For godt til å vere sant? - Introduksjon - Norsk (SF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Læringssti

Du er no inne i ein læringssti:
For godt til å vere sant?

Introduksjon

Kor mykje stolar du på det som dukker opp på sosiale medium? Du og andre deler andres innhald, ofte utan å tenkje over om innhaldet er sant. I denne læringsstien skal du arbeide med ei konkret sak. Etter å ha fullført stien skal du:

  • kunne forklare kva falske nyheiter er og korleis dei blir spreidde
  • vite korleis du kan gå fram for å avdekke falske nyheiter og hindre at dei blir spreidde
  • kjenne til korleis kunnskap i fleire fag kan hjelpe deg til å vere ein kjeldekritisk og aktiv medborgar