger" blir skildra i tekst A og tekst B.

  • I kva tekst er dette gjort best, og kvifor?

Tekst A

Kontrastane "svart-kvitt" og "rik–blakk" gjer songen meir spennande.

Dei fører til at vi les diktet på ein annan måte. Det er lettare å tenke seg kva kvart ord betyr.

Kontrastane skaper ei negativ stemning fordi det står "svart–kvitt" og "rik–blakk".

Dei skal fange merksemda til lyttaren.

Tekst B

Kontrastane "svart–kvitt" og "rik–blakk" viser at det lyriske eget er komplekst.

Dei understrekar at vi ikkje må dømme folk etter førsteinntrykket.

Bruken av kontrastar i starten etablerer temaet: Vis toleranse for andre.

Ved å bruke kontrastar viser Karpe kva for fordommar muslimer møter.

Fasit

Tekst B er best. Alle setningane viser korleis verkemiddelet styrker temaet. I tekst A betyr eigentleg ikkje setningane noko. Dei er berre "fyll–setningar".

Del 3: Prøv sjølv!

Teksten under prøver seg på å seie noko om metaforen "For jeg var fuglen på bakken, og han var tvunget til å ville kappe vingene av meg før jeg fikk sunget", men lykkast heller ikkje denne gongen.

Skriv om slik at du forklarer korleis metaforen styrkar temaet i songen.

Metaforen "Jeg var fuglen på bakken" skal få lesaren til å sjå for seg biletet og situasjonen.

Svarforslag
  1. Ved å bruke metaforen "Jeg var fuglen på bakken" framstiller forfattaren det lyriske eget som noko forsvarslaust, ein skremd fugl som ikkje kan forsvare seg mot "dei andre" sine blikk.

  2. Når stemma i diktet bruker metaforen "kappe vingene av meg", viser ho korleis det kjenst å bli møtt med fordommar på grunn av namn og utsjånad: Det er som å miste fridommen, slik ein fugl mistar fridommen sin til å fly om han mistar vengene sine.

  3. Fuglemetaforen får fram korleis det er å bli sett på som annleis og ikkje passe inn i samfunnet.

Del 4: Fullfør avsnittet

Avsnittet under handlar om rima i diktet. Det har ei eksemplarisk temasetning, gode kommentarsetningar og fine døme frå teksten.

No vil skrivaren gjerne avslutte avsnittet med å vise korleis verkemiddelet får fram temaet, men står fast. Kan du hjelpe?

  • Skriv tre–fire setningar.

Eit sentralt verkemiddel i teksten er rim. Først og fremst er det mykje bruk av enderim. Det siste ordet rimar innimellom på andre ord: "blakk–drakk" og "hvitt–litt". I tillegg er det brukt friare rim der til dømes same vokal blir gjenteken: "Lurte på hvorfor jeg ikke tar de valga de tar / Du kan'kke gi Gud, så bare gi faen".

Svarforslag

Eit sentralt verkemiddel i teksten er rim. Først og fremst er det mykje bruk av enderim. Det siste ordet rimar innimellom på andre ord: "blakk–drakk" og "hvitt–litt". I tillegg er det brukt friare rim der til dømes same vokal blir gjenteken: "Lurte på hvorfor jeg ikke tar de valga de tar / Du kan'kke gi Gud, så bare gi faen". Teksten er laga for å bli sungen, og i hip-hop er rytmen viktig. I tillegg vil visse ord bli lagt vekt på. I setninga der a-lyden blir gjenteken, blir funksjonen at teksten framstår meir aggressiv. Frustrasjonen til stemma i diktet blir forsterka mot slutten av denne strofa når rima skaper ein bestemd rytme.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 26.11.2025