For godt til å vere sant? - Kjeldekritikk - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
For godt til å vere sant?

Fagartikkel

Kjeldekritikk

Sidan du bruker informasjon til å ta avgjerder, må du kunne vurdere om informasjonen du finn på nettet og andre stader, er så god at du er villig til å lite på han. Det kallar vi kjeldekritikk.

Det kan vere vanskeleg å vurdere kvaliteten på informasjonen du finn. Der er derfor viktig at du stiller ein del kritiske spørsmål.

Kvar er informasjonen publisert?

Kvar informasjonen er publisert, kan seie mykje om kvaliteten. Til vanleg kan du for eksempel stole meir på informasjon som finst på offentlege nettsider, i digitale oppslagsverk, fagtidsskrift og bransjesider enn på bedriftssider og private nettsider.

Kven har skrive og publisert informasjonen?

Kven har skrive informasjonen? Har nettsida nokon ansvarleg redaktør eller utgivar som går god for innhaldet? Dersom det ikkje er tydeleg kven som står bak informasjonen og nettsida som publiserer artikkelen, bør du passe for deg å stole på han.

Wikipedia og liknande oppslagsverk som alle kan redigere, er eit særskilt problem i denne samanhengen. Trass i at det er ein kjend nettstad, og informasjonen stort sett er både oppdatert og korrekt, veit du ikkje kven som har skrive stoffet, og det er heller ingen som er direkte ansvarleg for at innhaldet er korrekt. Det kan derfor vere nyttig å kryssjekke informasjonen mot andre kjelder.

Video: Odd Magne Myre / CC BY-SA 4.0

Kvar stammar informasjonen opphavleg frå?

Mange nettsider gir berre att informasjon dei har funne andre stader. Jamvel om den opphavlege kjelda er truverdig, kan informasjonen vere redigert, eller det kan ha snike seg inn feil når teksten vart kopiert. Prøv derfor alltid å finne fram til den opphavlege kjelda for informasjonen. Då unngår du også problem med at kjeldeinformasjonen kan vere oppdatert etter at han vart kopiert.

Kvifor er informasjonen publisert?

Å skrive og publisere informasjon på nettet krev tid og arbeid. Dei fleste har derfor eit mål med den informasjonen dei legg ut. Mange bedrifter, organisasjonar og privatpersonar har interesse av å leggje ut informasjon som er nyttig for dei som stør saka deira. Reklame er eit godt eksempel, men det er ikkje alltid like lett å sjå at den informasjonen du finn på ei nettside, eigentleg er reklame.

Du må derfor vurdere om formålet med informasjonen er å informere eller påverke, og om han inneheld fakta eller meiningar.

Verkar informasjonen truverdig?

Er informasjonen nøytral eller einsidig? Stemmer han med det du veit om emnet frå før? Verkar informasjonen overdriven?

Korleis ser sida ut?

Sjå på design, rettskriving og språk. Ser nettsida ut til å vere skriven av amatørar eller profesjonelle? Finst det kontaktinformasjon til forfattaren eller den som har laga sida? Inneheld sida reklame eller annonsar som verkar useriøse?

Relatert innhald

Oppgåver og aktivitetar
Kva er god informasjon?

Tilgang til informasjon som vi kan stole på, har vorte så viktig at kvalitetssikring av informasjon er eit eige fagområde. Kva er god informasjon?

Skrive av Arne Jansen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 04.03.2017